Hovudside
Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal |
Masfjorden
Lokalhistorie Bygdebøker Fjon frå fjell til fjord Masfjordboka 1978 |
Leksikon
|
|
|
|
(22.12.2006) Forfatter: Scandion Omkransa av furukledde knausar, trange sund og vill natur ligg den gamle handelsstaden Risnes. Ei perle i Masfjorden og i vestlandsk fjordlandskap. Sentralt i dette landskapet finn du Kafe Knuten med Knut og Solly Tangedal som vertskap.
For fleire enn masfjordingane betyr Kafé Knuten god mat og drikke, koldtbord og snittar. . og sjølvsagt god service. Stikk du innom kafeen, ja, då kjem du rett inn i eit maritimt miljø, samtidig som du får med deg utdrag frå naturen. Knut og Solly har gjort det koseleg på sin arbeidsplass. Ein særprega kafe som du ikkje finn kopi av andre stadar. Solly er frå Filippinane, men Knut slapp å reise dit for å treffe ho. Det traff kvarandre gjennom venner her i landet, - og så var det gjort. Det var Solly som kom på ideen å starte med kiosk på Risneskaia. - Solly er sjefen, slår Knut fast. På alle verdenshav
Frå kiosk til kafédrift
Det var ikkje nokon vanleg kiosk som var komen i Vikja.
Pølser og småsnacks var berre ein liten del av omsetninga.
Det viktigaste var kanskje at dei hadde ferdig middagsmat å selja
kvar dag. Og det var eit variert utval.
Neste steg på vegen var å få til ein liten kafé. Tanken var å få eit lokale der dei kunne ta imot ei busslast turistar til kaffi eller lunch. Men draumen vart ikkje heilt som tenkt. Tomta som var til rådigheit var liten, og kaféen vart derfor ikkje så stor som dei hadde håpa på. Men kafé vart det, og den stod klar i desember 1995. Det fyrste julebordet vart halde for Nordbygda skule. Knut og Solly har, med si verksemd, vore med å skape ny aktivitet i Vikja. 12 timars arbeidsdag heile veka til ende kan være tøft, men det må til skal ein overleve i dette serviceyrke. Gjestar strøymer på heile året igjennom. Mange faste middagsgjestar har fått servering i alle dei åra kaféen har eksistert.
Handelsstaden
Det var bestefar til Lars og Knut som starta handel i Vikja. Det var i 1888 og i det eldste huset. Det huset der handelen seinare var, vart bygt i 1928. I dag susar bilar bak ryggen på den gamle ærverdige handelsstaden, over Risnesbrua til og frå større handelssenter. Dampen kjem aldri meir att. Heller ikkje hestane som stod tett i tett langs berghammaren - der det no står bilar. Den gamle dampskipskaia, eit minne om gamle dampen, ligg i dag som eit kjærkomment feste for fritidsbåtar som i sommartida flittig besøker Risnes. Kaia har fått ein ny dimensjon, knytt opp mot dagens behov og aktivitetar. Arrangement som kulturdagane i Masfjorden har vorte avvikla på kaia, med alt det innebær av trafikk både på sjø og land. Risnes marina
Ei perle i Masfjorden For båtfolk er området rundt Risnes eit øyrike i miniatyr. Vakker skjærgard, ubebudde øyar, holmar og skjær spreidd ganske så tilfeldig ut i Fensfjorden. Sjølv om fiskebestanden har minka, her som andre stadar, ligg fiskeplassar på rekke og rad som for eksempel innanfor Terneskjeret, i Herøyosen eller rundt Kvamsøy. Vil du nyte ein dag eller to på ein fredeleg plett er det godt om vikar, poller og svaberg. Sentralt i denne idyllen finn du Knut og Solly Tangedal,
og kaféen deira.
Har du ei ledig stund i ein ellers så travel kvardag,
kan vi anbefale ein tur innom.
|
|
Webredaktør: Magne Opdal |