Hovudside
Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal |
Masfjorden
Kraftverk Artiklar
|
|
|
|
|
Forfattar: BKK (30.06.2003) Det var inga småsak pionerane gjekk i kast med då dei bestemte seg for å hente krafta ned frå fjellet. Dei gjekk laus på oppgåva med muskelkraft og handreiskap. Men sanneleg - det står solide merker igjen i gråberget etter dei. Mange av dei tidlegaste anlegga har gjort teneste like til vår tid. Dette er Noreg
Meir enn dei fleste andre nyvinningar har elektrisiteten
skapt forandringar for folk sin levestandard og livsvanar. Den er blitt
nødvendig og selvfølgeleg.
Særleg er det slik i Noreg - eit av dei land i verda som er rikast på energi i forhold til folketalet. Vannkraft, olje/gass og kol høyrer til vår nasjonalformue av naturressursar. Men det er vannkraften som er den edle varen, den reine og miljøvennlege energiformen. Og den er evig som nedbøren. Tida
Gjennom mangfoldige slektledd hadde nordmenn vore leiglendingar under danskar og svenskar. Næringsverksemda hadde tradisjonelt vore småskoren og beskjeden - bortsett kanskje frå skipsfarten. Landet dreiv i ei europeisk bakevje. Naud var eit kjent begrep. Mange hadde reist over havet for å finne levemåten i Amerika. Men det fantest også ein velståande klasse, ofte rikmenn med sans for kvalitet. Mange ev dei var med på å skape nytt næringsgrunnlag. Dei støtta initiativ, dei reiste monumentale bygg og starta nye bedrifter. Visst fanst det også industri - og den var ambisiøst voksande. Ved nesten kvar ein bekk på Vestlandet grodde det opp ein fabrikk. Teknikken kunne hente ufattelege mengder energi ut av elva, men enno i nokre tiår var det ein relativt stadbunden kraft - nesten som den gamle bygdemølla. Det tok lang tid før ein var i stand til å frakte store kraftmengder over lengre avstandar. Det vart kamp og kjøpslåing om vassdraga, pengar og ideár vart investert, grunnlaget vart lagt for den moderne industrinasjonen og den gode levemåten. I begynnelsen av hundreåret var Noreg fattig, men
rikt i potensiale. Mot slutten av hundreåret kan me konstatere at
rikdommen er gjort til allemannseige og har bragt oss opp i det øvre
sjikt av velståande nasjonar. Me kan ikkje tilskrive vannkrafta all
ære for utviklinga, men det er neppe grunn til å tvile på
at den har spelt ein betydeleg rolle.
|
|
Webredaktør: Magne Opdal |