Isak Eikemo - grunder på 1800-talet
Forfatter: Kjell Eikemo
Publiseringsdato: 29.01.2003
Isak Eikemo
Isak var fødd 6/4 1867 i Masfjorden. Faren, Bendik,
var husmann på garden Eikemo. Isak hadde gått i lære
og var utdanna skreddar, men byrja som kjøpmann. Isak vart såleis
den første kjøpmann på Helle i Dalsfjorden, og var
oldefar til noverande kjøpmann Erling Paul Eikemo.
100 år med handel på Helle i Dalsfjorden
Grunnleggjaren av bedrifta og første kjøpmann
på Helle i Dalsfjorden var Isak Eikemo. Han var oldefar til noverande
kjøpmann Erling Paul Eikemo.
Isak var fødd 6/4 1867 i Masfjorden. Faren, Bendik,
var husmann på garden Eikemo. Isak hadde gått i lære
og var utdanna skreddar, men byrja som kjøpmann. Før han
slo seg ned på Helle i 1895, reiste han rundt i bygdene på
Vestlandet med skreppe på ryggen og selde tøy, tråsneller
og nåler. Så på den måten fekk han praktisere begge
faga.
Isak vart gift 30/6 1893 med Anna Kristina Eriksdtr. Sandnes
f. 27/12 1870, frå Sandnes gnr. 30, bnr. 1 i Masfjorden.
I 1895 byrja han med handel på Helle, samtidig som
Teglverket vart oppstarta. Det kom då mykje folk frå andre
bygder for å få seg arbeid på teglverket. Teglverket
laga murstein av leire.
Den første plassen han hadde butikk (krambu) var
på Skorane. Isak kjøpte ein parsell, Nyheim av Øystein
Helle, og i 1895 bygde han hus der. Kjellaren i huset vart først
nytta til krambu, eit par år seinare innreia han eine stova i huset.
Diskane i krambua gjekk frå døra og tvers over. Kammerset
vart tatt i bruk til lager for mjøl og andre varer, medan sirupsfatet
vart plassert i eine kråna av krambua.
Gamle-butikken i Bøvik (ca. 1929)
Frå venstre: Isak Eikemo sliper ljå, sonen
Einar sveivar. Bak: Sonen Håkon Eikemo.
Foto: Kjell Eikemo
Den 14.04.1914 kjøpte Isak garden gnr. 1 bnr. 6,
frå Elias og Berte Helle for kr 3500,- Elias og Berte drog til Amerika.
På garden var det kår til foreldra til Elias. Dei heitte Gabriel
og Anna Lovisa. Gabriel døydde i 1912 og Anna Lovisa levde i kår
i gamle stova til ho døydde i 1919.
I 1920 vart "Gamlestova" bygd om og Isak flytta forretninga
inn der. Forretninga vart innreia i enden med eigen inngang. Diskane gjekk
frå døra og nedover, med ein vinkel mot det vindauget som
vender mot aust. Frametter veggen og ned til vindauget var det benkar,
der kundane sette seg og tok ein prat. I vindfanget til venstre vart salt
og sirupsfat lagra og i rommet til høgre vart mjøl lagra.
Forretninga var der til 1937.
Framfor bustadhuset.
Frå venstre: Anna Kristina Eikemo (kona til Isak),
Tea Håland (tenestejente) frå Holmedal i Sunnfjord, Håkon
Eikemo (son) og Isak Eikemo. Foto: Kjell Eikemo
I 1925 vart bustadhuset på "Nyheim" flytta til Bøvik
der det står i dag. Det var Ola med garden som stod for nedriving
og bygging (Far til Oskar Olset).
Før riving fekk ungdommane i bygda arrangere ein
dansefest, mot at dei var med og bar materialen til Bøvik. Ungdomar
og eldre kom og bar material om ettermiddag og kveldar, og det vart ein
samlingstad for folket.
Dei kom heilt frå Vårdal til Olset. Isak hadde
fått avtale med Østen Helle om å få bera meterialen
over bøen hans, der det gjekk ein gamal sti. I den tida budde Isak
og familien på loftet i "Gamlestova".
Erling, eldste son til Isak, vart gift med Paula Leikestad
frå Stadt. Erling dreiv ei tid forretning på Kyrkjebø
frå 1923-1929.
Seinare dreiv han forretning i Askvolli (i huset Søvik)
1933-1934.
Foto: Kjell Eikemo
Erling Eikemo i butikken. Dette lokalet var i bruk frå
1937 til 1980. (Foto: Kjell Eikemo ©)
I 1937 overtok han forretninga her på Helle. Erling
hadde bygt nytt hus og moderne forretning i kjellaren, etter den tids målestokk.
Forretninga var ei familiebedrift, så alle måtte
delta bak disken. Frå 1930-åra var han ekspeditør for
fylkesbåtane her på Helle. Postformidling for Helle hadde ein
også. Desse funksjonane vart nedlagt på slutten av 60-talet.
Erling Eikemo dreiv forretninga fram til han døydde
i 1972. Eldste son til Erling, Ingolf, overtok då forretninga saman
med kona Minda.
Ingolf hadde i slutten av 50-åra starta med sal
av kunstgjødsel og formjøl. Kunstgjødsel vart lagra
på dampskipsbua, som ein leigde av Helgerud. Ingolf og Minda overtok
forretninga i 1972.
Erikka Arnesdtr. S. Hope f. 1824 d. 3/11 1912 gift 16/4
1848 med Erik Monsson Sandnes f. 1824, d. 25/10 1910
(foreldra til Anna Kristina - kona til Isak) Foto: Kjell
Eikemo
Ettersom gjødning og formjøl måtte
lossast og lastast med handemakt inn og ut av bua, vart det bygt nytt og
moderne lagerbygg (ved Klausen Mek.) i 1975.
Forretninga som Erling Eikemo hadde bygd i 1937, vart
etterkvart umoderne og i minste laget. Så i 1980 vart det bygd ny
forretning med moderne sjølvbetjening. Den nye forretninga ligg
i dag ved fylkesvegen. I 1987 vart det bygd bensinstasjon i tilknytning
til forretninga. Etter at salet av bensin frå fat vart avslutta i
1982.
Forretninga slik den ser ut i dag. Den vart bygd i 1980.
No er det fjerde generasjon som driv den - Erling Paul og Velaug Eikemo.
Foto: Kjell Eikemo
|