Hovudside
Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal |
Masfjorden
Kraftverk Artiklar
|
|
|
|
|
11.06.2004 Forfattar: Ingunn Halvorsen Nettsentralen har vore på tur til Sognefjorden, men ikkje for å sjå fagre fjell og fruktbløming. Grunnen er at straumnettet i Nordhordland, Gulen og Høyanger sør no skal styrast frå sentralen på Kokstad. - Nede ved fjorden her ser de linjebrytar nummer 7792. Når straumen går, er det særleg sjukeheimen og smoltanlegget som brukar å ringja, fortel guide Gjert-Rune Daae. Reisefølgjet i minibussen strekkjer hals og noterer ivrig på kartet. - Han som har stukke denne linja må nedstamma frå ei fjellgeit, kjem det tørt frå bakarste rad. Høgspentleidningen frå 1950-talet har ikkje akkurat funne den lettaste vegen der han slyngjer seg langs sørsida av Sognefjorden. Mil etter mil
Treng lokalkunnskap
- Det tar tid å byggja opp kompetanse om det nye området,og slike turar gjev høve til ei viktig kunnskapsoverføring. Vi vil også i framtida støtta oss på dei lokalkjende montørane, påpeikar han. Distribusjonsnettet i Nordhordland, Gulen og Høyanger
sør har ca. 1200 kilometer høgspenningsnett. Omlegginga til
styring frå Kokstad har kosta omlag 2 millionar kroner, som vil vera
spart inn i løpet av fire år.
|
|
Webredaktør: Magne Opdal |