Hovudside
Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal |
Masfjorden
Kraftverk Artiklar
|
|
|
|
|
Forfatter: BKK (01.09.2002) Matre- og nabovassdraga var et komplekst system å bygge ut. Ein som i ettertid har studert reguleringar, kart og terreng, og som er imponert over ingeniørane sine utradisjonelle løysinger, seier: «Det ser jo ut som om de har fått vannet til å renne oppoverbakke!» Vedtaket om å bygge ut Matrefalla blei gjort av BKK i 1951. Dette innleda ein ny generasjon anleggsarbeid, utvikling av eit bygdesamfunn, styrking av ein kommune, sikring av kraft for landsdelen... kort sagt:Det var i og for seg ikke sjølvsagt at Matre-utbygginga skulle komme akkurat då. BKK - som fylkets store elveeigar - hadde nemleg også retten til Eksingedalsvassdraget, Teigdalsvassdraget og Tyssenvassdraget. Samtidig med Matre-rettane fekk selskapet dessutan også hand om Førdevassdraget i Høyanger og Steinslandsvassdraget i Modalen. I tillegg drøfta man utbygging av Osavassdraget, der staten sto som eigar. Men valget fall på Matre. Eller rettere sagt: I første omgang på Haugsdalsvassdraget som er det eine av dei to nabovassdraga i fjellområdet. I motsetning til Dale, blei kraftstasjonen i Masfjorden anlagt inne i fjellet. Bak dette låg både ny teknikk og ny tenkning. Røyrledningar i dagen var det slutt på, berre koplingsanlegget skulle fortsatt ligge utandørs.
Spesielt for Matre er det at to uavhengige vassdrag er bygd ut til samme stasjon. I éin fjellhall står aggregata både for Haugsdals- og Matrevassdraget, trass i separate vannvegar og ulik fallhøgde. Fjellområdet man nå hadde gjeve seg i kast med, strekkjer seg over grensen mellom fylka Sogn og Fjordane og Hordaland - og over kommunegrensene for Masfjorden, Modalen, Lindås, Høyanger og Gulen. Utbygginga kom til å strekke seg, nokså sammenhengande, over tre fulle tiår, frå våren 1952 til jula 1982. Og så - etter nokre års pause - kom kraftutbyggarane attende for å perfeksjonere sitt nett. Området er dei mange «vatn,s land», ein mosaikk å skape heilheit av ved hjelp av dammar og tunnelar. Bit for bit blei systemet utvikla. Rekkefylgja av kraftverk og reguleringer:
Kontrakt
BKK blei den av dei «seinare eigarane» som kom til å stå for utbygginga. Den samla kjøpesummen «udgjør ialt kr. 11.660,- erlægges kontant mod heftelsesfrit thinglæst skjøde i kontraktsmessig stand. Det solgte overdrages frit for odel, kaar, generende servituter og heftelser.» Men selgaren tok likevel unna en del fordelar, som vanlig var ved denne forma for eigedomshandel. Skjøtet nevner ei kvern, ei sag og veirettar. Dessutan: «Dersom kjøberen eller senere eiere maatte ønske det, har de ret og plikt til at ombytte kraften for kværnen og sagen med elektrisk kraft...» Som det framgår av eit utklipp, får selgaren også rett til - som ein del av handelen - å lyse opp huset sitt med «8 stk. glødelampar». ---------------------------------------------------------------------------------------------------------
|
|
Webredaktør: Magne Opdal |