Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Bygdebøker
Fjon frå fjell til fjord
Masfjordboka 1978
Leksikon
 
 

    

     
Masfjordbåtar på Hordamuseet
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 23.04.2003

For fiskarbonden i Nord- og Midthordland stod båten heilt sentralt. Hordamuseet har ei stor samling av tradisjonelle bruksbåtar frå distriktet. Seks av dei har tilknytning til Masfjorden, bl.a. "Frølichen". 

Kyrkjeferd 
Hordamuseet har 4 båtar som vart brukt til kyrkjeferd. To av dei har tilknytning til Masfjorden. (Bilete har ikkje tilknytning til båtar som er omtala) 

Type: Tiæring av Masfjordtypen. Råseglrigga. 
Lengde: ca. 8 m. 
Opprinneleg brukt som kyrkjebåt, dvs. frakting av folk til og frå kyrkja. Har sidan vore brukt som legeskyssbåt og til frakting av torv. Båten er bygd av båtbyggjar Hosøgne før 1850. Han bygde to slike båtar. Tidlegare eigar, Søren Halsvik, Skuggedalen i Masfjorden, kjøpte båten i 1919/1920. Båten vart seinare brukt av sonen Niklai Børilden, f. 1894, til frakting av torv på Børilden. 

Type: Tiæring av Hardangertypen, bygd i Masfjorden. 
Lengde: 8,32 m. 
Brukt som kyrkjebåt. 

Skyssbåtar 
Hordamuseet har 5 skyssbåtar. To av dei har tilknytning til Masfjorden. 

"Frølichen" 
Type: Åttring, presteskyssbåt frå Masfjorden. 
Lengde: 6,97 m. 
Sprisegl. Båten vart bygd i Nordfjord i 1870 og kjøpt inn til Masfjorden. Presten i Masfjord, Th. Frølich, brukte han som skyssbåt i tidsrommet 1881-1892. Han budde i Botn og hadde eit rolag på fire mann. 

Type: Åttring av Masfjord/Osterøytype. 
Lengde: 7,04 m. 
Dette er ein båt med høge stavner. Har truleg vore brukt til kyrkjeferd o.l. 

Andre bruksbåtar 

Type: Masfjordbåt. Færing. 
Lengde: 5,22 m. 

Type: Seksæring frå Masfjorden. 
Lengde: 6,56 m. 
Har vore brukt med assymetrisk råseglrigg. Dette kan ein sjå av hola for spytet framme i baugen. Båten var bygd før 1890. 

Kjelde : Hordamuseet 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal