Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Bygdebøker
Fjon frå fjell til fjord
Masfjordboka 1978
Leksikon
 
 

 

   

Krafttak bergar Faun
Forfatter: Åsmund Soldal
Publiseringsdato: 20.05.2000

BKK har ytt 50 000 kroner til restaureringa av Faun. Båten var i si tid i statsministar Christian Michelsen si eiga. Frå 1955 til 1976 nytta BKK Faun som skyssbåt ved Matre-anlegga. Det er Hardanger Fartøyvernsenter som skal føra Faun tilbake til gamal prakt. 

- Her ved fartøyvernsenteret i Norheimsund er me utruleg glade for gåva frå BKK. Det betyr ein ny start for Faun-prosjektet, og me reknar med at båten skal framstå i fordums prakt før Noreg høgtidar 100-årsjubileet som uavhengig nasjon i 2005. 
Dagleg leiar ved Hardanger Fartøyvernsenter, Torbjørn Kaarbø. meiner tidsfristen er viktig fordi Faun i si tid også tilhøyrde Noregs statsministar, Christian Michelsen. Men båtnamnet får også masfjordingar og anleggsfolk i mogen alder til å fatta interesse. Motorbåten var sambandet med omverda for mange i veglause nordhordlandsfjordar då Matre-anlegga skulle byggjast ut på 1950- og 1960-talet. 

BKK kjøpte båten for 30 000 kroner av skipsreiar Eilert Lund i 1955 og selde han til Bjarne Hope i 1976 for 26 000 kroner. Deretter overtok den unge båtentusiasten Trond Eide, som utan å blunka selde bilen sin for å heva Faun då han sokk ved Porsgrunn. Siste eigaren er altså Hardanger Fartøyvernsenter som overtok Lystyachten for ei krone. 

I Norheimsund ligg båten turt og trygt, seier Kaarbø. Men det som eingong var lystyacht for skipsreiarar, er no ein temmeleg demontert haug av gamle deler. Slikt skræmer ikkje båtbyggjarane på fartøyvernsenteret. 

Verneverdig 
Åsmund Kristiansen er dokumentasjonsansvarleg og skal leggja opp restaureringsplanen. Målet er at Faun skal få attende sitt gamle preg, utan styrhus og andre påbygde detaljar. Det vil også seia at den gamle anleggsdieselen som var framdrift i mange år, skal vekk for godt. Riksantikvaren har erklert Faun som verneverdig og gav i si tid 800 000 kroner til ny kjøl. 
Ein særs detaljert byggekontrakt mellom Damsgaards Baatbyggeri & Motorforretning og reiar Einar Michelsen på Fjøsanger kjem til å letta dette detektivarbeidet mykje, seier ein optimistisk Kristiansen, som også har fått tak i gamle BKK-dokument om båten. No er han på jakt etter foto av båten slik han opphaveleg var. 

Faun vart bygd i 1916. 52 fot -engelsk, utan bygning over dekk med ein 50 hestars bensin-og parafinmotor. Byggekontrakten fortel om teak og mahogny i fleng, om messing og slipt glas. Men også kor mange dopapirhaldarar båten skulle leverast med. Kristiansen er heilt matt over dei fantastiske innreiingsdetaljane som må utførast før verket er fullkome. 

Skipper Ingolf Solheim 
Ingolf Solheim frå Solheim i Masfjorden var skipper hos BKK. Han døydde i 1993, men nevøen, Alf Solheim på Matre kraftstasjon, har tilgang til gamle loggbøker. Den som blar litt finn snøgt ut at det ikkje berre var direktørar og ingeniørar som let seg frakta. Alf Solheim seier at BKK i høgste grad utviste samfunnsansvar medan selskapet eigde båten. Lakoniske notat i loggen syner dag og tid for sjuketransportar og kven som var sjuk. 
Me kan finna ut når skuleborna i fjorden var til tannlege på Masfjordnes og at tidlegare BKK-direktør Otto Åberg sat tre og ein halv time i plysjsofaen med krølhaar den 10. februar 1976. 

Takka vera Faun nådde seriefotballen også til eit veglaust Matre. Når det var bortekamp måtte det båtskyss til - og at det skjedde med Faun, var sjølvsagt. 
Solheim fortel til BKK-nytt at Faun på nokre vis hadde dei same funksjonane som helikopteret har for anleggsfolk i dag. Og det var ikkje berre hyggeleg. Med fleire hundre mann i fjellet, skjedde det dødsulukker. Då var det BKK-båten som frakta båra. Båten var naudsynt og ei trygd for samfunnet i fjordane. Det hende aldri at Ingolf eller BKK sa nei, minnest Alf Solheim. 

Arne Hope arbeidde på BKK-verkstaden då det var utbod på anleggsutstyr. Han tipsa broren, Bjarne, om dette. Og den Oslobusette masfjordingen fekk med seg tre grannar, baud 26 000 kroner, og var brått ei glede og ei sut rikare. 

Ausa rundt kysten 
Bjarne Hope, skattedirektøren i kongeriket, fortel at venegjengen henta Faun i oktober. Båten var såpass merkt av tidas tann og anleggslivet at askøyveringen, ein pensjonert kaptein, som skulle fylgja med rundt kysten, på ståande fot takka nei til skipperansvaret. Men båten var ikkje verre enn at han kunne vera med som kjentmann. Haustveret og den torpedoforma Faun synte seg snart å vera nokså lite i harmoni med einannan. Torpederte bølgjer hadde ein lei tendens til å hamna under dekk. 

- Og så var sjølvsagt lensepumpa gåen. Me auste båten med hand kysten rundt, hugsa ein lattermild Bjarne Hope. Den mariniserte anleggsmotoren gav ti knops fart og ei rekkje overraskingar. 
Venegjengen delte på arbeid og bruk av Faun nokre år, til vedlikehaldet vart for krevjande. Då var det Trond som var berginga mot å lova at båten skulle takast vare på og forbli i landet. Og no er han berga. 

Ei sjøsetting under Hardanger Trebåtfest 18. juni frigjer plass til Faun i arbeidshallen på museumsverftet i Norheimsund. Her kan folk stikka innom og følgja med på framdrifta i arbeidet. 
Torbjørn Kaarbø reknar med ytterlegare støtte frå Riksantikvaren, men det er ikkje nok. 

Fartøyvernsenteret er på jakt etter private sponsorar til sjølve restaureringa. 


Dagleg leiar Torbjørn Kaarbø (t.v) og dokumentasjonsansvarleg 
Åsmund Kristiansen i Hardanger Fartøyvernsenter ombord i Faun. 

Artikkelen er henta frå BKK-NYTT nr. 5/99 
Tekst og foto: Åsmund Soldal 

   
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal