Nordbygda Samfunnshus
Forfatter: Klaus Nordli
Publiseringsdato: 29.11.2000
Reising av samfunnshuset var ei stor og viktig sak for
Nordbygda. Ikkje berre krevde det stor innsats frå innbyggjarane
i form av arbeidsdugnad, materialer og pengar, men også ein stor
porsjon mot og optimisme.
Klaus Nordli som vart vald til leiar for arbeidet og formann
i styret ved starten i 1976, har skrive denne orienteringa om Samfunnshuset
på Risnes.
Det var Ungdomslaget Framstig som tok initiativet til
nytt samfunnshus på Risnes. I 1928 hadde UL Framstig fått bygt
seg ungdomshuset dei kalla Bygdarheimen. Det seiest at det var lensmann
Riisnes som ga ideen til dette huset ved at han tilbaud seg å gje
trematerialen som skulle til.
Bygdarheimen var i mange år det største
forsamlingslokalet i Nordbygda, men på 1960-talet førde nye
og betre kommunikasjonar til krav om eit større hus og plass for
bilar å parkere. Ungdomslaget fekk laga teikningar for påbygg
av Bygdarheimen i fleire alternativ. Den mest omfattande planen vart lansert
som Lars Børnes-planen. Men ved skifte av leiing i Ungdomslaget,
skifte også planane for påbygg.
Tidleg på 1970-talet tok Gunnar Daae som då
var ordførar, opp forslag om samfunnshus saman med planlagt ny barne-
og ungdomsskule for Nordbygda. I eit valgt styre for dette prosjektet sat
Gunnar Daae som leiar, Martin Haugsdal, Magnus Midtbø, Roald Reknes
og Sjur N. Kvamsdal. Dei tok kontakt med bygdefolket om dugnadsinnsats
og gåver i form av materialer og pengar. Dei skreiv også utkast
til vedtekter for Samfunnshus, som seinare er nytta av noverande samfunnshus.
Saka fekk motbør av fleire årsaker. Først
vart ho avvist i skulestyret, og då ho kom opp i kommunestyret som
sak nr. 104/74, vart det tommelen ned for kombinasjonen skulehus / samfunnshus.
Saka låg på is til UL Framstig tok ho opp
på nytt hausten 1975. Dei skrinla no planane om sjølve å
byggje på Bygdarheimen. Dei meinte det var viktig for Ungdomslaget
å samarbeide med andre lag og organisasjonar slik at ein kunne få
statsstøtte frå Statens ungdoms- og idrettsutval, STUI.
Dåverande formann i Ungdomslaget, Johnny Birkeland,
fekk fem personar til å gå rundt i bygda å lodde stemninga
om bygging av samfunnshus utan at dette lenger var kopla til skulen. Det
tidlegare nemnde styret for sambygging med skulen, hadde rådd til
å prøve med eit frittståande hus dersom dette var mogeleg.
Det synte seg at interessa for nytt samfunnshus var stor,
både hjå den enkelte og i lag og organisasjonar. Ungdomslaget
kalla så inn til bygdemøte på Bygdarheimen for å
ta stilling til plassval og finansieringsmåte. Det vart sett fram
3 alternativ til plass:
1) Hostelandsmarka ved Storstemvatnet,
2) Skogedalsreset og
3) Tilbygg til Bygdarheimen etter Lars Børnes-planen.
Etter ein mindre diskusjon vart det stort fleirtal for
tilbygg til vestre enden av Bygdarheimen. Oppe eller i 1. etg. ville ein
ha sal og scene, og i underetasjen skulle det vere matsal. Den bygningen
som stod der, ville ein oppe nytte til toalett og garderobe, og heile underetasjen
til kjøkken. Det vart så kalla inn til nytt møte for
valg av styre for bygging av nytt Samfunnshus i Nordbygda, og desse vart
valde slik :
Klaus Nordli, leiar
Ivar Haukeland, nestleiar
Rigmor Andersen, skrivar
Jetmund Andvik, kasserar og
Inga Sleire, styremedlem.
Dette styret fungerte frå det vart vald i 1976 til
huset vart opna i 1986. Klaus Nordli var formann like til 1992. Styret
gjekk inn som byggjenemnd, og i denne var til ei kvar tid formannen i Ungdomslaget
med. (I reine styresaker var han ikkje med).
Under arbeidet med å få det formelle i orden,
så som byggjemelding og liknande, kom det protest frå ein av
naboane. Odd Holmås som hadde gjeve tilbod om tomt for tilbygget,
tok klagen til fylgje og trekte attende tilbodet om tomt. Grunn til tilbygget
måtte i så fall oreignast. Men Odd Holmås la samstundes
fram tilbod om tomt der samfunnshuset no står.
Det nye styret kalla no inn til nytt bygdemøte.
Det var ein full sal i Bygdarheimen og ei ganske oppheta stemning, særleg
blant dei eldre som hadde vore med på reisinga av Bygdarheimen. Dette
å gå inn i ei oreigningssak som sikkert ville ta lang tid,
og fordelane ved å få byggje nytt der ein kunne forme det heile
som ein ville, var for mange tungtvegande. Når alle som ville hadde
hatt ordet, vart det stort fleirtal for det nye tilbodet frå Odd
Holmås.
Det vart så møte med arkitekten Mindor Lågeide,
der våre ynskje vart framlagde for korleis me ville at huset skulle
vere. På dei teikningane me sende inn til STUI for godkjenning, måtte
kjøkkenet reduserast slik at sideromma vart gjorde større.
Når så teikningane var godkjende, kunne arbeidet
i marka ta til. Samstundes arbeidde me med finansieringsplanen. I 1978
rekna me med ein kostnad på 2 millionar. Me rekna med å få
ca 500 000 frå STUI. Resten måtte kommunen og folket i Nordbygda
skaffe. Då var ikkje ventilasjon rekna med i det omfanget det til
slutt fekk og 15 cm isolasjon i veggane, som det kom påbod om i 1979/80.
Ein valde her å leggje seg på dei nye reglane for isolasjon
når huset vart bygt.
Arbeidet tok til med boring av tomt i september 1977.
Det vart leigd rigg frå Vegvesenet som då arbeidde på
Masfjordvegen i Rekneset. Ein starta opp ein torsdagskveld, og mandagen
var tomta oppbora. Det var endå same mandagen det var Stortingsval
1977.
I 1978 vart tomta sprengd og planert, og vegen ned til
fylkesvegen vart utvida.
I 1979 vart det støypt fundament for kjellar,
murt veggar og montert spennkonbjelkar som dekke over kjellaretasjen. Bygningen
begynte å vise i terrenget. Samtidig med dette gjekk det føre
seg hogging av tømmer og saging av material. All material vart gjeven
gratis, bortsett frå laminerte
konstruksjonar.
På dette tidspunkt var det kome eit nytt styre
for Ungdomslaget som ikkje likte det som føregjekk.
Eg som formann vart kalla inn \"på teppet\", og
fekk beskjed om at det me dreiv med ikkje var lovleg. Eg tok til motmæle
og viste til årsmøte i Ungdomslaget frå 1976, der årsmøtet
gav alle si eige over til Samfunnshuset, men med rett til å rå
over Bygdarheimen inntil Samfunnshuset kunne takast i bruk. Dette årsmøtevedtaket
var endåtil underskrive av alle som hadde vore til stades på
møtet. Eg nemner dette for å syne at me hadde ikkje berre
medvind i arbeidet vårt med det nye Samfunnshuset.
I 1980 vart det arbeidd med å få fram material
og med fundamentering av inngangspartiet og garderobeanlegg for publikum
og skodespelarar. I 1981 vart huset reist, og det var under tak med dører
og vindauge på plass i november 81.
Arbeidsstokken var då ei blanding av dugnads- og
leigefolk. Ingvar Sleire og Klaus Nordli hadde permisjon frå vegvesenet
frå august til desember. Ingvar Sleire var bygningsteknisk leiar.
I tillegg til Ingvar og Klaus, var Leif Inge Fagervik med som løna
person.
Den dagen takstolane skulle reisast, måtte arbeidet
gå fram til klokka 0300 om natta, då sjåføren
som leverte takstolane måtte nå ferja frå Duesund kl.
0600. Og då troet vart spikra på taket, var heile 24 mann med.
Det var då ikkje råd å få \"ørens lyd\"
til ein samtale, for hamrane gjekk kontinuerleg. Det vart ein svært
triveleg dag. Om kvelden var troet kome på plass, og eldste deltakar
var 76 år gamle Martinus Børnes.
I 1982 vart takstein frå Wergeland lagt på,
og innreiinga av huset var i full gang. Det var mange og store rom å
kle inn, og då arbeidet fortsatt skulle gå på dugnad,
gjekk åra fort.
Kostnadsoverslaget på 2 millionar frå 1978
viste seg å verta for knapt, mellom anna på grunn av prisstigninga
frå 1978 og til frampå 1980-talet. I 1983 kom nye reglar om
at STUI kunne auke toppfinansieringa frå 500 000 til 1 million, og
etter råd frå Karl Andersen skreiv styret i 1986 til STUI om
tilleggsløyving på 500 000 kroner. Det første svaret
var ikkje negativt, men då formell søknad vart sendt fram,
såg det ut som Hordaland fylkeskommune var bremsekloss for tilleggsløyving.
Søknaden vart avvist, men med rett til å klage. Og klaga gjorde
me.
Så vart det nytt Fylkesting med nye folk Fylkeskulturnemnda,
og då vår klage vart handsama der, vart det eit heller stort
mindretal som støtta oss for tildeling, men me fekk avslag. Med
det var det fortsatt klagerett.
Samfunnshusstyret var no gått trøytt og
meinte det ikkje lenger nytta å klage. Men leiaren fekk fullmakt
til å klage dersom han fortsatt trudde det var håp. Og klage
vart sendt. I rettleiinga for klage vart det gjeve opning for advokathjelp
i forbindelse med klage.
Etter erfaring frå andre hald var eg merksam på
at når advokat vart nemnd, skjerpa ein seg i avgjerder som vart tatt.
Om det var dette som vart utslagsgjevande, torer eg ikkje påstå,
men i det endelege vedtaket frå fylkeskulturutvalet heiter det. -Med
dei nye opplysningane i klagen går fylkeskulturstyret samrøystes
inn for ny tildeling med ein tredjepart av utlagde pengar/dugnad etter
1.1.1983 med maksimalt 500 000 kroner-.
Medrekna verdien av dugnadsinnsatsen viste eg at til
1986 låg utgiftene på kring 2 millionar kroner.
Det var ein glad Klaus Nordli som mottok brevet om ein
ny halv million kroner i støtte frå Staten. Denne siste halve
millionen kom ca. to år etter at huset var opna 25 oktober 1986.
Eg har her ikkje nemnt dei som var sterkast med i røysing
av huset, men viser til dugnadsbok som er i Samfunnshusstyret si varetekt.
Klaus Nordli.
--------------------------------------------------------------------------------
Dugnadsboka har me ikkje fått tak i, men Klaus Nordli
meiner det dreier seg om temmeleg nær 20 000 timar og at det er svært
mange i Nordbygda som var med og teikna seg for dagsverk og som utførte
dugnad. Klaus meiner han sjølv har utført ca, 6000 timar.
Harald Børnes og Ingvar Sleire hadde fleire tusen timar kvar. I
tillegg til desse var det over 20 personar som gjorde betydeleg dugnad.
Samfunnshuset hadde då det vart opna i 1986 totalt kosta kr 4.000.000,-
Midlane vart hovudsakleg skaffa til veie slik :
Tilskot frå staten i 1981/82: kr 500.000,-
Tilskot frå Masfjorden kommune kr 550 000,-
Byggelån kr 300 000,-
Lån i Masfjorden Sparebank kr 150 000,-
Lån frå Masfjorden Næringsfond kr 180
000,-
Totalt : kr 1.680 000,-
Differanse som styret måtte skaffe : kr 2.320.000,-
Det vart sett i gang innsamling av pengar frå bygdefolket,
og rekneskapen syner at det til dømes i 1977 vart gjeve 34.400 kroner
av i alt 61 personar med summar frå kr 50,- til kr 3.000,-
Folket heldt fram med å gje gåver både
i 1978 og 1979 og ved utgangen av 1979 var det kome inn på denne
måten ca. 70.000 kroner. Ein del lag og organisasjonar hadde då
også teikna seg for partar.
Nemnast må også dei mange arrangement som
krinsane, Samfunnstreff og andre organisasjonar stelte til for å
samle inn pengar til Samfunnshuset. Men største tilskotet fekk ein
gjennom materialleveranser og dugnadsinnsats; ca 20.000 timar som også
inkluderer arbeid med maskiner.
Det tok 10 år frå styret var valt i 1976 til
huset vart opna i 1986. Det tok nye to år før sluttfinansieringa
var klar og siste tilskotet frå STUI kom.
I alle desse åra var Klaus Nordli formann i styret
og ansvarleg leiar for arbeidet. Det er eit stort og imponerande arbeid
Klaus Nordli har gjort for folket i Nordbygda. Me kan i dag alle gle oss
over det tenlege og flotte Samfunnshuset vi har fått.
Jonas Riisnes |