Bjørn West styrkane i Masfjordfjella og
forsyningane frå Gulen og Brekke
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 30.09.2001
I oktober 1944 kom to menn tilknytta Kompani Linge frå
England for å opprette ei avdeling bak fienden sine linjer. Ein geriljabase
skulle etablerast i Masfjordfjella, sør for Sognefjorden mot Osterfjorden.
I oktober 1944 kom to menn tilknytta Kompani Linge frå
England for å opprette ei avdeling bak fienden sine linjer. Ein geriljabase
skulle etablerast i Masfjordfjella, sør for Sognefjorden mot Osterfjorden.
Denne avdelinga skulle ha som oppgåve å ta imot folk som måtte
gå i dekning og andre som venta på tysk arbeidsmobilisering.
Dei skulle og vere i beredskap til den venta kapitulasjonen. Hadde dei
tyske stridskreftene i Norge valt å halde fram kampen etter ein kapitulasjon
på kontinentet ville geriljatroppane i Masfjordfjella vore særs
viktige. Slik oppsto den kjende Bjørn West gruppa.
I alt var det ca. 250 mann i denne styrken. I Gulen kommune
vart mange involvert i det som føregjekk oppe i fjella, ikkje minst
i oppdrag med transport av våpen, ammunisjon og proviant. Dette kom
inn med ubåtjagarar i og omkring Fensfjorden. Ubåtjagarane
Hitra, Hessa og Vigra hadde alle operasjoner i Gulen-området. I Gulen
var desse stadane involvert i transportsambandet med båtane vestfrå
og Bjørn West i Masfjorden: Årøy ved Byrknesøy,
Sløvåg, Sandebygda, Mjømna og Furenes.
I Brekkebygdene var det og mange sivile som ofra seg for
mellom anna transporten opp til fjellfolket, til sætrane rundt Stordalen.
Det var så langt frå noko stølsliv der oppe, på
ei årstid med snø og atter snø over viddene.
På havstykket mellom Solund og Holmengrå
fyr, var det ikkje lett for dei tyske vaktstasjonane å øve
god kontroll. Det var her det føregjekk eit svært viktig oppdrag
den 15. oktober 1944. Torpedojagaren Vigra kom inn med Leif Larsen, med
tilnavnet Shetlands Larsen, som skipssjef.
Mannskapet var på plass med sine kanoner og mitraljøser
på dekket og speida i alle retningar. Nokre av dei, var ganske nær
heimen og dei sto der med sterke kjensler for familien og bygda. To spesielle
krigsoperatører skulle over i ein liten båt ved Mjømna.
Båten som var uskadd etter overfarten, vart låra og Linge-
karane hoppa over rekka. Dette var løytnant Fredrik Kayser og Fenrik
Severin Synnes. Begge hadde bak seg sabotasje-aksjonar i heimlandet. Den
første var med på Rjukan (Wemork-aksjonen) og den andre hadde
bl.a. hatt sabotasjeoppdrag i Nordfjord - distrikta.
Ein 18 fots båt glei frå skutesida med gode
ynskjer for oppdraget. Vigra endra kurs, auka farten etter kvart og var
snart godt ute av syne, på si ferd vestover, ut Sognefjorden.
Snekka med dei to tøffa sydover forbi Mjømna
og til sørenden av Sandøya, så vidare aust, inn i Masfjorden.
Dei tok land på ein odde, kvilte litt og tenkte gjennom planane.
Her oppdaga dei snart at det låg fleire gardsbruk ikkje langt unna
og busetnaden måtte dei for all del halde seg unna. Dei gjekk i båten
att og fann seg ei vik på ein holme, Sandeholmen, og drog båten
opp i fjøra der dei var godt skjult av eit granholt.
Ikkje lenge etter at dei hadde slege seg til ro, kom
ein fiskar roande for å dra fiskegarna og krabbeteinene som han hadde
sett rundt der. Denne fiskaren kunne bli farleg for dei. Det var berre
eit å gjere, få fiskaren på land og snakke alvorleg med
han. Dette var Toralf Sande, nå busett på Børholmen
ved Byrknesøy. Han var då 24 år og fann krabbefiske
nyttig for å skaffe seg ekstra kroner.
Han fekk sjå våpna til Linge-karane og fekk
klar beskjed, at hvis han plapra, så visste dei kor dei skulle finne
han. Toralf Sande heldt tett slik han hadde lova. Etter at krigen var slutt
fekk folk vite alt om hendinga på Sandeholmen.
Mange år etterpå, ved ei Bjørn West
samling på Risnes, fekk han helse på løytnant Fredrik
Kayser og takke for sist.
Spor måtte slettast
Dei vart liggande i hopen denne dagen. Dei speida utover
Fensfjorden og registrerte trafikken og vaktbåtane som farta der.
På same tid måtte dei ta til med å reparere motoren,
då den fuska litt. Om kvelden tøffa dei innover fjorden og
målet var Hosteland. Der var Kayser kjent frå før, for
han hadde vore der om somrane då han var ung.
Vel framme på Hosteland, lossa dei det lille dei
hadde med seg i ei nedlagt mølle. Etterpå søkkte dei
båten. Dei merka seg denne staden i minnet og båten vart seinare
teken opp att og er i dag med i Bjørn West museet på Matre.
Ein historisk båt.
Karane måtte vidare så snart som mogleg,
og Magnus Midtbø tok seg av dette. Seinare i Bjørn West operasjonen,
skulle det vise seg at han vart ein av dei viktigaste kontaktmennene i
Masfjorden. Ikkje minst då det vart som verst vinteren 1944-45, då
dei tyske samla seg til angrep mot dei norske styrkane i Masfjordfjella.
Løytnant Kayser og Fenrik Synnes vart av Midtbø
losa langt nordetter dalen til Steinsdalssætra som ligg mellom Ropehaug,
nær Ynnesdal og Kjelby i Austgulfjorden.
Transportruter
Nokre dagar etter, den 21. oktober, måtte Magnus
Midtbø ta mot fem nye viktige personar som kom med ubåtjagar.
Hitra sette dei av i Sløvågen, ein landingsplass skipssjef
Eidsheim hadde plukka ut, og som viste seg å bli ein av dei viktigaste
plassane, for omlasting av farleg gods som våpen, ammunisjon og agentar
i tida som kom.
Sløvågen var ideell, fordi der var ein mogleg
rømningsveg nord gjennom Brandangersundet. Frå Sløvågen
var det heller ingen fjord å forsere med frakting vidare innover
til Masfjorden. Ganske enkelt ei god hamn, godt dekka av ein fjellhammar
ut mot Fensfjorden.
Med hensyn til tryggleik, var det ikkje alltid at båtane
dei disponerte til vidare transport, var godt skikka. Det vart betre då
reketrålaren til Håkon Furnes, Sleipner, var med. Etter ei
tid fekk dei mistanke om at tyskarane begynte å ane noko,- då
vart omlastinga lagt til Årøy, sør for Byrknesøy.
Oppe i Steinsdalen vart det oppretta kommandobase. I Furdalen
ved Ynnesdalsstølen, vart det flyslepp og basen vart forsynt med
det meste.
Men det oppstod andre problem med opphaldet her p.g.a.
ein gamal fjellsti - frå Ynnesdal og Ropehaug, vestover til Austgulfjorden.
Folket frå desse stadane, tok ofte turar over fjellet
til Gulen, og militærkommandoen i Steinsdalen vart kjend av for mange.
Ikkje berre dei som budde på fjellgardane kom forbi, men det kom
reisande frå Bergen som var på jakt etter varer som kjøt,
smør og geitost. Oppe i liane oppdaga dei også andre som speida
på seg, ville finne ut kva karane på sætra tok seg til,
og det var slike som gjerne ville bli med i ein motstand mot fienden. Ein
av desse mest nærgåande var Alfred Austgulen. Hadde ikkje Bjørn
West gruppa drege seg frå Steinsdalen på det tidspunktet, så
ville han vorte henta inn. Kommandoplassen vart flytta frå Steinsdalen,
lengre innover i Masfjorden.
SS-Oberstfurmfuhrer Erwin Lang i Matre var oppe i fjella
med fly. Han såg mange skispor på kryss og tvers, og sende
fotorapportar vidare til Bergen og Matre. Dermed vart det sendt tyske troppar
opp i fjella både frå Matre, Trædal, Oppedal og Bjordal.
Dei største og viktigaste forsyningane til Bjørn
West kom framleis inn frå havet. Årøy og Sløvågen
tok imot. Ubåtjagere vart lasta opp og sendt over havet til norskekysten,
for omlasting til mindre båter som førte det vidare innover
til dei kjempande i Masfjordfjella.
M/K Sleipner gjekk fleire turar frå Årøy
i Byrknesøyane til Masfjorden, svært farefulle, for den tyske
vaktbåten kryssa Fensfjorden heile døgnet. Håkon Furnes
med sin båtsmann Fredrik Tindvik, hadde det hardt på natteturane
frå Årøy. Likeeins kontaktpersonane og Bjørn
West karane som var med på turane.
Det gjekk dårleg med siste operasjonen. Tåka
hindra ubåtjagaren i å kome inn til avtalt tid. Neste kveld
var sikten noko betre og det lukkast å få landkjenning. Hitra
og Hessa kom inn til Årøy og fortøyde på avtalt
stad, men utan at mottakar var å sjå.
Forklaringa var sjølvsagt at båtane var eit
døgn forseinka. Meldinga frå telegrafisten i Masfjordfjella
hadde ikkje nådd fram til dei som skulle ha ansvaret for mottaket
og transporten vidare.
Hitra og Hessa kunne ikkje bli liggande, så sjefane
bestemte seg for å få lasta på land og kamuflere den
så godt som råd var. Båtane måtte vere ute frå
kysten før daggry, og det vart hektiskte timar med lossing av ti
tonn ammunisjon og våpen, slik at det ikkje var synleg på avstand.
Det gjekk bra og ved midnatt forlet dei to båtane Årøy.
Då Håkon Furnes fekk meldinga om situasjonen,
sette Sleipner kurs for Årøy og omlastinga tok til. Det var
kritisk for tyske marinefarty passerte ute på fjorden, ikkje langt
frå Årøy. Lysbomber vart skote opp, og kutteren som
hadde kvitt styrehus og kvite rekker samt blanke skutesider, vart synleg
på lang avstand. Heldigvis vart dei ikkje oppdaga medan dei låg
å lasta.
Dei måtte ha gode nerver ombord i Sleipner då
dei for med ti tonn farleg last og med tanke på kva som kunne skje
om
dei vart oppdaga av vaktbåtane. Hadde dei vorte tekne, måtte
dei nok ha bøta med livet. Kanskje Håkon Furnes angra i slike
stunder på avtalen om å hjelpe, ein avtale som vart til ein
sundags ettermiddag i kjellaren heime på Furenes.
Ein del forsyningar til Bjørn West kom også
med fly, men ikkje alltid dit dei var tenkt. For eksempel droppet i Virkesdalen,
der containere landa ut over bøane og i fjøset til Ivar Virkesdal.
Eit anna slepp landa på eigedomen til lensmannen i Masfjorden. Lensmannen
var ikkje til å stola på og det var på nippet til å
gå galt då dei jobba om natta for å fjerne alt frå
flysleppet.
Frå bygdene i Brekke vart det etterkvart mange som
var med på å bringe mat og anna opp til dei norske soldatane
i Bjørn West. Proviant ein kunne skaffe. Smør, ost og kjøt
frå gardane vart teke på ryggen eller kløvja der det
let seg gjere.
Forretningsføraren i Forsyningsnemnda i Brekke,
Sigvald Oppedal var alltid godt orientert, og han fann i si stilling elles
høve til å gje støtte med det viktigaste som dei hadde
bruk for der oppe. Etter krigen vart han heidra med medalje for m.a. denne
innsatsen for Bjørn West styrkane.
Frå Instefjord rodde tre naboar Mons, Ivar og Håkon
Instefjord til Oppedal, der Håkon Oppedal (nevø av Sigvald)
og naboane overtok og frakta det vidare innover dalen og opp i fjella.
I dei siste vekene av krigen var det mange trefningar
mellom Bjørn West styrkane og tyskarane i Masfjordfjella. I kampane
miste seks nordmenn og minst hundre tyskarar livet. Matre var nær
på å verta eit nytt Telavåg. Alle vaksne menn vart arresterte
og etter å ha vore fangar i ei av russebrakkene, vart dei sende til
ein fangeleir på Espeland ved Bergen. Der sat dei til krigen var
slutt. Det vart også sagt at kvinner og born skulle fengslast og
at bygda skulle bombast og brennast.
Samanbrotet i Tyskland sette ein sluttstrek for krigshandlingane
i Matrefjella. Bjørn West styrkane vart viktige for tida etter kapitulasjonen
i Norge, 8. mai.
Bjørn West soldatane reiste til Bergen og overtok
diverse militære funksjonar. |