Hovudside
Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal |
Masfjorden
Kraftverk Artiklar
|
|
|
|
|
Tekst og Foto: Mona Mekki 18.07.2004 Det var ein gong ein mann, Anders Nilsen Hest, som på slutten av 1800-talet reiste frå den vesle bygda Jordal i Sogn til Matre i Nordhordland. Skomakar var hans yrke, men det ga ikkje nok inntekter for å tjene til livets opphald for ein familie med elleve born. Skomakaren blei vegarbeidar, vedlikeholdsarbeidar og malar. Han var ein aktiv og vel ansett mann i bygda, og han påtok seg gjerne dei vanskeligaste og mest utfordrande oppgåver. Som for eksempel då ledelsen i Matrefaldene A/S
ein gang på 1950-talet skulle foreta innvendig vedlikehold av trykkrøyret
til gamle Hommelfoss kraftverk.
Mannen som blei tilkalt, var Anders Nilsen Hest. Han hadde dei kvalitetar som skulle til for å utføre jobben. Han var tøff, uredd og nøyaktig, og han var liten av vekst. Nesten loddrett langs fjellsida låg røyret der, og så trangt at en knapt kunne tru det var plass til en mann inni. Det var litt av et vågestykke! Men skomakaren og hans medhjelpar Ole B. Matre gikk i gang. Fastbunden i et tau, hengande inne i røyret, hamra og malte skomakaren. Sterke stoffer og intens banking må ha gjort jobben til eit mareritt. Masker og hørselsvern var ukjente begrep på den tida. Det gamle klinkbygde trykkrøyret stuper seg nedover fjellsida mot den gamle kraftstasjonsbygningen. På det brattaste har røyret ein hellingsvinkel på over 60 grader. Magnus
Bjørnevoll viser størrelsen på trykkrøyret.
© Frå BKK - NYTT august 95. (Red. anm. Den gamle røyrgata vart fjerna i 2007)
|
|
Webredaktør: Magne Opdal |