På anlegg i Masfjorden
Forfatter: Søren Kvamsdal
Publiseringsdato: 18.04.2000
Søren Kvamsdal frå Hogsvær blei født
i Luster 30.09.1906. Han voks opp i trange kår. I 1934 overtok han
småbruket etter faren, og har vore med på utbygginga av vassdraga
i Masfjorden sidan arbeidet blei satt i gang i 1952. Nedanfor finn du hans
eiga livshistorie, som er henta frå : Arbeid - Fred - Solidaritet
1895 - 1985, bind III. Utgjeven av Norsk Arbeidsmandsforbund i samband
med 90-års jubileet.
Eg er fødd i Luster den 30. september 1906. Mor
mi var der i frå. Henne minnest eg ikkje. Ho døde i 1908.
Far var fødd i 1872 i Masfjorden, Nordhordland.
Far fortalde at året etter han var konfirmert, laut
han ut og tena som dreng på ein gard. Han skulle få 50 kroner
året i lønn, vadmål til ein dress, eit nytt skopar og
ler til soling av eit par. Der var mykje arbeid med ved og tømmerhogst
om vinteren. Om sumaren var det slåtten dei balte med. Dei var tidleg
uppe og seint i seng. Til frukost fekk dei potetkakor og flattbrød
med skumma mjølk til, og det var prim og myrk sirup til pålegg.
Sundagsmorgonane fekk dei smør. Til middag fekk dei oftast spekesild
og poteter, til kvelds var det graut og mjølk. Til sundags fekk
dei fisk eller ertesuppa og kjøt. Det var helst lite av kjøtet,
men suppa var det rikeleg av.
Til jul fekk dei kjøpebrød, kringlor og
julegeit. Det var nåken store bollar med rosiner i. Dei fekk utdelt
ein porsjon kvar og so ei lita øskja med smør. Dei sparde
på det, so dei hadde lit god mat heile jula. Malt-øl bryggja
dei alltid til jul.
På veganlegg
Han var på den garden i 2 år. Ei stund var
han på eit teglverk i Sunnfjord der dei laga murstein. Sidan var
det vegarbeid på forskjellige stader. Han arbeidde og på vegen
over Filefjell. Han kom til Luster og fekk arbeid på vegen som gjekk
upp i fjellet der dei bygde Luster Sanatorium. Det var mykje tungt slit,
fortalde far. Alt laut gå med handmakt. Steinane i vegmuren måtte
dei spetta på plass med jarnstaur.
Der var murar opp til 10-15 metar høge. Jordryggar
planerte dei ut med spade og trillebår. Dei hadde lange vandringar
med plank som dei trilla bårene på. Det skulle øvelse
til det, plankane var pålag 4 tummar brei. Dei sprang med fullasta
bårer yver plankane. Der gjekk 10 fulle båror på 1 m3.
Arbeidssong
Då dei drog steinen på muren, song far. Han
var flink å sjunga. Det var fin takt i songen, so det vart lettare
å få steinen på plass når dei tok jamt i. Der var
to på kvar sida, to framme og to lenger bak på steinen. Var
den stor, var der ein som spetta etter bak. Songen lydde som oftast: -Å,
no må de svinga på den åhå. Å, no kjem den
villigt åhå. Å, det var flinke gutter åhei. Å,
no er den på plass åhå.-
Sumarsdag var arbeidsdagen 10 timar, stundom 12. Hvis
dei gjorde gode akkordar, kunne dei greie 3-4 kroner dagen. Um vinteren
arbeidde dei so lenge dei såg.
Fjellet bora dei hol i med feisel og stålborar.
Var det bra fjell, kunne dei greie 4 meter på dagen. Der var langt
mellom kvart hål. Dei brende håla - det vil seia dei la små
ladningar nedi og fyrde av. På den måten vart det som ei gryta
ned i botten på hålet. Der gjekk mange kilo dynamitt i kvart
hål når dei byrja lada.
Det var då han arbeidde i Luster han vart kjend
med mor mi.
Hjå framande
Eg hadde ein bror som var vel 1 år eldre enn eg.
Barndomsheim hadde me ikkje før eg var ein 9-10 år gamal.
Far laut vera ute på arbeid og me laut vera hjå framande. Ei
stund var me i Luster i hjå ein bror og ei syster. Dei var søskenborn
til mor mi. Eg hugsar ikkje, men dei var visst svert snille med oss.
So kom me til Tysnes til ei tante som var gift med ein
skulemeistar. Ho var svert streng med oss. Ho tukta oss om det var uforskyldt
eller ikkje. Eg hugsar bror min hadde magesyka. Me hadde ikkje potta, og
me laut springa ned på do som sto ein 10-15 meter ned for huset.
Då han sprang ned trappa - me låg på loftet - miste han
litt i trappa. Då tanta mi såg det om morgonen, fann ho ei
sprakebuska (einer) og banka han på enden so han vart blodut, dei
kvasse nålene stakk hål på skinnet. Då laut eg
gråta, eg tykte det var so vondt. Ein gong stengde ho oss inne på
eit myrkekott som var oppe på loftet. Eg hugsar me vart redde og
skreik og ropte.
Tanta mi vart mesta 100 år gamal. Ei stund før
ho døde, besøkte eg henne. Då bad ho meg om tilgivelse
for ho hadde ikkje vore som ho skulle mot oss morlause borna. Eg sa at
det skulle eg so gjerne gjera, for ho meinte det vel berre godt. Det var
slik i dei dagar at dei tukta borna. Kanskje det kunne verta vel mykje
av det og stundom.
Eg hugsar kor glade me vart når far kom heim på
besøk. Då laut me få liggja med han om natta. Eg tykte
eg låg so trygt bakom den breide ryggen hans. Me reiste frå
Tysnes og heim til fødestaden til far.
Der var det og ei tante me budde hjå. Det var i
1911. Der hadde me det godt, og der var mange jamnaldringar, so me fekk
oss vener og var i lag heile sumaren. Då kom det ikkje sko og sokkar
på føtene frå tidleg om våren til seinhaustes,
me lauga oss i elvar og vatn i 6-7 gonger for dagen og symja kunne me lenge
før me byrja i skulen. Dette var 1 mils vei frå sjøen,
so det var ein fjellgard. Der var eg og på den fyrste 17. mai festen.
Me skulle betala inn 10 øre på førehand kvar av oss
borna, og dei vaksne skulle syta for innkjøp til festen. Det var
sjellingsbollar og sjokolade me skulle hava. Det var ikkje nokon som heldt
tala, men me gjekk i tog og song og leika. Eg og bror min hadde fenge kvar
sitt flagg. Det var ikkje kvar dag det vanka slik god mat. Kanhende til
jul. Me vart gode og mette alle og endå vart det ein del til overs,
og billetten kosta 10 øre på kvar.
Eigen heim
Far fekk seg arbeid lenger inn i fjorden, dei skulle
byggja veg. Der fekk far hus til oss hjå ein gardbrukar. Det var
i 1915 om våren me flytta inn der. Den garden låg med sjøen.
Gardbrukaren var snill med oss og me fekk låna båten hans og
var på sjøen og fiska. Det var det likaste me visste eg og
bror min når me fekk koma på sjøen og fiska, og fisk
fekk me. Kvitting og hysa og torsk, og so dorga me makrell. Det var mykje
av det slaget i dei dagar.
Der vart me gangande lengste tida i skulen. Der var 4
vekers skule og 4 veker fri. Der var 2 klassar, største og minste
som me sa, og me gjekk annan kvar dag. Der var og skule laurdag og. Det
var tavlor og griffel me bruka og skriva og rekna på fyrste året
eg gjekk i skulen. Tavlane var av ein slag mjuk stein, griflane var og
ein slag stein. Når me rekna, var det klirring av griflan mot tavlane.
Siste delen eg gjekk i skulen, gjekk tavlone ut og me fekk kladdebøker.
Far vart attgift med ei gjenta der frå garden. Med
henne fekk han ein liten gard som fødde ca. 3 kuer og 10 sauer,
men då laut me slå noko gras i utslåtta attåt.
Der var ikkje hus på garden, men der var fjøs og løa.
Far laut setja opp hus. Det var i 1917. Det var ikkje veg, alt materiale
laut berast. Det vart stritt for far å vera på vegarbeid om
dagen og bera på materiale om kveldane. Eg og bror min hjelpte til
so godt me kunne, men me var no ikkje so gamle. Stedmor vår var snill
med oss, sjølv om ho etter kvart fekk 5 born sjølv, 2 gutar
og 3 jentor. Stedmor mi døde i 1926. Då var ingen av halvsyskini
mine konfirmerte. Far var heller ikkje so sterk lenger. Tre av syskine
laut ut til framande. Dei 2 eldste var heima med far.
Eg og bror min laut ut å tena. Eg skulle vera dreng
hjå ein av naboane. Det var året etter eg var konfirmert. Eg
skulle få 50 kronar månaden. Eg var hjå han i 10 månader.
Men mannen eg var hjå hadde lite å hjelpa seg med, så
han greidde ikkje betala meg den lønn eg skulle ha, men eg fekk
250 kronar for dei 10 månadene eg var hjå han.
På sildearbeid i Haugesund
Året etter reiste eg på sildearbeid til Haugesund.
Hadde eg fenge arbeid støtt, hadde det ikkje vore so ille. Stundom
kunne ein arbeida heile døgret i eit, so vart ein gjerne gåande
fleire dagar og ikkje få gjera nokon ting. Eg var med og spikra kassar.
Det var akkord. Dei som var vande med det, tente bra, men eg var ikkje
øvd, so då vart det mindre. So var eg med på ising av
sild og salting. Då fekk eg 1 krona timen og stundom 1,25. Eg var
med på lossing av sild. Då tente eg litt betre. Folket eg var
i lag med, var som regel greie. Der var mange frå Nord-Norge og heile
Vestlandet. Eg fekk jobb hjå ein frå Hardanger. Eg skulle vera
som ein oppmann hjå han, og fara kringum i losjia og få fatt
i folk når der kom sild inn. Eg fekk ingen ting for det, men eg hadde
fast arbeid hjå han når han fekk sild, og stundom fekk eg litt
arbeid utanom og. Han tok meg helst til å leggja haug på tunnorne
med sild. Det skulle vera til å siga på, men han som selde
sildi gjekk der kringum og kontrollerte meg. Han sa det var ikkje meining
i å leggja så stor haug på, men da kom hardingen og sa
at eg laut gjera slik som han sa, for eg var hans mann. Han som selde vart
dansande galen på meg. Eg sa han fekk henvenda seg til hardingen
og taka han for det. Dagen etter då me skulde slå loka på
tunnorne, laut me taka sild av kvar tunne so me kunne få låket
på og slå dei att, og hardingen fylte fleirfoldige nye tunnor
med sild. Dei fekk han på kjøpet, så det var ein smart
forretningsmann. Han salta sild i fleire tusen tunnor den vinteren 1923-24.
Då sildefisket var slutt, tok eg arbeid på
ein gard. Der var eg i 4 år. Det var ein stor gard, får eg
seia. Han hadde over 20 mjølkekyr, 4 hestar og ein 40-50 sauer.
Det var opp halv seks om morgonen for å vera med og mjølka
og gjeva hestane mat. Eg heldt det gåande til klokka 8-9 om kvelden.
So det vart so å seia inga fritid, og nokon sumarferie var ikkje
på tale. Eg fekk 50 kronor månaden om vinteren og 60 om sumaren.
Der vart mykje sko - og kleslet, so det vart ikkje mykje eg fekk til overs.
Men litt greidde eg å setja i banken, men dei miste eg når
banken rauk til. Noko laut eg senda far, for han var helselaus og kunne
ikkje greia seg. Han fekk litt hjå meg og litt hjå bror min.
Garden ga ikkje nok
Eg kom heimat i 1928. Då var far mykje dårleg.
Han hadde fenge sår i magen, og det var lite han greidde gjera. Men
me kunne ikkje greia oss med det me fekk av garden, so eg laut prøva
å få meg arbeid. Der var ein del arbeid med utbetring av vegen.
Men no var det slik at det var berre gifte folk som skulle få arbeid,
og det var ikkje eg. Men sidan far var sjuk, skulle eg få arbeid
likevel. Eg var på vegen om dagen, om kvelden var det å arbeida
heime på garden. Det var ein time å gå kvar veg. Om sumaren
når det var godt ver, hende det eg var uppe klokka 4 og slo ein teig
før eg gjekk på arbeid.
Ofte heldt eg det gåande til klokka 10-11 om kveldane,
men eg var ung og sprek i dei dagar. Me hadde ikkje hest, so høyet
bar eg på ryggen i løa. Elektrisk straum fekk me ikkje før
i 1953, so det vart mykje arbeid med ved, både til å koka og
varma med. Me hadde heller ikkje innlagt vatn. Det fekk me ikkje før
etter krigen. Det var ikkje so lettvint som no, med hjelpemidlar både
til å koka og vaska, og oppbevara mat.
Eg fekk 83 øre timen på vegen. Då det
leid på, fekk me ein krone. Me greidde oss godt heime, når
eg hadde arbeid. Eg betalte skulda han far hadde hjå handelsmannen,
og kjøpte det me skulle hava å leva av. Maten besto av heimebaka
brød, potetkakor, margarin og sirup. Stundom kunne me kjøpa
oss ein mysost, men det var ikkje ofte. Klerne me gjekk i, var for det
meste dongeri. Til sundag gjekk me i vadmålskler eller dei var av
kjøpety. Vasmålet spann dei av ull og vov heima på garden.
Skorne var feitlerstøvlar. Det var plugga sko. Det fyrste me gjorde
då dei var nye, var å slå heljarn under og skospararar
på solen. Det var om å gjera å få skorne til å
vara lenge. Då me var gutungar vart dei fort trange, og me fraus
ofte på føtene om vinteren. Om kvardagane gjekk me helst i
treskor.
På setra
Far døde i 1933, og vegarbeidet tok slutt. Det
gjekk ikkje lenge å vera utan arbeid. Dei to syskina mine var heime,
og det leid på våren 1934. Dei var då på 15. og
17. året. Noko timearbeid var ikkje å få, og me vart
einige om at dei skulle vera heime og slå graset og stella kjyrne.
So skulle eg ut og sjå om eg kunne tena noken krone. Eg fekk meg
ein jobb som geitegjetar. Eg skulle få 50 kroner i månaden.
Mannen eg skulle gjeta for hadde 170 geit. Der var to budeior som koka
ost. Mitt arbeid besto av å vera med og mjølka geit, få
dei i fjøsa om kveldane og gjera reint. Hadde eg litt tid til overs,
skulle eg hogga ved. Eg låg på same rommet som budeiene.
Då det leid ut på sumaren, kom ikkje geitene
so godt heimat sjølve. Sume la seg att om kveldane uppi fjellet.
Då laut eg av stad og leita dei upp og jaga dei heim. Eg vart godt
trena, og eg kvidde meg ikkje å ganga og springa i fjellet.
Uppå fjellet ovanfor dalen låg ei seter. Der
var ei jenta som var eit år yngre enn meg, som var med kjyr der om
sumaren. Eg må seia eg vart sverande glad i denne seterjenta, og
eg nytta alle høve å gå forbi der når eg leita
etter geit. Men eg vart alltid so forlegen når eg trefte henne. Eg
forsto aldri at ho brydde seg noko om meg. Men blid og snill var ho med
meg, og mat og drikke fekk eg hjå ho. Men det vart ikkje noko meir
av det den gongen. Men eg kom aldri til å gløyma henne.
I slutten på oktober slutta me av. Då var
det so lite mjølk i geitene og graset var hausta og brunt vorte.
Då fekk eg lønna mi, og 50 kroner ekstra hjå husbonden
min for eg hadde vore so flink. Han hadde aldri fenge så mange kilo
med ost fyr om åra. Eg må seia det var ein grei mann.
Då eg kom heim, hadde dei vore svere og stelt dei
som var heime, og fenge i hus både høy og poteter. Men handelsmannen
hadde nekta dei meir på borg, så det var på høg
tid eg kom. Eg gjekk til handelsmannen og betalte han alt me skulda. Og
sidan haurde eg aldri gjete at eg ikkje skulle få henstand når
eg var pengelaus.
Garden etter far
Hausten 1934 overtok eg bruket etter far, og fekk skøyta
på det. Eg var i stuss om eg skulle gjera det, men naboane talde
meg til. So hadde eg ein heim, og syskina mine kunne hava ein stad og koma
til når dei ville sjå heimat. Eg overtok all skulda til far,
og det var pålag 2500 kroner. Det var ein heil del pengar i dei dagar.
Syskina mine reiste ut i teneste. Eg hadde ei gamal tante som stelte i
huset for meg. Ho var ikkje gift. Ho var her til ho døde i 1953.
Her var sandtak i bygda, og der fekk eg arbeid. Daglønna
var 5 kroner dagen. Der var arbeid til krigen braut ut i 1940. Då
tok tyskarane over, og eg slutta.
Eg vart gift i 1942. Det var med den jenta eg vart kjend
med i 1934, då eg var gjetar. Me fekk 5 born i lag, 3 gutar og 2
jentor. Men eg laut ut å tena pengar om det var krig. Eg var 2 vintrar
i skogen.
Fyrste vinteren var me 3 mann som kjøpte ein teig
på rot. Me hogde 75 mål ved. Andre vinteren var me 5 mann og
då hogde me 178 mål. Me rekna ut me heldt krona 2,50 for timen,
og det var ikkje verst. Me bygde oss ei hytta av runde ospestokkar og tetta
med mose. Me la mose på taket med bylgjeblekk oppå. Der var
lundt og godt. Me var der heile veka, og reiste berre heim om helgane.
Eg var 3 år på sildearbeid om vintrane etter
krigen, på ein sildeoljefabrikk i Haugesund. Der fekk eg 2,25 krona
i timen. Me hadde fritt hus, og me ga ikkje meir enn 1,25 krona for middag
om dagen, so eg må seia me levde billigt. Eg var med og lossa sild,
og det var på akkord, so då tente eg meir. Me var 3 frå
bygda vår. Siste vinteren eg var der, vart eg sprengd, so eg laut
reisa heim og vart liggjande i 3 månader. Eg tok for mykje arbeid
på meg, og lite svevn vart det. De veit det var um å gjera
å tena mest mogleg pengar, og so gjekk det utover helsa.
BKK bygg ut vassdraga i Masfjorden
I 1952 byrja Bergens kommunale kraftlag å byggja
ut vassdraga i Masfjorden. Eg byrja i arbeid der den 29. april 1952. Det
var same året dei sette arbeid i gang. 1. mai fekk me fri. Då
var eg heima og sette poteter. Eg fekk betaling for den dagen og. Det hadde
eg ikkje vore vand med so eg tykje eg hadde fenge ein god plass å
arbeida på no.
Det fyrste arbeide eg var med på var å grave
ut tomtat til 2 barakkor. Det var med spade og trillebor me arbeidde. Då
tomtane var ferdige, sette me upp brakkor. Det var tyskarbarakke som dei
hadde kjøpt inn. Dei var laga av flakar so dei var snare å
setja up. Der var 4 og 2 mannsrom. Turkerom til klær, bad og klosett.
Midt på kjøkkengolvet var ei luka som dei kunne lata op. Der
var eit rom under dei oppbevarde mat i. Der var kjøligare. Dei hadde
ikkje fryseboks og kjøleskap i byrjinga og ikkje vaskemaskin heller.
Men seinare vart det både det eine og andr. Det kan ein sikkert takka
foreininga for.
Eg tykte det var fint då eg fekk fyrste lønninga.
Eg hadde vore utan arbeid ei tid, så det var smått med kontantar.
Me fekk krona 3,11 for timen. Det var vel den høgaste timeløn
eg hadde hatt til då.
Matredal Arbeidarforening
Om hausten danna me arbeidarforening. Alle som var i
arbeid var med. Men seinare var det mange som gjekk ut på grunn av
at dei var upresise med å betala medlemspengar. Eg var med på
forskjelligt arbeid. Der var grøftar, planeringar og sprenging av
fjell. Det var ikkje so mykje maskinar. so me arbeidde med spade og trillebår.
Boremaskin hadde me, so det gjekk fort å få hål i fjellet.
Då dei byrja sprenga ut kraftstasjonen vart det
mykje arbeid og meir maskinor kom i bruk. Det var lastemaskinor som vart
drevne med luft og gjekk på skjenor som lasta upp steinen i store
vaggor. Dei vart dregne av ein -lok- ut på tippen. Sjølve
kraftstasjonen låg ca. 100 m inn i fjellet. Der kom folk frå
alle kantar og søkte arbeid og arbeid fekk dei. Det gjekk 3 skift
natt som dag.
Desse tunnelarbeidarane tykte eg mange gonger var uvyrdne
og uforsiktige, og dei for ikkje alltid fint med redskapen dei hadde i
hendene. Det var fleire eg la merke til som kom berande inn i kraftstasjonen
med dynamittkassar på herda, og slengde dei i steinrøysa so
dei sprakk. Dei gav seg ikkje tid å taka dei upp på vanleg
måte. Det var 25 kg trekassar dynamitten kom i den gongen. No er
det pappkartongar.
Der var og mykje overledning. Når ein tok i ein
jarnstaur eller skulle flytte på ei sol (lampe), fekk ein elektrisk
straum gjennom seg. Elektriske tennarar låg og slang kringum mange
plass. Eg vil seia det var eit stort under det gjekk vel. Men merkeleg
nok veit eg ikkje av at nokon kom nevneverdig til skade eller miste livet
inne i kraftstasjonen mens dei arbeidde der.
Heilskinna ut ?
Eg var med og kjilte og bolta heile stasjonen. Der var
mykje laust fjell som måtte sikrast. Me sto på stillas 10-15
meter høge og kjilte og bora hol til boltane. Det var ikkje ufårlegt
arbeid og eg tenkte mange gonger eg gjekk inn om morgonen: Kjem eg heilskinna
ut att i kveld ?
Der vart mykje støyping. Heile stasjonen skulle
hvelvast. Der gjekk me skift i 3 vikor, men helgene og, for det laut gå
i eit. Vegger og forskjellige rom skulle støypast. Der gjekk med
tusenvis av sementsekker. Sand var ikkje vanskeleg å få tak
i. Der var eit sandtak i nærleiken. Det var Kulkompaniet av 1871
i Bergen som dreiv det. No har vegvesenet overteke.
Dødsulykkor
Då me var ferdige med sjøen ned i Matredal,
bar det til fjells i vasstunnelar og damarbeid. Då vart det fleire
dødsulykkor. Ein miste livet under lading. Det lyt eg seia var uforsiktigheit.
To miste livet då dei vart klemde i heis, og ein vart klemd mellom
loken og ei steinvagga. Ein fekk ei steinblokk or taket på seg inne
i ein tunnel, og ein miste livet då dei skulle kjøra på
arbeidsplassen om morgonen. Dei kjørde i lastebil med hus på.
Dei var vel ein 10-15 mann. På ein eller annan måte har tippen
slege inn, so planet tippa upp heilt til topps. Nåken greidde å
klora seg fast, men dei fleste havna i vegen, og dette var under full fart.
Sjåføren merka det ikkje før det var for seint. Der
var fleire skadde og ein miste livet.
So var det ein brakkebrann ved sjøen på Matredal.
Der miste tre livet. Det var jonsokkaftan og dei festa litt sume. Der var
komen klær ut over ein elektrisk ovn, som årsaka brannen.
Det vart nokso trist etter desse ulukkorne, men arbeidet
laut gå sin gang. Eg gløymde ein. Det var ein her frå
bygda. Einaste son til ein fjellbonde. Han drukna. Det var om våren
han gjekk gjennom isen då han gjekk på arbeid. Arbeidet vart
alltid innstilt den dagen det hende slike ulukkor, utan at det var høgst
nødvendig at dei heldt det i gang.
Alt i alt miste 10 mann livet under anleggstida. Den
varte frå våren 1952 til no jul 1982 - i 30 år.
Anleggsliv
På fjellet var der nok å gjera. Om sumaren
arbeidde eg på dammar. Me arbeidde langt utover kveldane, so det
vart ein heil del overtid. Det var sesongarbeid. Det var om å gjera
å få mest mogeleg ferdig til vinteren kom. Eg var som regel
med og mura frammur og bakmur. Dammen kunne vera over 100 meter brei i
botten og smalnast til på toppen til ein 3-4 meter. Der gjekk mykje
stein til fyll i dammen. Me hadde akkord for kvadraten å mura. Eg
hugsar ikkje akkurat kva me fekk for kvadraten, men me heldt frå
14 kroner og oppi 18 kroner for timen. Men då var me no byrja på
60-åra.
Om vinteren var det arbeid i tunnelar. Den lengste eg
arbeidde i var 12 km. Den skulle dei føra vatnet i til røyrgata.
På framsida mot vatnet støypte dei plator med tetningslistor
mellom kvar. Eg trur dei var av plastikk.
Medan eg var i fjellet kunne eg ikkje reisa heim anten
enn i helgene, so det var kona som laut taka arbeidet med gardstellet og
borna. Men dei hjelpte no til etter kvart som dei vaks.
Barakkene me budd i var tyskarbarakker som var flytta
fleire gonger etter som arbeidet skreid fram. Der var ikkje so mykje bråk,
men det vart no halde ein og annor fest. Slagsmål veit eg aldri der
var.
Brakkesjef sytte for innkjøp av mat og såg
tilrettes om det var noko som skulle vølast. Maten var rimeleg,
7-8 kroner dagen i kostpengar til å byrja med. Seinare vart det noko
meir.
Eg hadde mange greie arbeidskameratar. Dei var forresten
greie alle eg kom i lag med. Det hende nok at me var ueinige, men me gjekk
ikkje og såg skjeivt til ein annen for det. Det var som oftast over
når dagen var over. Det var slik. Gav ein fred så fekk ein
fred.
Livet på brakka gjekk helst stille og roleg for
seg. Det var å sitja på opphaldsrommet. Sume spela kort, prata
og diskuterte. Det var bokkassar frå biblioteket, so me fekk låna
bøker. Eg lika godt å lesa, og las ut mange bøker.
Der var ein som reiste kringum frå Kristne arbeidarars
forbund. Han heldt andakt på barakkena. Han var der fleire gonger.
Me var fleire som høyrde på han, men ikkje alle møtte
opp. Det var ein svert grei og likatil kar.
Nede i Matredal var der stor sal i tilknytning til kontorbygget.
Der var filmframsyning m.a., og alle møter og festar vart haldne
der. Når eit større arbeid var ferdigt, heldt kraftlaget fest
for oss. Eg var med på festar.Den første var når dei
starta opp den første maskina i kraftstasjonen. Då var direktøren
der, og under - og overingeniørar, syningar og so alle arbeidarane.
Der var sikkert to hundre i talet. Me fekk fårikål, kaffi og
kakor, øl og dram. Der var talar og song og musikk. Eg hugsar ein
som me kalla -Ole Bus-. Det var forresten naboen min heime. Han var ein
meistar å sjunga. Han song gamle rallar-songar om Bergensbana og
Ofotbana og fekk stor fagnad. Ellers var det talar av direktøren
og fleire arbeidarar hadde ordet. Eg må segja det var riktig koseleg.
Hvis dei ikkje heldt fest for oss når eit litt større
arbeid var avslutta, fekk me alltid ei lita pengegåve i staden. Eg
vil seia at dei overordna var svert greie. Dei gav seg ofte i prat med
oss på arbeidsplassen når dei for forbi.
Arbeidarforeninga vår vart stifta 1. novenber 1952
og vart innmeldt i Norsk Arbidsmandsforbund. Eg var ikkje med på
so mange møte, for det var eit heilt stykke for meg å gå,
pålag 1 time, men eg var no på nåken. Der var godt frammøte
dei gongane eg var der. Me hadde oppe krav om forskjellig utstyr til barakkone
om å få TV når so langt leid, og so samla me inn pengar
til slike som hadde vorte mykje skadde og laut vera burte frå arbeidet
i lenger tid. Nåkre lønskrav hugsar eg ikkje me hadde. Det
var tariffar det gjekk etter, og det var vel gjennom Arbeidsmandsforbundet
dei forhandlingane gjekk.
Streik var eg ikkje med på. Det var stundom det
var tale om det, men dei kom alltid til semja.
Eg slutta i arbeid til jul i 1972. Pensjonist vart eg
ikkje før i 1973, men eg var trøyt og sleten, so eg fann
ut det var best å gjeva seg. Eg fekk merke frå forbundet då
eg hadde vore medlem i 25 år. No betalar eg ikkje kontingent. Eg
står som fri medlem sidan 1973.
Ja dette er noko av det eg har oppleva den tid eg var
med og bygde landet.
|