Utbyggingsentusiasme
og - tvil
1962. Dam Ø. Storevatn i Masfjorden. Johs. Sandal
i bildet.
BKK toppa anleggsaktiviteten sin midt i 60-åra med
ein "hær" på 500 mann rundt om i fjellheimen. Selskapet var
då den største entreprenøren i Hordaland. Matreutbygginga
heldt fram, og eit nytt storverk var kome til: Teigdals- og Eksingedalsvassdraga
med
kraftstasjon i Evanger.
Inga utbygging var for komplisert, inga oppgåve
for stor. Utbyggjarane var komne langt i teknikk og røynsle. Det
var i det heile ei tid utan for mange spørsmålsteikn og barrierar.
"I februar 1963 kom den første anleggsgjengen til
Evanger, og så sette vi i gang. Konsesjonen vart gjeven i
1966; så... du kan seia at vi starta i god tid",
fortel ein av dei som var med. Dette illustrerer på ein grei måte
utbyggingsentusiasmen som rådde både i selskapet og i samfunnet.
Evanger vart ei kjempe, i storleik enno nummer ni av kraftverk
i landet, med ei samla yting på 330 MW. Driftstunnelen for Evanger
(bygd gjennom 60- og 70-åra og teken i bruk i etappar) sette verdsrekord
med 34 kilometers lengd og 30 kvadratmeters tverrsnitt.
I heile etterkrigstida og fram til i dag har BKK drive
kontinuerleg utbygging; det eine anlegget overlappa det andre. Etter Bergsdalen
kom Matre, Evanger, Ulvik og Modalen. Og støtt vende ein tilbake
til tidlegare utbyggingsområde for komplettering og vidareføring.
1964. Dumpere som ble brukt til steintransport ved Svartevatn
i Masfjorden.
Selskapet hadde vorte ein stor arbeidsgjevar med fagfolk
i mange profesjonar. Snautt noko selskap eller nokon etat - vegstellet
medrekna - kunne mønstra så høg ekspertise på
stein og sprenging.
Perioden fekk like mykje å seia for kraftutbygginga
som "rallartida" for jernbanen.
BKK var eit tverrfagleg miljø og sjølvhjelpt
på alle område innan elektro, bygg og drift. Kraftetterspurnaden
hadde vore umettande - av og til så stor at det måtte rasjonering
til - og var det framleis.
Men samfunnet stilte nye krav til bransjen, på mange
måtar innvarsla ved "slaget" om Mardalsfossen i
Romsdal i 1970. Kraftverk skulle verka, men helst ikkje
synast.
I 1973 opplevde BKK for første gongen avslag på
ein konsesjonssøknad. Saka galdt Steinslandsvassdraget i Modalen.
Dette er hjarta av Stølsheimen - som har fått
namn etter ei anna tids utnytting av fjellet. Fordi det var eit av dei
siste storprosjekta i vestnorske fjell, og fordi folks verdisyn hadde endra
seg, vart debatten til dels heftig. Ankesaka vart avgjort sommaren 1975
med at konsesjon vart gjeven, men med sterke avgrensingar.
Så tilspissa som i striden om Mardøla eller
seinare om Altaelva var debatten aldri i BKK sitt område. Men Stølsheimen-saka
inneheld alle argumenta. Også for eit av dei andre utbyggingsprosjekta
i dette tiåret, Tyssovassdraget i Ulvik (ferdig 1974), måtte
planane tilpassast naturvern-krav. Ei omsøkt oppdemming var sløyfa.
Med Ulvik femnde BKK om heile området frå
Hardangerfjorden til Sognefjorden. |