Liv og slit i Masfjorden i gamle dagar
Forfatter: Ola R. Midtbø
Publiseringsdato: 03.07.2003
Tia frå 1800 og framover var i sanning ei trong
tid. Fyrst var det krigsåra med svolt og dyrtid og mangeslags elende.
So gjekk då staten falitt, og folk miste mest alt det dei hadde spart
saman.
Det som her kjem etter Ola R. Midtbø, vart kladda
i ei stilbok 1944, etter oppmoding av Arne Bjørndal. Dei to var
gode vener, og Bjørndal fekk mang ein væn lokk og religiøs
folketone hjå Midtbø. Han var ei "oppkoma" utan like i Masfjorden
- når det galdt mål og musikk og minnerike serdrag frå
eldre tider. Då Fjon til Fusa tok til å koma, vart Ola R. Midtbø
ein av dei årvisse medarbeidarane. Ein høgt skatta medarbeidar
var han og i Norsk Målførearkiv og i Norsk Ordbok.
Då han brått og uventa fall frå i 1950
i ein alder av 73 år, skreiv Arne Bjørndal heiderlige minneord
om denne gjeve fagnamannen (i årboki 1952). I Midtbøs etterletne
manus, som vart nedskrivne i tilfeldige stunder og farga av hans eige bygdemål,
er fint lite retta.
Det gamle samkomeliv so' kom vekk
At det gamle samkomeliv kom vekk, hev fleire årsaker
og heng i hop med den ting at mest alle gamle sedvanar kom vekk eller vart
mykje umlaga, især i den fyrste halvdel av det 19de hundreåret.
Det var ei ny tid so' trengde seg inn. Ei tid so' me no fer til og ser
verknaden av. Visst fylgde der mykje godt og gagnleg med den nye tid, men
folk er no eingong slik, dei kan kje halda måte. Det vart til det
at mest alt gamalt vart forkasta. Folket leid stor skade på si sjæl.
Me eldre minnest ei tid då folket på landsbygdene
budde i ei timbra umåla stova, med høge dørstokkar,
rett og slette dører med klinkelås. Eit langbord med fast
høgsæte og fast benk inn for bordet og lause forsete framanfor.
Ei høg seng i inste kråna og ein svær jarnomn i ytste
kråna. Til helg og høgtid var der strødd kvit skjelsand
på det kvitskura golvet, gjerne med litt
finhakka sprakje ovanpå.
Folk var
sjølvhjelpne
Dei kjøpte lite og ingenting, for pengane var
fåe og småe, so ein fekk være glad ein fekk skrape ihop
sopass ein trong til dei mest naudsynte ting. Sko, klæ, reidskap,
kjørel m.m. laga ein sjøl.
Kom der ein framand til tuns, so ein vilde visa vyrdnad,
bad dei han inn og tok ein rjomekolleask or mjølkeskåpet og
sette på langbordet. Braut eit par brødleivar i fire og la
attved. Fann ei rein skei av horn eller tre. So bad dei den framande setja
seg innåt. Som regel måtte han nøydast. Var husbonden
heime, sette han seg gjerne i høgsætet og skifte maten med
den framande.
Hadde ein bo'de vener eller skyldfolk saman i gjestebod,
eller dei kom ubedne-, so var det heimeavla og heimelaga mat dei fekk.
Jamnast rjomekolle med det same dei kom. Sidan steikt kjøt eller
flesk attåt flatbrød. So dravle eller mylse. Kjøt og
sodd til kvelds, og som toppen på det heile: rjomegraut.
Hadde ein øl i huset, so var det sjølvsagt
både fyrst og sist, men då vart rjomekolla sløyfa, for
øl og mjølk samde ikkje, sa dei gamle.
Då desse dampane kom, og det vart lettare samferdsla
med byen, fekk landsfolket meir greide på kor folk hadde det i byen.
Då for ein og annan til å ta etter byfolket i sume ting. Dei
yngste især. Det vart etterkvart til det at det gamle vart simpelt
mot alt dette nye som kom frå byen. Skulde dei gjeva ein framandmann
mat, laut det vera "stomp" og kaffi. So laut ein ha steinkjørl frå
byen. Bykjøpte knivar og skeier og alt som tilhøyrde. Men
alt dette kosta pengar, og pengar hadde folk ikkje. So laut det før
være då, og den framande fekk fara utan nokoslag gjesting.
For ingen vilde stå til skammar eller kome i folkesnakk av di dei
ikkje hadde skikkeleg mat eller fine nok kjørler so' tia krov. Skulde
ein be nokon i gjestebod, var det noko av det same. Ein laut tenkje seg
vel um før ein bad nokon. Kostesamt var det og. I bryllup og gravferder
vart det ikkje råd lenger å koke eit godt gamaldags sodd. Nei,
det laut vera "sosekjøt". So vart ikkje det godt nok heller. Det
laut vera "steik". Å bruka fisk og poteter med smør og flatbrød
til, var mest ei skam so' dei ferraste våga ta til med. Dei gamle
ølskålene vart ureinslege og "uhygeniske", nei, det laut vera
flasker og glas.
Attåt dette kom andre ting til. Prestane hadde ovende
mykje å seie millom folket i den gamle tida. Stort sett var ikkje
prestane dei verste, men dei var som regel av eit heilt anna "miljø"
enn bygdefolket. Dei hadde ei høgare "daning" , eit anna livssyn,
ein kræsnare smak. Dei prøvde å få folk å
slutte med skikkar so' dei tykje var gamaldagse og "forrående", og
streva jamt med å få innført meir moderne ting. So kom
pietistrørsla og lækpreikarane i 1880-åra. Då
vart alt synd. Folket fæle syndarar. Bygdene fekk syndehol. All moro
synd. Fela eit serleg djevelens reidskap. Alt det gamle vart svart. So
kom avhaldsrørsla i same tid og tildels ilag med lækpreikarane.
Den fekk mange med seg, serleg millom dei unge. Det gamle
gjestebodslivet med sine gamle drikkeskikkar vart noko
av ei folkeskam. So kom dei nye lærarane - seminaristane -, og so
kom folkehøgskulane og ungdomsskulane med sine idealistar og totalistar
m.m. Alt drog den same vegen. Dei gamle vart meir og meir yvergjevne. Det
laut vel vere so då at dei hadde fare utav vegen med desse gamle
skikkane sine. Fela vart vekklagd.
Ho høyrde no heilt ihop med dei gamle samkomene
og gjestebod. Like eins ølskålene. Dei unge la av gamle skikkar.
Fela bytte dei bort i vindspelet. Var det til religiøst bruk, vart
det gitar o.l. "Dei klonka på ei fjøl". Når folk no
skal stetta trongen til å kome saman og ha hugnad av einannan, so
lagar dei "vennestevner" der dei preikar og syng dagen lang og klonkar
attåt. Stutt sagt: Dei gamle samkome - skikkane kvarv av di der kom
ei ny tid med nye skikkar og eit nytt livssyn på nærsagt alle
umkverve. Dei gamle lika det ille. Ein av dei hadde eit stev: "Da nye æ
no allstldt gildar, da æ kje då likare lell".
- I Kvenne Karis Vise er Landstad inne på det same:
Eg totte det var tregalege
rive det skufit ned;
men der vexe no sure aplar
alstøtt på gamle tre.
Gud hjølpe den, som er gamal!
Det trong ikkje vøre soleis. Folket kunde gjenge
like godt fram på alle umkverve um dei hadde halde meir på
sitt eige. Ikkje alle stader vart det like gale. Men sume stader hev folk
alle tider vore meir narrevorne enn andre, kor det no kan ha seg.
Det gjorde vel mykje dette at folk fekk betre råd
etter kvart. Og med rådi ein kræsnare smak. Det gamle vart
for ringt og simpelt, og so denne apekattnatura i folk !
Tronge
tider.
Tia frå 1800 og framyver var i sanning ei trong
tid. Fyrst var det krigsåra med svolt og dyrtid og mangeslags elende.
So gjekk då staten falitt, og folk miste mest alt det dei hadde spart
saman. Alt låg nede. Alle laut ta til ånyo. Ingen hadde pengar
å hjelpe seg med. Å vere mest mogeleg sjølvhjelpen,
var einaste vona. Fyrste ættleden etter 1814, so' hadde oppleva hardår
og borkebrødet, heldt trufast på den strenge læra dei
hadde fått. Det leid langt framum midten av 19-hundrad - talet før
det synte seg nokon større snunad i dette.
I 1800-åra var mest alle bøndene leiglendingar
eller bygslefolk. Men just i denne hardaste tia byrja det å kome
skikkeleg fart i at folk kjøpte gardane sine. Det gjekk mykje på
låning, og der for mykje av dei pengane folk hadde liggjande på
kistebotnen. So vart det å dra på skuld for dei so' kjøpte.
Innkomene av gardane var syrgjeleg småe. Drifta tungvint. Ikkje ein
vegstubbe. Det var ryggen so' var transportmidlet på landjorda, og
båten og armane på sjøen. Reidskapane var dårlege.
Lite nok ei skikkeleg møkkjerre. Alt laut berast på ryggen.
Ja, inntil møka mange stader. Øykjene vart helst nytta um
vinteren i skogen, og til å kjøre møk og stein m.m.
på sleføre. På mange gardar fanst ikkje øykjer.
Det svara seg ikkje å fø på dei, sa folk. Sume gardar
hadde øyk i hop. Um sumaren var øykjene på fjellet,
i hage. Høyet bar folk inn alle stader. Dei herma etter ein prest,
Th. Frølich, so' var her, at når han vart gamal, vilde han
vera hest i Masfjorden. - Verst stelt var no dei so' budde langt frå
sjøen. Nei, eg hugsar dalingane her hjå oss. Dei for stritande
med tunge byrer, mange menneskje i lag jamnast. Både kar og kvinnfolk.
Jamt var heile huslyden med og bar, både store og små. Dei
hadde sine visse kvile med sine serlege namn.
Dei hadde nok øykje oppe i dalane, men der var
ikkje råd å bruke dei i sjovegen deira. Der var fleire vatn
å ro um. Der var lange trestigar å klyve i. Lange trestokkar
langs etter bratte berg og blaute myrar. Nei, ein laut nok leggje ryggen
til sjøl.-
Når ein var van med detta frå barneåra
og ikkje visste um noko anna, so gjekk det bra. Men det laut vera sterke
og hardføre folk so' skulde bu på slike stader."Dei kan kje
alle bu på strandgat'n," sa dei med beisk resignasjon når dei
såg kor mykje lettvintare dei hadde det so' budde nære sjøen.
Reidskapane folk bruka var fælande tungvinte, mange
av dei. Ein trehakje med jarnbeslag i enden var det vissaste åkerreidskap.
Plog og harv var ikkje i bruk før det leid fram til midten av hundradåret.
Møkgreipene var helst av tre, og var so tunge å arbeide med
at ein kar sleit ut ei skinnbrok for kvar motting han laut lesse på
med ei slik greip. Ein laut nemleg bruke kneet og låret til å
trykkje greipa inn i møka med.
Alle reidskap var heimelaga. Folk var jamt flinke smedar,
men det kunde no vera so ymse. Sume av dei ljå so' var laga heime,
var ikkje rare. Det var eit reint helseslit å gå med ein slik
dårleg ljå i lag med andre so' hadde gode ljå. Slipesteinar
hadde dei ikkje før i 1850-60 åra.
Ljå og andre bitjarn tynnte dei ut i smia sjølve
- og brynte so egg i dei med store bryne. Dei kalla slike ljå for
tynnsleljå.
Kornet skar dei med sigd og treskte det med tuster. Seinhaustes
høyrde ein den taktfaste banking frå kvar ein låve.
Dei hadde mange fleire beist um vinteren enn dei kunde
fø av det for dei avla på garden. Difor laut dei i marka og
"bjerge" heile vinteren. Der var fleire slags "bjerg". Der var no fyrst
lyng so' dei byrja skjære um hausten og elles heile vinteren når
det var råd til det. Dei hadde store stål med lyng. So var
det ris - bjørkeris. Det var eit godt "bjerg", iser når det
leid på vinteren medan komrane for til og svall ut. Til å "lynge"
og "ripe" var både kar og kvinnfolk med, men når det gjalt
å "skave", var det berre karane. Dei skov mest allslags lauvtre,
men best var skav av raun, osp og eik.
Sauer og geiter gjætte ein heile vinteren for udyr.
Kyrne gjætte dei tvo og tri viker etter dei var løyste or
floren. Når dei var "daurde" og "lagt framme", so gjætte ein
dei ikkje lenger. Då laut dei ta det på seg sjølv. -
Det seier seg' sjølv at når ein skulde driva gard på
denne måten, laut ein ha god folkehjelp.
Til det so' før er nemnt, kjem ogso at kvar mann,
både dei so' budde ved sjøen og dei so' budde eit stykke ifrå,
dreiv fiske. Både heimefiske og havfiske. Dei var på Fedje
mange turar for året. Dei fiska der ute, og dei dreiv bytehandel
med havfolket. Det kunde vere ymse matvarer dei bytte. Slikt so' surmjølk,
brim, ost o.l. Eller det kunde vere bruksting dei hadde laga sjølve:
kjørler, tresko, soplingar, vidjer, årar, basttog og mange
andre ting.
Um vinteren for sume på vinterfiske til Kinn og
Batalden med garn og båtar. Kvar sjogrend med sildenøter so'
dei kasta brisling og onnor sild med um sumrane. Og so makrel og spir.
Kvar gard hadde ein sumarstøl med sæter.
Dit var det jamt både tungt og langt, og alt måtte som regel
berast på ryggen. So jamenn trongst der folkehjelp.
Kvar mann hadde dreng og gjente. Sume hadde tvo av kvart
slag. Årsløna for ein dreng var i 1850-åra umkring 4
dalar, men hadde tidligare vore mykje lågare. I 1820-åra mindre
enn det halve i kontantar, men naturaliene var pålag dei same. Ein
dreng tente eit år for ein hatt hjå Majoren i Torsvika.
Naturaliene for ein dreng for året: Fjortan alen
kvitt vadmel. Eit nytt skopar (lersko). Fire merk god ull til sokkull.
Eit sauefor dersom han hadde sau, og det hadde han mest alltid. Dessutan
hadde kvar dreng rett å brjote seg ein åker. Denne åkeren
kalla dei Kovringsåker, likesom dei kalla det ein tenar hadde utanum
pengeløna for Kovring. Dei sokalla Lopredagar var tenarane frie
og kunne gjera kva dei vilde. Lopredagar kallast slike avlagde helgedagar
(halvhelgedaga) slik so' alletriedagane - Jol, Påske, Pinse - andre
nyårsdag, Kyndesmessedag, Olsokdag, Helgemessdag og Mikkjelmessdag.
(Denne dagen var drengene i marka og jaga etter hjorten).
Tenestegjentene si løn var i 1850-åra kring
3 dalar året, men hadde før vore mykje mindre, ned til 1 dale
året. Naturalier for ei gjente var 12 alne kvitt vadmel. Ler til
eit nytt skopar, fri skolapping. Fire merk sokkull, eitt sauefor og ei
kovring potetene or ein liten åker. Desse potetene selde dei. Gjentene
hadde fri lopredagane og. Då sydde eller sauma dei so' regel.(Dei
sa jamnast "taus" i staden for gjenta). Det var stor skilnad på tenarar
og på husbondsfolk,- Sume husbondsfolk so' hadde fått ilt ord
på seg, kom jamt opp i bal med å få tenarar. Dei freista
då stundom å leggja litt til på løna, men detta
var illa lika av dei andre. Å "by tenarane opp med penga", vart rekna
so' eit ålvorleg brot mot god bygdeskikk og godt granneskap.
Dagløna for ein vanleg kar vart rekna ei ort -
80 øre dagen, og maten. Men folk leigde mest aldri nokon på
dagløn utan det var noko sers dei hadde fyre, slikt so' vøling
eller byggjing av hus, steingard - eller noko slikt. Der var nok ymse gutar
so' dreiv det med å vera "lausekar", men dei vart visst ikkje feite
av daglønene dei fekk. Men so freista dei seg med anna. Dei slo
gras i utslåtter um sumaren og fødde beist med det. Sume for
til Sunnfjord og kjøpte beist. Desse beista hadde dei i god hage
um sumrane og selde dei um hausten. Dei kunde gjere det nokså bra.
Sume kjøpte skogteigar til uthogst, og kunde med mykje slit ha ei
mager dagløn. Det kunde vere so ymse. Til byen for der ein og annan,
men det var fåe. Men so byrja dei å fara til Amerika, og det
frettest at ein der kunde tene like mykje på ein tvo-tre dagar so'
ein her fekk fyr eit heilt år, då var amerikafeberen strakst
i full sving.
Denne amerikatida var eit av dei tildriv so' fekk mykje
å seia for den snunad det vart i bondesamfundet vårt her. Eg
er redd for den gjorde meir ilt enn godt. I vissa tappa den bygdene for
det beste og kraftigaste blodet den tid det stod på, og dette måtte
merkast einstad.
Her var ymse gjenter so' ikkje tente, men var "lausgjenter".Dei
prøvde å slå seg gjenom på ymse vis. Jamt tok
dei seg fjellstøl um sumaren. For det kunde dei få frå
halvannan opp til 2 dalar i 1850-åra. So tok dei ull frå folk
til spinning, men greidde ikkje stort meir enn ei mork på dagen av
fint garn.
Sume tok hamp frå byen til spinning. Og not til
binding, men det var elendig betaling, der og. Dei kunde vel halde ein
20 øre dagen, var dei flittige nok. So vov lausgjentene åt
folk. Dei fekk tvo skilling alnen for vadmel og einskjefta - og kunne greie
ca. 6 alner um dagen. Sume gjenter leigde seg støl og tok hagebeist
frå andre so' dei stia og stelte um sumaren. Stundom fekk dei betaling
i pengar, og stundom hadde dei tredjeparten eller halvparten av avdrotten.
I onnene haust og vår leigde slike lausgjenter seg ut til folk so'
trong hjelp. Sume for kringum og baka flatbrød åt folk. Sume
skar lyng, men alltid var det laga so at dagløna var elendig.
Men likevel var det so merkeleg at gjentene i den tid,
når dei skulde gifta seg, so hadde dei alltid nokre dalar, jamt yver
ikkje så fåe på kistebotnen når dei fann seg ein
make. Jamnaste var kista deira godt sett med både gang og sengklæ.
Det vart på langt nær ikkje so mykje sidan - då lønene
vart større. - Sikkert nok, kor det kan ha seg.
Som før nemnt var mange gjenter på setrane
um sumaren. Det var jamt tvo setrar under same tak, med timbervegg i millom
og skot med skorstein i kvar ende. Sætra låg jamt milevis til
fjells, og alt laut berast til og frå på ryggen. Sume stader
var vegane so dårlege at det var ikkje råd å reie (klyvje)
um ein hadde hest.
Prisane på det bøndene hadde å selje
var ikkje rare. I 1850-åra fekk dei ca. 8 ort for ein famn ved. -
2-3 skilling morkja for smalekjøt, 7-8 skilling morkja for smør.
Eit vanleg slaktenaut: 3-4 dalar. Slaktenauta vart mest alltid selde til
farande handelskarar. Mange av dei var frå Lindås. (Um prisar
i 1860-70 åra sjå Th. Frølich: Masf. Hist. s. 409.
Prisane på trematerial so' hadde mykje å seie
for bygda her, var også i tilhøve til det andre. 1880-90 åra
var dei komne opp noko, så då fekk ein 4-5 kr. for ei tylft
bord på 4-5 alner (1 kr. alna). 4 kr. alna for ei tylft 8-toms timber
7-8 alner langt og 3 tommar tjukt. 1 kr. alna for 1 tylft 4x5 sperr.
Det som sermerkte den gamle tia var at folk sette si ære
i å spare mest mogleg, og å kunna hjelpe seg sjølv.
Denne lære var gjengen folk i blodet, og var vorten innprenta djupt
i medvitet av naud og hardår med svolt og borkebrød, med ufridom
og trælking, med umenneskjeleg slit og med nådelause, jamt
urettvise sociale tilhøve. Det var korkje forsorgsvesen eller trygdekasse
å lita på. Nei: hjelp deg sjølv - eller gå til
grunns, var parolen.
Som døme på kor sparsame folk var i gamletida
skal nemnast at for det meste gjekk karane i berre underbuksa når
dei var heime. Ja, når dei var på sjøen og med. Dette
kom seg for ein del av at dei då var mykje lausarer og ledigare til
arbeid og tunge røyningar, især når dei skulde ferdast
i bratte berg og ulendte vegar.
Men like mykje trur eg det kom av at ei ulita bukse var
mykje billigare enn ei lita bukse, for liten (fargen) var som regel svært
dyr og vanskeleg å få god.
Dei hadde nok svarte sauer, so dei fekk seg grått
vadmel, men likevel. - Eg minnest å ha sett ei kongeleg forordning
frå dansketida om at vanlege bønder ikkje hadde lov å
bruka lita klæ - Eg hev sett at kara so' hadde langt å ro,
drog utanpå-buksa ned so dei sat på berre underbuksa. Dei skulde
spara på den dyre blåbuksebaken sin. Av same grunn var der
sume so' ikkje vilde sitja i kyrkja. Dei vilde helst stande. - Endå
so sparsame og arbeidssame folk var, so hende det både kar og kvinna,
at når dei var gamle og ikkje greidde det tunge arbeidet, so hadde
dei ikkje noko å leva av, men laut trengja til dei andre etter levemåte.
Det var det tyngste so' kunde hende eit ærekjært arbeidsmenneskje.
Men altfor mange truslæparar laut freiste den lagnad å ga so'
lægdslem frå hus til hus. Nei, då hev me det betre no.
Allvisst sidan alderstrygdi kom istand.
Eit døme på løningar i 1850-åri:
Emanuel Monsen Birkeland var skulemeister i 1850-åri.
Då han byrja å skule, fekk han 6 - seks - skilling dagen i
løn. Han var ei tid leigd til å skule i Austrheimsokni. Men
han let illa yver maten han fekk der. "Hansend fekk eg ikkje supe fire
gonger om dagen, so vomma sto strak so ei tromme", sa han. Men han var
kamme-makar, og skar kamma med han skula, so han hadde vel like mykje for
det so' for skulingi.
Nok er det: Då han slutta skulinga i 1865, kjøpte
han seg jord på Grinde i Gula og budde so' ein velstands mann all
sin dag.
Skottar
og skottetradisjon i Masfjordbygdene
Ei tid var her mykje hopehav millom Skottland og Vest-Noreg.
Det var skogen og utførsla av trelast so' gjorde det. I Skottland
var det lite skog, men mykje bruk for trelast både til skipsbygging
og anna. Det må visst ha vore tidleg denne trafikken tok til. Det
ser ut so at skottane og desse andre framande dreiv denne skoghogsten nokso
vidt, for styremaktene gav gong på gong lover og forordningar so'
skulde hindre formykje rovhogging; men det ser ikkje ut til at det hev
hjelpt stort.
Bøndene som åtte skog, var vel jamt pengelause,
då som no. Dei andre so' åtte gardar og skogar, såg vel
mest på kva so' gav dei mest vinning. Dei hadde kje stor tanke um
å spare skogen.
Her i bygda er det endå ymse minne um skottane og
den tia dei ferdast her. Det vert fortalt at garden Sleire var radt aud
for folk etter svartedauen. Då kom der ein mann frå Skottland
og sette seg til å bu der. Og sidan var det folk av hans ætt
so' budde der. Sikkert er det at Sleire alltid hev vore kalla for Skottland
og sleiringane for skottar eller skottlendingar. (Sjå Th. Frølich:
Masfj. Hist. s. 167).
Der Sleirselva renn ut i sjøen ved Frøyset,
er det ein stor hyl i elva der sjøen går opp når det
er flod. Denne hylen kallast Skottejakta, og der skulde skottane ha materialane
sine liggjande - etter å ha løypt dei ned elvane. Sume stader
ved sjøen kallast "labergje". Der skulde dei framande ha material
liggjande. I Duesundmarkja er der eit slikt laberg. Like ovanfor Tyskebotnane,
so der heve nok vore andre enn skottar so' hogde skog. Inne i Masfjorden
på austre sida av Sjeidalen, er der ein strekning so' før
var kalla Englandssiå eller Englesiå, av di det var allslags
"englar" so' heldt seg der og hogde. Dei hev nok ikkje vore sers velsedde.
Sume seier ogso at denne strekningen var seld for ei skinnbukse ein gong
i tidi. (Sjå Masf. Hist. s. 205). Lenger inne i fjorden på
same sida var der ein strekning dei kalla Skottestranda. Der var det skottar
so' hogde. Eg hev høyrt eitt skottenamn til der inne i fjorden so'
går inn til Haugsdal og Matre, men eg hev gløymt det. Der
er sikkert ogso fleire skottenamn kringum markene, so' eg ikkje veit um.
Men no fer dei vel til å gløymest. Forutan sleiringane reknar
folket på Haukeland seg for å vera av skotteætt.
Kringom i markene er det ymse stader der det er grave
djupe rette kanalar. Det er på slike stader der dei vanlege framkomstvegane
er krokutte at desse kanalane er laga. Berrsynt hev det vore svært
lange tre dei hev drive fram her.
Gamle segner fortel at skottar og engelskmenn ei tid budde
på Fedje. Dei åtte Fedje øy, seier segni. Sume seier
det var hjeltar (hjaltlendingar) so' åtte Fedje. I Austrheim er Hjaltholmen
og Hjelteskjæret.
I Lindås var ein gong ein prest (kapellan) so' heitte
Thomas von Westen Angell. Denne mannen skreiv ein "beskrivelse" av prestegjeldet
sitt i 1753. Han seier um Fedje at det "først for to hundrede aar
siden af norske er bebygget. Før den tid (altso før 1550)
skal Øen være beboet av Englænderne og Skotlænderne
at hvis stenhuse adskillige rudera endnu sees". (Masf. Hist. s. 201.)
Tilhøvet millom skottar og nordmenn hev visst vore
nokso godt. Etter tradisjonen hev det vore so intimt at når de hende
at nokon av bøndene - der skottane var - fekk kona si i barselseng,
so for der straks eit skottefarty yver sjøen etter
"sengekonemat". Det var rjomegraut. Og dei fortel at
ferdi yver sjøen hitatt, var so snøgg, at grauten var ikkje
kald då dei kom her med han. (Dei må no vel ha hatt ei ekstra
hiting på han då). Men visst er det at skottar og nordmenn
kom godt utav det med kvarandre. Skottane hadde sikkert folk som låg
yver her um vintrane, for då laut materialen hoggast og framhavast.
Største materialane - mastetre o.l. - laut takast
fram med folkemakt, og då trongst det mange mann. Skottane må
ha butt på gardane, og me kan vere visse på at dei var ikkje
radt passive dei lange vinterkveldane og elles når dei ikkje kunde
koma i marki. Dei hev vel lært ymse av nordmennene, og truleg lært
minst so mykje frå seg, både med hand og munn. Skottane var
vel helst yngre spræke folk, dei var nok med i leik og gaman - noko
her var mykje av då. Dei hev sunge sine songar og leika sine leikar.
Nordmennene hev lært noko der og. No hev me diverre gløymt
mest alt frå den tida, men endå er her sumt som hev sitt upphav
frå skottetia hjå oss.
Ein folketone
Med umsyn til den tonen, so syner det seg å vere
same tonen som den til "Du gamla, du fria, - so kan ikkje eg gjeva nøgnare
greide enn at eg høyrde den av mor mi, Marta Olsdotter. Eg tykkjest
hugsa ho song den til ein tekst so' eg trur var eitslags sjømannssong,
men det der kan eg ikkje få klårt fram i minnet. Men tonen
hugsar eg godt, for eg tykte den var so vakker. Ho mor var fødd
i 1845, og må ha lært tonen i 1860-åri. Kven ho hev lært
den av, er umogeleg for meg å vita. Far hennar, Ole Torgersen, kunde
eit utal av tonar og songar. Mor lærde dessutan mange songar av ei
Lisa Solheim, so' var frå Kalhovd. Ho var noko eldre enn mor, og
var so hæv å syngja.
Sandvikebryllope
Aamund J. Birkeland (Kvamsdal) og Jetmund J. Birkeland
hadde kjøpt ein skogteig hjå dei i Ynnesdalen ned med Sandvikane.
Dette var i 1870-åri. Det var urete der dei skulde få veden
ned til vatnet, so det var ikkje råd å kjøre. So tok
desse karane og saga veden opp i alnekubbar og sette den i lad der oppe
under hamrane. Der var fyrti mål ved. So laga dei seg eit par tynner
godt øl, og fekk seg fat i noko brennevin. So baud dei kara ihop
til duna (dugnad). Dei vilde bere veden til vatnet.
Ein dag samlast der då i Sandvikane ein 14-15 kara
og tok til å bera på denne veden. Dei tok seg vel ein og annan
dram, men det vart ikkje so mykje fyrststundes, men då det leid på
dag, og dei såg det vart ilt for dei å greie å få
veden ned den dagen, laut dei røyne seg meir og ha meir kveikjing.
For veden skulde ned den dagen. Dei vilde ikkje ha den skammi at dei ikkje
skulde greie det dei hadde teke på seg. Dei sprang både opp
etter byre og ned med byre på. Men drammane laut aukast for å
halde stimen oppe. Der var ein stor stygg kubb so' ingen vilde ta i byrå
si. Sjur Lindebotn baud seg til å ta kubben opp i byra si, hvis han
fekk ein dram ekstra. Drammen fekk han, og kubben vart lagd oppå
byra hans. Men då han kom ned i ei blaut myr, seig han nedi og fekk
både byra og kubben oppå seg.
Då kvelden kom, var dei ferdige - og so bar det
til Byrkjeland med heile laget. Der var det å gå til bords
på bryllupsvis.
Sveitte og heite var dei, men dei spela og dansa heile
natti og drakk øl og drammar med dei vann. Då ølet
var ende, rusla dei heimatt kvar til seg, men dei var i eit syrgjeleg være
då atterslaget etter røyningi og turingi kom. Øystein
Ropehøgjen sa sidan: "Pinedeg, va eg so laoke i ryggja i fjorten
dage attepao, at eg laut stao å sitje. Eg tord ikkje krukje alder
so lite".
Denne dugnaden kalla dei sidan for Sandvikebryllope. |