Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Bygdebøker
Fjon frå fjell til fjord
Masfjordboka 1978
Leksikon
 
 

 

     
Masfjordingar med i 1. verdskrig
Forfatter: Bygdelaget Nordhordlendingen
Publiseringsdato: 18.03.2003
   
Dei som kom med i 1. verdskrig frå Masfjorden, kom med på tre måtar; i den canadiske hæren, i hæren i Sambandsstatane, og dei som kom ut for krigen medan dei var ombord på handelsskip på sjøen. Bygdelaget Nordhordlendingen samle i 1921 inn opplysningar frå dei som deltok, og her er deira eigne historier. 

INNLEIING 
Bygdelaget Nordhordlendingen i Bergen sette ned ei nemnd som skulle samla inn opplysningar om nordhordlendingar som var med eller fall i krigen eller kom bort i han på annan måte. Tanken var å få til ei bok om dei, og nemnda skulle førebu dette arbeidet. Nemnda var: Berge Totland, formann, Adolf Elsås og Kristoffer Jansen, skrivar og sidan også kasserar. 

Nemnda hadde sitt fyrste møte den 19. november 1921. Ho vende seg til heradstyra i dei ymse bygder og bad dei nemna opp menn som skulle samla inn opplysningar og senda dei inn til nemnda. Gjennom bladi gjorde dei óg dette arbeidet kjent. 
Nordhordlendingen bar kostnaden med nemnda sitt arbeid. Etterkvart fekk so nemnda inn dei opplysningane som er nytta her, og som er eit utdrag frå boka. 

Dei som samla inn opplysningar om dei som deltok frå Masfjorden, var: A. O. Kvinge, Nils Kvamsdal, Mikal Sætre og Jens Kalhovde. 

DEN STORE HEIMSKRIGEN 1914 - 1918 
Tekst : Bygdelaget Nordhordlendingen 

I dei amerikanske hærane kom dei som var farne til Amerika. Både Canada og Sambandsstatane kom med i krigen, Canada alt frå fyrsten og Sambandsstatane våren 1917. Folk frå Canada kom mykje inn mellom dei britiske hæravdelingane og var med på deira part av fronten. Sambandsstatane hadde ingen oppøvd her, då dei gjekk med i krigen, og det tok lang tid til å læra opp ein slik hær. Ikkje hadde dei instruktørar og ikkje øvde offiserar til å føra folka. Alle måtte få øving, skulde dei verta brukelege. 

Når deira fyrste herdeilder kom til Frankrike, kunde difor den franske herleiding ikkje med ein gong setja dei inn i slaglina, der det røynte på. Dei vart sette på det "fredelege" Elsacefronten, so dei kunde læra seg upp. Fyrst um våren 1918, då det kneip um for vestmaktene, sette dei amerikanske herdeilder inn til å løysa ei stor sjølvstendig uppgåva. Det var i storslaget i Argonneskogen. Dette slaget var Sambandsstatane sin store militære innsats i krigen, og i den syner det seg at nordmennene og millom dei nordhordlendingane hev teke sin part både av arbeidet og kostnaden. President Coolidge sa på hundradårsfesten i 
1926 at nordmennene hadde vore det beste folkeinnslag i den amerikanske folkevev. Det er ingen ting i desse meldingane som motsegjer dette, og det er heller ikkje noko som tyder på at nordhordlendingane ikkje kann taka det til seg tilliks med dei andre frå vårt land. 

 

Lars Olsson Kvingo 

MED DEN TYSKE KAPAR "WOLF". 

Lars Olsson Kvingo er fødd på nordre Kvingo i Masfjorden den 20. februar 1893. Han var ute i eitt av dei merkjelegaste eventyr som nokon nordmann kom ut i under krigen. I umlag 9 månader var han mot sin vilje med den tyske kaparen "Wolf" som herja på havi. Um dette fortel han sjølv umlag soleis (her etter A. O. Kvinge): 

"Eg var hyrd med dampbåten "Wairunae" av New Zealand. og me var på reis frå New Zealand til San Fransisko i mai 1917, då me vart kapra av "Wolf". Umlag 2 dagars reis frå New Zealand var me nær nokre små øyar. Då kom det ei fljugemaskin yver oss. 

Maskina førde tysk flagg. Ho kasta ned ein liten sandsekk til oss. Samstundes kasta ho ei bomba nett framfyre baugen vår. Me såg den små sandsekken i lufti, men me trudde at det var ei bombe det óg, og sprang i lugarane. Sekken la seg nokso fredeleg på dekket. Kapteinen stod ei stund og visste ikkje kva han skulde gjera. Men so gjekk me fram til sekken og fann ei skrivi ordre um at me skulde fylgja fljugaren inn til "Wolfe", då fljugaren elles vilde kasta bombor ned på oss. 

Kapteinen vår fann det klokaste å fylgja. Det var ikkje so hugnadsamt å verta søkt av bombor heller. Me korn under Øyi, der "Wolf" låg, og ankra der. Her kom ein motorbåt frå kryssaren og fortalde oss at me var fangar. Og so lo dei so hjarteleg åt oss, avdi me hadde lete oss skræma. Kryssaren hadde kjelesjau og kunde slett ikkje setja etter oss. Me var 42 mann på "Wairuna" og alle desse laut umbord på "Wolfe". So slepa dei vår båt ut i open sjø og søkte han, etter at dei hadde teke alt som dei kunde bruka og hadde rom til, mat, kol og av farmen. Mannskapet vårt laut gjera arbeidet med å taka varone umbord på "Wolfe". Eg skaut meg inn under at eg var nordmann, og at mitt land var utanfor krigen. Eg nekta å vera fange og arbeida utan godtgjerdsla. 

Men tysken svara at når eg reiste under engelsk flagg, so fekk eg taka fylgjone. Ein tysk underoffiser med skarpladd revolvar passa på at me arbeidde, og den som hadde livet kjært, laut hengja i. Eg laut gje meg eg med, men sidan slapp eg verkeleg arbeida. Det var alt då mange fangar umbord, men eg var den fyrste nøytrale. 

Me tok ut att i rom sjø, og"Wolf" heldt fram på si kaparferd. Kvar gong båten gjekk til åtak på framande skip, sende dei alle fangar under dekk. Skansekledningen var fastgjord med hengslor, so kvar gong dei skulde bruke kanonone, slepte dei skansekledningen ned på dekket. Dette rabalderet fekk oss mange gonger til å skvetta upp, når me sat nedunder og ingenting såg. Ein skal hugsa på at "Wolfe" berre var ein vanleg lastebåt, som ei kanonkula kunde gå tvert gjenom utan vanske, og då skynar ein lettare at det var ikkje alltid med lett hjarta at me sat under dekk og høyrde levenet og ikkje visste, korleis det gjekk. 

Nett etter me var komne urnbord, rømde 2 av dei gamle fangane. Me låg under øyi Sunday Island nordaust for New Zealand. 
Fangane fekk løyve fiska, når båten låg still. Ein styrmann og ein maskinist frå den engelske båten "Turitella" hadde etla seg til å røma. Alle andre fangar var vitande um dette og hjelpte til. Det galdt at verdi fekk vita samanhengen med »Wolfe". Fyrstikkor og andre turvande småting tok dei med på godt tilkorka flaskor. Um ettermiddagen, den dagen dei hadde etla seg til å røma, samla alle fangane seg ved rekkja og skulde fiska. Skiltvakti som passa på oss, snudde seg ein augneblink og såg på noko anna, og då smatt dei tvo yver rekkja og firde seg ned etter ei lina. Dei symde bak til propellen og hefdt seg fast der, til det vart myrkt. Sidan symde dei inn til øyi, og ho var umlag so langt burte som tvert yver Puddefjorden. Dagen etter sigla "Wolf", og det gjekk tri dagar, fyrr det kom upp at det var tvo mann burte. Det vart då eit fælt uppstuss, og me laut alle vera under dekk i 28 dagar til straff. 

Lenge etter fekk me høyra gjenom den trådlause, kor det gjekk dei. Maskinisten drukna på symjeturen inn til Øyi. Styrmannen kom seg vel i land. Umlag ein månad livde han som ein ny Robinson, so kom ein japansk orlogsmann som tok han med seg, og han kom seg til Australia. Sidan sende den australske regjering ut melding um at det var ein tysk kapar i dei sudlege hav, og verdi fekk ei tydeleg skildring av, korleis "Wolfe" såg ut. 

Frå Ny Guinea gjekk "Wolf" sudvest millom Borneo, Java og Sumatra og upp under Singapore. 
Natti til den 6. september 1917 la han yver 100 minor ved innsiglingi til Singapore. Natti fyrr var det på eit hengjande hår at me hadde vorte tekne. Klokka var umlag 12 um natti, då me såg ein japansk orlogsmann som siglde utan kveikte lanternor nett som me gjorde. Då var tyskarane nervøse, men japanarane såg ikkje "Wolf", og det gleid yver. 

Dagane gjekk med den eine kapring etter hi. Ein morgon gjorde dei "fuglen" klar til utfart. Me spurde, um det skulde "henda noko". Ja, sa den offiseren som me tala med, er lukka god, skal me få ferskt kjøt til kveldsmat. Fram mot middag såg me røyk langt burte. Fljugemaskina gjekk upp og kom att med melding at det kom ein stor dampar. "Wolfe" sette kursen for båten, og det synte seg at det var den japanske linjebåten "Hitachi Maru" på veg frå Colombo til England. "Wolf" heisa det tyske marineflagg, gav Japanaren ordre um å stogga og sende han samstundes eit skot for baugen. 

Japanaren hadde ikkje hug å gje seg so lett, og mannskapet sprang til kanona. Men då skaut "Wolf" for alvor. Ein granat trefte japanaren og sprang like under kanona hans. 6 vart drepne og resten av kanonfolki sopte på sjøen. Eit nytt skot gjorde den japanske kanona ubrukeleg og drap ein mann til.. 

Ein annan granat gjekk inn i romet, der den trådlause var. Granaten fór fyrst millom telegrafisten og apparatet hans, skar av ein tråd der, gjekk so ut gjenom veggen og reiv hovudet av ein mann som stod utanfor. Endeleg tok ho med seg ein ventilator og knuste den. Lufttrykket av granaten kasta ein mann ned i maskinromet. Han slo seg so stygt at han døydde kort tid etter. Det kom endå fleire fulltreffarar, og då fljugemaskina ogso kom til og vilde kasta bombor, gav den japanske kapteinen upp. Han stogga båten. Ferdafolk og mannskap kom umbord på "Wolfe". Umlag 180 kom umbord til oss, 16 var drepne. Millom ferdafolket var 6 kvinnor og ei liti svart gjenta. Mange var berre halvt påkledde, då dei var vekte midt i middagsluren av kanondunen. Ein kjempekar som gjekk under namnet "Onkel Cres" miste buksone sine, då han kraup yver rekkja. Nokre dagar etter var det ein som sende han ein pakke med eit par bukseselar inni. Eg trur nok at "onkel" hadde drepe han som gjorde det, hadde han berre kunna rekna ut kven det var. 

Me fekk ikkje det ferske kjøtet til kvelds. Ein granat hadde sprengt kjøleromet og øydelagd kjøtet. "Wolf" sette prisemannskap umbord i "Hitachi Maru" og båe skip gjekk inn til Maledivene. Her bytte dei lasti millom seg. Meiningi var å taka japanaren med seg. Men då dei hadde leita ein månad etter eit kollasta skip og ikkje funne noko, søkte dei "Hitachie". 

No gjekk det slett ikkje so mange dagar, fyrr me fekk kol nok. "Wolf" kapra den spanske kol-lasta damparen "Ignatz Mendi" med kol frå Delegoa Bay til Colombo. Prisemannskap kom umbord, og tysken tok båten med seg heimetter. Spanjolen kom då likevel aldri til Tyskland. Han gjekk på land på danskestrandi, so å segja ut for stovedøri til tysken. Fangane som var umbord der då, slapp fri i Danmark, og tyskarane kom i dansk varveitsla til freden kom. 

"Wolf" skulde ha kol frå "Ignatz Mendi". Til det måtte båe båtane i hamn. Me styrde difor til den vetle utbygde Øyi Trinidad som ligg i Atlanteren nokre hundrade mil aust for Rio de Janeiro. England hadde eingong hersett Øyi til kolstasjon. Brazil hadde protestera, og England hadde gjeve seg på det, so der trudde kapteinen på "Wolfe" seg sikker. Men då me berre hadde eit par timar att til Trinidad, fekk den trådlause tak i ei melding. Ho hadde adressa til sjefen for dei tvo brazilske krigsskip som låg ved Trinidad. Meldingi var berre ei fødselsdagshelsing. Hadde ikkje den kommandanten nett havt fødselsdag den dagen, so kunde me lett ha rendt midt uppi dei tvo brazilske krigsskipi. "Wolfe" var ikkje usein til å skifta kurs burt frå dette grannelaget. Me måtte då taka kol frå den eine båten til hin på opne havet, og det var eit fårleg arbeid. 

Mat var det jamnaste nok av. Men han var no ikkje so delikat alltid. Frukost var det kl. 6 um morgonen, middag 12 og kveldsmat kl. 6 um kvelden. 

Som alle andre stader den gongen var det husnaud ogso på "Wolf", og det var vår verste plåga. Me var umlag 300 fangar i eit lasterum atter. Hiten var fæl. Mange gjekk mest utan klede på seg. Luftskiftet var soleis at eg mange gonger hev undra meg på at me ikkje kovna der. Mange av fangane var svarte, og når dei tok til å sveitta, so lukta det fælt av dei. Frå taket draup det, og på golvet låg det mest alltid eit lag som var 2-3 cm. tjukt med sveitte og vatn og anna, og det strøymde att og fram, når båten rulla. Sidan kom me upp i umlag 30 nøytrale, og då fekk me eit rom for oss sjølve, og då var det betre. 

Ein gong dei heldt på og tok varor urnbord frå eit engelsk skip, hadde dei tyske matrosane set seg høve til å kvarta 2 kassar whisky. Den kvelden var det mange fulle tyskarar umbord. Kl. 12 um natti kom ein av desse vaktene atterut, og han tykte at det kom nokon upp dekkstroppa. Han skreik um hjelp med ein gong og skaut laus mot troppa. Alle fangane som låg nærtroppa, grov seg derifrå so snøgt råd var, so dei kom i livd for kulone. No såg dei andre vaktene som heller ikkje var so fastande, at alle desse menneskje var i rørsla, og dei gav seg til å ropa og skrika. so alle vakna. Trumma gjekk, og alle mann kom på dekk, både offiserar og mannskap. Rædsla tok fangane. Alle mann rykte til og vilde ut av hengjekøyone. Men køyone hang so trangt at ingen kunde koma seg ut i denne vilska. Eg låg like under luka, og ho stod opi. Det var berre moskitonett yver, og uppå bommen var det spent eit segl til tak. Eg såg upp mot luka, og der stod soldatar tett i tett ved lukekarmen og ladde byrsone, og dei peika mot oss. So vart dei vár ein fiskestim som symde i vatsmålet. Tysken trudde at det var fangar som hadde rymt, og so skaut dei. Revolvarar, byrsor og maskingevær small mot fiskane. Me som var inne, kunde ikkje godt vita, kva alt dette var. Me trudde at "WOlf" var påteken av eit anna skip, og venta helst at vår siste time var komen. Men so stilna skjotingi av. Fisken gøymde seg vel, når det vart slik larm. So kalla dei fangane upp og talde oss. Alle mann var der, og då vart dei rolegare. Me slapp soleis med rædsla. Men det var eit under at ingen vart såra. 

Jamt la me planar um å røma. Me nøytrale vona at me skulde verta landsette ein eller annan stad, eller at dei sette oss umbord i eit skip som høyrde til i vårt eige land, når dei fann eit slikt. Me hadde helde både jol og nyår på "Wolfe", og det fann me kunde vera nok. Den 4. januar 1918 såg me ein siglar i synsrandi. Når me kom nærare, synte det seg å væra ein norsk siglar. Eg stod i otte på kva som no skulde henda. "Wolfe" signalisera med nordmannen som var barken "Storebror" på reis frå Montevideo til Europa i ballast. "Wolf" helsa "godt nyår", og skipi fór kvar sin veg. Eg var glad på deira vegnar som fekk fara i fred, men eg var ikkje fegen for eigi rekning som stod att og ikkje kom umbord på det norske skipet. Kunde dette enda med noko anna enn dauden? det spursrnålet gav eg meg sjølv mange gonger. 

Med eg stod og såg etter den norske barken og ynskte dei lukka med på reisi, vart eg var at "Wolf" svinga upp etter nordmannen. Då var barken mest ut av synom. Kapteinen på "Wolf" hadde i millomtidi funne ut av sit skipsregister at "Storebror" var innkjøpt frå eitt eller anna land som var med i krigen, og dermed var han mogen til å takast. Mannskapet kom umbord til oss. "Storebror" fekk si nyårshelsing nr. 2 med bombor og granatar, og ligg sidan på botnen av Atlanterhavet. 

Tilslutt snudde då "Wolf" nasa heimetter. Nord gjenom Atlanteren bar det. Tanken var å ganga nordum Island, men der var isen ivegen. Mange av fangane leid no syrgjeleg av kulden, so ringt kledde som dei var. Me kom oss tilslutt upp under Noreg og gjekk sudetter so langt inne at me såg greidt land. Fangane fekk under sisteparten av denne turen ikkje koma på dekk. Me var no 800 menneskje ialt umbord på "Wolfe", og det var ikkje noko morosame dagar. Me skulde gjenom den britiske vaktkjeden yver Nordsjøen. Korleis "Wolf" kom inn, veit eg ikkje, men inn til Kiel kom me i februar 1918. "Wolf" hadde då vore utan samband med heimlandet i 15 månader, og dagen fyreåt var han uppteken på lista yver dei sakna båtane. I Kiel var stor jubel. då me kom. "Wolf" hadde meldt at han var i farvatnet gjenom den trådlause. Ein brote med far, av alle slag sigla mot oss og fljugarar med, so me sigla i stort festtog inn på hamnen og felte anker. 

Mange stjernestrødde autoritetar kom umbord til oss. Mange damor óg. Dei såg på oss som rne hadde vore rare dyr frå ein zoologisk hage, og rare var me visst å sjå til óg. 

Frå Kiel fekk me nøytrale løyve reisa heim. Det bar med bana yver Lübeck til Warnemünde og so med ferja til Gedser, og der tok me avskil med tyskarane. No stod me på dansk grunn. Mange av oss var reint kledelause, men til all lukka, so tok det danske politiet seg av oss, so me kom til Kjøpenhamn. Her måtte me til konsulen. Eg kom heim yver Göteborg, og som avslutning på denne ferdi fekk eg min fyrste tur yver høgfjellet med Bergensbana. 

Eg hadde ynskt å få kvila litegrand. Men nett i dei dagane var det utskriving til sjømilitærtenesta i Bergen, og eg melde meg til rette vedkomande, kom til Horten og fekk trøya på til eit års tenesta i den norske marine." 

Lars Kvingo var reint utmager, då han kom hertil, so han trong få mat og koma seg til krefter att. 


Eirik Johannesson Kvinge 

Eirik Johannesson Kvinge er fødd på nordre Kvingo i Masfjorden den 18. oktober 1888. Foreldri var Johannes Amundson Kvingo og Ingeborg Eiriksdotter frå Sandnes. 

Eirik Kvingo kom uskadd att frå krigen, og han fortel umlag so: 

"Eg var i Sambandsstatane. Då desse hadde lyst krig mot Tyskland i 1917, kom det pålegg um at alle mann i alderen millom 20 og 31 år skulde melda seg og verta innskrivne. 
Alt såg so skuldlaust ut, då me ein fin junimorgon stod utfyre eit skulehus i Brooklyn N. Y. og fekk namni våre inn i bøkene, fyrr me gjekk på arbeid den dagen. 

Få av oss visste kva me gjekk til. Den 28. september 1918 kom eg med mange andre til camp Upton umlag 70 engelske mil frå New York. Me fekk her velja, kva me vilde vera i heren. Eg valde artilleriet. Sidan kom eg til eit ammunisjonskompani. 

Vårt arbeid var å få loty fram til artilleriet. i eldlina. I kompaniet vårt var det folk av alle folkeætter. Me var yver 200 mann, og det var judar, grekar, tyskar, russarar, franskrnenn, italianarar og amerikanarar. Av skandinaver var det attåt meg berre ein frå Telemark og ein svenske. Fyrr dei kom der hadde desse karane temmeleg ymse livsyrke. Der var ein universitetsprofessor, der var likberarar og der var saloonvertar. Trui var det like stort skifte på. Der var ortodokse judar, katolikar, protestantar, fritenkjar og reine heidningar. 

Me var i vamp Upton til april 1918. Då bar det til Frankrike med heile divisjonen vår (umlag 40 000 mann). På turen skulde eg vera ein av dei som heldt utkik etter kavbåtar. Det var spaning med det, men det var ansvar og, for me var 5000 mann ombord. Ei natt var det nokon som sende ein torpedo etter oss, men han gjekk nokre fot attanfyre båten. 

4. mai kasta me anker på hamnen i Brest. So fór me med jarnveg til eit læger nær Bordcaux. Me trong tri dagar til den ferdi. 

Jarnvegsvognene våre bar påskrifti "8 mann eller 40 hestare", so det var anna enn me var van med frå Amerika. I dette lægret fekk me øving i riding, og so kom me til slaglina i Elsass Lothringen. Her var det toleleg fredeleg, mest artilleriskjoting, og fljugemaskinor tok av og til turar inn yver linone våre og dropla bombor ned yver oss. Det lika me ikkje. Sist i juli bar det til Chateu Thierry, og der var det då ein storstrid. Fyrste luten av vegen gjekk me med jarnvegen, og sidan bar det på hesteryggen, so fort som det var råd. 

Me gjekk yver Marne på ei flytebru som var bygd i ein fart. Rette brui var sprengd i lufti. Byen var øydelagd. Eg såg ikkje eit einaste hus som var heilt, og mange låg heilt i røys. På denne 8-dags turen (me fór både natt og dag) bar det gjenom eit vakkert landskap. Fyrr krigen hadde dette vore eit velbygd og veldyrka landskap. No såg me ikkje eit menneskje, og det var bokstaveleg ikkje stein att på stein av noko hus. 

Då me var komne fram um Marne og Bellouskogen, livna det til. Granatane frå tysken helsa på oss rett som det var, og denne helsingi kjendest ikkje alltid so hugnadsam. Meste parten av tidi var me millom infanteriet og artilleriet eller so hadde me dei små kanonone framum og dei store bakum oss. 

Me gjekk att og fram desse vegane både natt og dag og køyrde fram loty til kanonone våre, men dei krov alltid meir og meir. 
Artilleriet og fljugarane til tysken var etter oss stødt. Det var mest som dei visste, kvar me var. Fljugarane fór yver oss som grågås um våren. 

Sidan var me ved Verdun og Meuse. Tilslutt var me med i den store framstøyten gjenom Argonneskogen, og den dagen krigen slutta, var me berre nokre få kilometer utanfor Sedan. 

I den store frammarsjen gjenom Argonneskogen, slo me ei natt læger i ein skog. Tysken var flittig med å senda granatar yver til oss. Men dei skaut for høgt, so me høyrde berre susen av dei og høyrde at dei small nokre hundrade meter bak oss. Det let umlag som når ein slepper ei høybyrda yver ein løypestreng på ei jarntrilla. Men dette at tysken skaut for høgt, gjorde at me vart for vågsame. I grålysingi um morgonen tok me og kokte kaffi, so me kunde ha noko å verma oss på. Me skulde no ikkje ha gjort det. Mot dei ordrar me hadde fenge, var det óg. 

Men kven vilde vel ikkje våga livet for ein kopp kaffi, når ein hadde lege i ei myr ei kald novembernatt? Tysken hadde nok set røyken, for med ein gong sikta dei slett ikkje for høgt lenger. 4 tvomannstelt stod i ein sirkel kring eit tre. Ein granat tok treet, reiv det upp med roti og sende bitane til alle ætter. Stein. jord og stålfliser kvein um oss. Der treet hadde stade, var berre eit gapande hol i jordi. I eitt av desse telti låg det tvo gutar. Noko av teltduken var brend, eit stort stålstykke av granaten låg att inne i teltet, men ikkje eit hår på hovudet hadde dei mist ein gong. So snart den eine såg meg, ropte han: "Mothers prayer were heard today." (Idag er mors bøner høyrde.) 

Eg gløymer ikkje so snart desse ordi. Eg hadde jamt møtt mor hans i camp Upton, so eg kjende henne godt. Den unge mannen hadde til kvardags ikkje so synleg iallfall bruk for mori sin Gud, men han sanna då at Gud hadde spara han nett for bønene til mor hans. Eg laut tenkja med meg sjølv, um det ikkje var mange av oss som var sparde, avdi det var nokon heime som bad for oss. Eg tenkte på alle dei farar og mødrer som heime i Noreg bad for sønene som ferdast på vegar, der fåre og daude trugar. 

Det hadde vore godt for mange av dei å høyra, det som amerikanaren sa den morgonen. Det vilde vera trøyst for dei, og det var den største æra, han kunde gje både si mor og Gud." 


Bertin Andreasson Kvingedal 

Bertin Andreasson Kvingedal var fødd på garden Kvingedal i Masfjorden den 6. mai 1891. Foreldri hans er Andreas Basteson Kvingedal og Marta Monsdotter. Bertin var nr. 14 og den nestyngste i systkinflokken. Våren 1909 reiste han til staten Washington i Sambandsstatane, og der arbeidde han mest med farming. Nokre år sidan melde han seg friviljug i den amerikanske heren, og då det var mest uro i Meksiko, var han på grensa dertil på vakt. 

Då Sambandsstatane kom med i verdskrigen, vart han innkalla som korporal og instruktør for soldatar ved fotfolket. Han kom snart til Frankrike, og der steig han til sersjant og heldt fram med same arbeidet. Mange er dei amerikanske soldatar som hev fenge si upplæring hjå han, fyrr dei gjekk til slaglina. Etter våpnkvila vart han flutt til dei herfolk som gjekk til Tyskland på vakttenesta, og der var han, til dei siste amerikanske herfolk vart kalla heimatt. I Amerika reiste han til Washington att og heldt fram med farmarbeidet. Biletet av han er teke nett fyrr han fór til Frankrike. 


Edvard Eiriksson Hope 

Edvard Eiriksson Hope er fødd på Lidi under ytre Hope i Masfjorden den 18. juni 1886. Foreldri hans var lærar og bonde Eirik Ivarsson Hope og Gjertrud Olsdotter. Av ein systkinflokk på 9 var Edvard den sjuande i rekkja. Han hadde 6 eldre brør og 2 yngre systre. Som den yngste i guteflokken fekk han tidleg læra, kva det vil segja å slåst med stormaktene. 

Han fór heilt ung til Sambandsstatane. I juli 1917 vart han kalla til tenesta i heren i Sambandsstatane, korn til Frankrike og var på sjølve slagmarki i 47 dagar. Han kom til Tyskland på vakttenesta nyårsafta 1918-19. Han kom uskadd. frisk og ferdig, attende til Amerika i mai 1919, og sidan hev han vore der. 

  
Sigurd S. Kvamsdal 

Sigurd S. Kvamsdal er fødd på Kvamsdal i Masfjorden. Foreldri hans var Sjur Sjurson Kvamsdal og Ingeborg Bastesdotter (frå Sætre). Han tok ut til sjøs våren 1915 med ein av William Hansen sine båtar frå Bergen. Båten hadde namnet "Bauta". 

Sigurd vart påmynstra i Stavanger som kokk. Med denne båten reiste han godt og vel havtanna år, mest millom England og Frankrike. Han var ute for ei ulukke umbord so han vart ligjande eit par månader på sjukehus i England. Men då han var frisk att, tok han ut att, og denne gongen med Oslo-båten "Vav" som ogso gjekk millom England og Frankrike for det meste. Med denne båten var han óg kokk, til den 4. desember 1917, same dagen som dei gjekk frå Glasgow og skulde til Havre i Frankrike, då båten vart torpedera. Båten sokk og folki fylgde med på tvo mann nær, som vart berga. Sigurd var med millom dei som kom burt, so hans soga sluttar derute. Han var 23 år, då han døydde. 


Martin Sætre 

Martin Sætre er fødd den 1. november 1885 på Sætre (Stadlane) i Solbeim sokn i Masfjorden. Foreldri er Steffen B. Sætre og Marta Bastesdotter. Han reiste til Amerika våren 1902 og tok upphold i Iowa. Der var han i 3 år, og sidan fór han til Astoria. Oregon. Seinare budde han ved Stillehavet og hadde ymse arbeid der. Serleg dreiv han som fiskar, og fiskarlaget valde han i mange år til tillitsmann, og han møtte på landsmøti deira i San Fransisco. 

I 1918 vart han innskriven i heren i Sambandsstatane. Um vintrane hadde han arbeid umbord i ein av riket sine uppsynsbåtar, og no fekk han valet millom å ganga inn i den aktive heren tillands eller vera umbord i ein av floten sine transportbåtar. Han valde det siste, og kom i september umbord i transportbåten "Astoria". Martin reiste so med denne båten, til han i februar 1919 vart utskriven or militærtenesta. 


Olav Haugsvær 

Olav Haugsvær er fødd den 20. januar 1896 på Haugsvær i Solheim sokn i Masfjorden. Foreldri er Ola Olsson Haugsvær og Sofia Jørgensdotter (fødd på Kringla i Brekke). Olav fór til Sambandsstatane i mars 1915 og tok fyrst upphald i Sud-Dakota. Sidan fór han til dei store innsjøane og fekk hyra på ymse båtar der. 

So tok han vest til Stillehavet og fekk hyra med ein båt som gjekk langs landet og gjenom Panamakanalen. Sidan kom han til Minnesota, og der skreiv dei han til soldat. Han melde seg elles til tenesta, fyrr han vart tvangsskriven. Av den grunn fekk han høve til å velja kva våpn han vilde vera med. Olav valde då å vera med i eit sanitetskompani. Han var fyrst 9 månader i øving i Amerika, og so var han i 13 månader i Frankrike og Tyskland. 

I Frankrike var han stødt med ved fronten, og han fekk der uppliva mange stygge hendingar. Når slaget hadde drege seg litegrand tilsides, var det for Raudekrossen å ganga fram på dagmarki og leita upp dei som låg der særde og hjelpelause og få dei til lækjar so godt det let seg gjera. I slike høve var dauden jamt nære, og som døme på kor hætte det kunde vera, skal nemnast at eingong han og ein annan sanitetssoldat stod og heldt ein såra millom seg, ein som dei skulde gjeva den fyrste vyrdsling, kom der ei granatflis og råka mannen so han seig daud ned millom hendene på dei. Både Olav og den andre sanitetssoldaten var uskadde. Han kom heilt uskadd tilbake til Amerika. 

Sumaren 1921 var han ein tur heirne og vitja foreldri. Med han var heime var det mange som vilde høyra um krigen. Han sa at det var det verste han gjorde å snakka um den. Berre han tenkte på det, var det ei pina. "Krig", sa han, "er so grufullt, at ingen kann fortelja det. Ein kann berre uppliva det." 

  

Lars Larsson Haugsvær

Lars Larsson Haugsvær er fødd på Haugsvær i Solheim sokn i Masfjorden den 8. oktober 1887. Foreldri hans var Lars Larsson Haugsvær og Anna Olsdotter (frå Vågset). Lars reiste til Sambandsstatane i 1907 og tok upphald i Nord-Dakota. 
Han åtte ein farm der som han selde, då han gjekk med i krigen. Han vart utskriven til tenesta i 1917. 

Umlag 9 månader var han til øving i Amerika, fyrr han reiste til Frankrike. Han var i camp Lewis, Washington til 24. juni 1918. 
So fór han til camp Merith N. Y. og der i frå bar det den 16. juli med "Empress of Russia". Til Liverpool kom dei den 17. juli. 

So med tog til Southampton, med båt yver Kanalen, og um morgonen den 23. juli var dei i Havre. Den 24. juli gjekk dei på toget og skulde lenger inn i Frankrike, men det vart siste reisi for mange av dei som var med. Toget deira skulde inn på ei sidelina på ein stasjon og sleppa eit anna tog som kom med loty framum. Men dette toget kom med full fart inn på den lina som deira tog stod og knuste dei 4 fyrste vognene i soldatartoget. Då dei hadde fenge rydja upp og talt dei fyrste fallne, synte det seg at dei ved denne ulukka hadde 32 daude og 63 skarnfarne. Lars var i 5. vogn, so han var nære, men slapp frå det. Ulukka hende um natti og nære byen Bonnieres. Dei kom no til ein øvingsstad nær byen Montigny, og i den byen var hovudkvarteret for divisjonen deira. 

Den 8. september var dei endeleg komne so langt at dei kunde sendast til fronten, og den 11. september var dei ved San Mihiel, der amerikanarane skulde taka att det innslaget som tysken hadde gjort i dii franske linone der. Han kom ikkje upp i frontlina der, men dii var framme under kanonelden og fekk liksom elddåpen. Alt den 13. flytja dii frå San Mihiel og til Argonneskogen, der den store framstøyten skulde taka til. Den 18. september var dei komne på plass. Dei var so langt framme at dei var under kanonelden frå tysken att, og dei heldt seg i skogen til den 25. då fyrst var alt ferdig til den store framstøyten. Kl. 2 um morgonen den 26. tok kanondunen retteleg til, og tysken svara. 

Fotfolket låg still millom. Jordi skolv som det skulde vore domedag. Slik heldt det på til klokka var 6. Då var det fotfolket sin tur, og dei gjekk fram yver høgdene. Framgangen vara til den 30. Då var det so få folk att, at dei berre greidde å halda det som dei hadde vunne. Den 29. september var ein sundag, og den dagen kjem alle i det regimentet til å minnast. Kompaniet hans Lars gjekk ut med 200 mann. Den 30. um kvelden var det berre 34 usærde att. Andre kornpani kring dei var umlag likeeins, fortel han, eitt hadde berre 18 mann att. Og mesteparten av dei som var burte, var drepne eller såra. 

Den 29. september tok kompaniet hans byen Gisnes på tvo timer. Det skulde vera den verste sprengen i heile dette lange slaget i Argonneskogen. Kompaniet hans måtte vera i slaglina til den 4. oktober. Då kom det nye folk fram, og dei skulde ganga noko tilbake frå slaglina. No fekk dei mat og fekk kvila litegrand. Mat hadde dei ikkje fenge fram til seg under heile slaget. Kvar måtte hjelpa seg som dei kunde. Mang ein sekk som høyrde drepne tyskarar til, vart opna og maten teken. Kvildi vart ikkje lang denne gongen. Alt den 7. oktober fekk kornpaniet ordre om å ganga fram att og kom i kamp att same dagen. Atter misste dei nokre mann, men dei hadde meir lukka med seg denne gongen, og den 12. oktober kom det endeleg ordre um at hans kompani skulde ut or slaglina. Nye herdeilder var endeleg komne fram. No gjekk dei tri dagar og tri neter, til dei kom der dei skulde vera, men det gikk seint, segjer han, so utmødde som dei var. Dei sette upp telt. Men få var dei. og lite var det med dei som var att. Løytnanten bad han taka ein raudekrossbil og fara til sjukehus, men Lars vilde ikkje. 

Han sa at han vilde ikkje fara frå dei som var att. Spanskesykja var tilfaren ganga, og dei gjorde alt, so dei kunde halda den burte. Den 17. oktober kom det ordre um at den divisjonen som han høyrde til skulde ganga til Belgia. Heile 48. divisjon skulde puttast inn i holi i den 91. Um kvelden den 17. oktober gjekk han og nokre andre til sjukehuset, og då sende dei han heilt ned til Vichy i Sud-Frankrike. Ogso der vilde dei ha det til at han hadde influensa. Sjølv meinte han at det berre var mat som vanta. På sjukehuset i Vichy kom han inn den 21. oktober, og då var det fyrste gongen at han sov i seng, sidan han fór frå Amerika. Alt den 29. oktober fór han nordetter att og skulde til kompaniet sitt. Men dette var i Belgia, og ferdi tok so lang tid, at det var den 11. november og dermed fred, fyrr han nådde fram. Kompaniet hadde elles ikkje vore framme i eldlina med han var burte heller. 

Fyrst den 3. april kom dei avstad frå Frankrike. Hans divisjon gjekk frå St. Nazaire i Bretagne med båten "Edward Luckenback". Båten var liten, men dei fekk då 2200 mann inn på han. og heim kom dei alle. 14. april var dei i New York. No kvilde dei at i camp Merith, og so bar det vestetter. Den 1. mai 1919 fekk han avmynstring etter vel halvanna års tenesta. Han var korporal. 

Denne divisjonen hadde vore med i dei stridaste fektningane som amerikanarane var ute i, og difor fekk den stor vyrdnad i Amerika. Divisjonen hadde i dei lange og tunge dagane vore med å brote hol på den tyske muren som dei hadde halde i 4 år i Frankrike. Den avgjerande framstøyten som nett tvang tysken til å røma Frankrike og Belgia, var den som kom yver Argonneskogen, der Lars Haugsvær var med, og me hev høyrt at mange ogso av dei som er nernnt i denne boki, fann si siste stund. Utan det som der hende, hadde krigen vara mykje lenger. 

I eit brev heim segjer Lars Haugsvær: "Kann ikkje anna enn takka Gud som berga meg gjenom all liding og kuleregnet som fekk so mange av mine kamerater til å falla i Frankrike." 


Sigurd Stordal 

Sigurd Stordal er fødd på fjellgarden Stordal i Solheim sokn i Masfjorden den 3. september 1897. Foreldri hans er Torgeir Sjurson Stordal og Karen Larsdotter (frå Haugsvær). Han tok ut tilsjøs då han var vaksen og reiste millom ymse land i krigstidi. Fekk han høve til det, var han alltid heime um sumrane. Vinteren 1917 var han umbord i E/s "Stettin". Fyrste turen til England gikk det vel. 

Men den andre turen kom dei berre eit stykke ut i Nordsjøen, då ein tysk kavbåt skaut dei i søkk. Sigurd vart saman med dei andre teken umbord i kavbåten og var der i 27 timar. Kavbåten praia då ein svensk båt som gjekk innum til Eikersund med dei. Han fér heim etter dette, og han vart liggjande lenge sjuk etter den ferdi. 

Sidan i krigstidi fór han med fleire båtar millom ymse av krigslandi og kom vel frå det. Frå våren til um hausten 1919 tente han verneplikti si i den norske marina. So var han heime ei liti tid, men reiste utatt. Då var freden komen, men det skulde diverre verta siste turen hans. Han låg med E/b "Beri" under lasting i Kristiansand, då han kom til skades. Han vart med ein gong send til Oslo til Ulevoll sjukehus, men han døydde straks etter, den 17. juli 1920. Liket vart heimsend, og han er gravlagd på Solheim kyrkjegard i Masfjorden. 


Sigurd Henriksson Kalhovda 

Sigurd Henriksson Kalhovda er fødd på Kalhovda i Solheim sokn i Masfjorden. 17 år gamal fór han i 1908 til Canada. Her arbeidde han som farmar, til han i 1916 gjekk inn i den canadiske heren, og her vart han militær-politi og instruktør i bombekasting. 

Um krigsferdi si fortel han sjølv umlag dette: "Det verste var å få folk til å styra farmen, med eg var burte. Elles hadde eg hug til å fara. Soleis er visst menneskja. Når store hendingar er under emning, so hev me hug å vera med, um me er aldri so mykje fredsvener. Den 23. februar 1916 var det eit møte i skulehuset vårt, og der var det ein kaptein og sju soldatar som bad friviljuge fylgja. Eg gjekk med. Vika etter var eg i byen og eksesera med dei andre. Det var mest å læra marsjera og militær disiplin. 

Kvar morgon var det gymnastikk. Vika etter kom me til ein by som heiter Moose Jow, og då skreiv dei oss inn i bataljon nr. 299. No dreiv me eksersisen nokso hardt, so me kunde vera ferdige til å fara kva tid som helst. Um våren kom me aust til Manitoba og hadde øving der. Det var hardt å fylgja alle fyresegnene. Me skulde raka oss kvar morgon, vera uppstelte i full puss til ei fast tid. Det var for fåe i bataljonen vår, og so reiste sume av oss som kunde meir en eitt mål ut og skulde få tak i fleire folk. Eg kunde tala til skandinavar og skulde ut, og eg hadde 5 mann med meg då eg kom att. Alle for no til å verta full-lærde i eksis, og me venta kvar tid ordre um å fara. På den tid vart eg teken til instruktør i bombekasting, og eg hadde 30-40 mann kvar dag som eg skulde læra. Under det arbeidet må ein fara varlegt, for bombene var det verste våpnet, me hadde med oss i krigen. 

Det vart ingi reis. Me fór til Moose Jow att, og var der um vinteren. Endeleg den 6. april 1917 bar det i veg med oss. Det var gråt og låt, då me fór. Kvinnone skreik og dåna. Soldatane berre ropte: Lat oss ganga. Ei gamall kvinna med tvo døtter gav meg ein pakke tobakk og andre ting og bad meg skriva. Eg skifte mykje brev med dei f rå Frankrike og eg fekk mange pakkor frå dei. 

Canada er eit stort land, veit me. Me trong 6 dagar til Halifax. Kvar dag stogga toget nokre timar i ein eller annan by, og me laut ut og marsjera rundt i byane. Kvar me kom, vart me møtte med hurrarop, og me fekk mange gåvor. Me som var politi hadde bry med å halda orden på alt. I Halifax hivde folk frukt og sigarettar etter oss. Fyrst fór me til eit stort symjehus og hadde oss eit godt laug, og det trong me. Og so bar det umbord i "Northland" av "White Star-Lina". Det låg 4-5 norske skip i Halifax då, men eg kom ikkje so nære at eg fekk tala med nokon. So bar det tilhavs med sterkt vakthald mot kavbåtar. Der var 5 båtar med soldatar i lag, og eit slagskip fylgde oss. Me bruka 8 dagar yver havet, og me visste at tysken var etter oss. Då me kom i Irskesjøen såg me ein tyskar eit stykke ifrå, og du kann lita på at det gjekk ikkje lenge, fyrr det srnall frå slagskipet vårt. Me såg ikkje meir til han. Elles møtte me no 4 torpedobåtar frå England, so fåren var yver. 

Rundt Irland flaut mange lik med livbelte på. Og mange vrakrestar etter båtar som tysken hadde sendt til botnar. Me gjekk upp i elvi Mersey som førde oss til Liverpool. Der var det mange engelske skip, og dei helsa oss med flagget og 9 støytar i pipa. 
På bryggja stod herfolk og musikk og tok mot oss. Musikken spela den canadiske nasjonalsongen og den engelske kongesongen. No kom me til øvingsstaden Bromchatt camp, og der var me avsperra i 10 dagar for smittefåren si skuld. Men då det var yver, fekk me nokre festlege fridagar. Me fikk ganga fritt i teatret, og me fekk rettleidar med oss. Um netene sov me i Unge menns kristlynde samskipnad. Huset hadde sengjer til 500 mann. Ein kveld fekk me serskilt festmat, og prinsessa Maria av England var med millom dei som varta upp. Ein Edvard Olsen frå Bergen, nærskyld Enok Olsen, sat jamsides meg med bordet - og me hadde båe prinsessa til å bera mat til oss. Gutane tok seg på tak til å vera sømelege og vyrdslege den kvelden, kor store galningar dei elles var. Det var no ikkje kvar dag me fekk prinsessor til å bera mat til oss. 

I England hadde me og eksis. Serleg var det bajonettfikting og øving med gassmaskor. Me fekk maskone på, og so laut me inn i jordkjellarar fulle av fårleg gass. Der på Bromchatt var me nokre vikor. Men so ein dag kjem sersjanten vår og varslar at I 009 570, Sigurd Henrickson (det var meg) og ei rekkja andre namn måtte vera budde til å fara til Frankrike ikveld kl. 7. 
Gutane var fegne. Du kan tru der var liv. So bar det til toget og i full fart til kysten. Neste morgon bar det ombord i båtane og avsted gjekk det. Tvo timar etter var me i Frankrike. Me siglde frå Folkestone i England til Boulogne i Frankrike og låg der i telt um natti. Um morgonen marsjera me med 30 kg. tung ryggsekk til Eatoples. Det var visst 21 km. Der fekk kvar mann stålhatt, gassmaska og 120 patroner. Elles fekk me hermetikk som rne berre skulde bruke, når det var naud um. Og so bar det mot slaglina. 

Me fór med tog, og då toget stogga, small og putra det alle stader, tykte me. Mot himmelen såg me ei fljugernaskina. Kring henne var det små, blåkvite røkskyer, det var tyske projektil som sprang. Ho snudde og kom attende utan at nokon hadde råka. Denne bataljonen vår kom og skulde styrkja dei bataljonane våre som hadde vore ute lenge. Eg kom til den 46ande bataljonen, og den hadde alt eit halvt år vore i Frankrike. No skulde den nett inn i slaglina. Og i svarte natti bar det avstad og ikkje etter, men langs med vegen. Rett som det var, small det, og det var ljost ein augneblink og so mykje myrkare etterpå. Det var våre kanonor som sende si helsing til tysken. So kom me til ei skyttargrav. 

Me gjekk ein heil kilometer i den. Med me gjekk der, sende tysken laus eit reint helvite på oss. Kanonkulone belja og skreik i eitt og maskinbyrsone slo på trumma. Ein av dei som gjekk saman med meg, kom litegrand for høgt med hovudet, og han var ferdig med ein gong. Hovudet var krasa. Me laut stogga ei stund, med det var på det verste. So snart det gav seg litegrand var det å aula på att. Me fór no yver ei jarnvegslina, og her kom rne i himmelsynet for tysken. Då herja kulone stygt millom oss. 

Tvo skot small nett med føtene mine, men eg var vel for snøgg. Yver jarnvegen komne, var me i skjol, og no var me ogso straks framme. Me låg berre 75 m. frå tysken, so me sovna ikkje so lett av. Det var byen Lens, me skulde taka. Me tok han på den måten at me åt oss frametter meter for meter og hundrad meter for hundrad meter dag for dag. Me var syrgjeleg plåga av eitt av skulehusi i byen. Det var i ein utkant, men det var fullsett av skarpskyttarar, so det var uråd å syna seg livande i dagsljos framfyre skulehuset. Tysken hadde gode skyttarar. Det var den 99. bataljonen deira, me hadde framfyre oss. Han fekk nådestøyten nokre dagar seinare, og det skal eg fortelja um. Den 19. august 1917 fekk me ordre um at alle mann skulde ut or ei lina som var 100 m. breid. Det var ei 18-toms kanon som skulde tala åleina med tysken i skulehuset. Me var burte frå stødi våre ein halv time, men det var ein dryg halv-time. Eg veit ikkje um han var so lang for tysken. Me såg og høyrde, kor kanona vår gong på gong trefte skulehuset. Jordi skolv og riste. Då kanona vår tagde, var det stilt i og kring skulehuset og. 

Den 20. august kom løytnanten min og tok 11 mann med seg, og eg var ein av dei. Tysken hadde køyrt nokre av sine folk inn millom linone våre og dei plåga oss syrgjeleg med geværskjoting. No skulde me ut og stogga dei. Det tok oss ei lang stund, fyrr me tolv mann kom dei nær nok, me måtte koma stilt. Me trudde at det herre var nokre få mann me hadde med å gjera. men fekk anna vita. Me råka upp i ein flokk på kring 50 mann, og det vart heit strid. Tvo av våre vart drepne med ein gong og 4 vart særde, so me var herre 6 att som kunde gjera noko. Me var so få at tysken kunde kringsetja oss på tri kantar. Eg og korporalen kasta bombor, dei andre skaut. Alt dette stod på i 10 minutt, og me kom oss attende. 

Me fekk aldri vita, kor mange me drap, men gjenom periskopet kunde me sjå at det låg mange daude kroppar derute. Same kvelden gjekk me ut or gravi, so nye fekk koma inn, og um morgonen den 20. august fekk vår bataljon ordre um å gjera åtak kl. 4 um morgonen. Frå klokka 3 til 4 den morgonen var den lengste timen eg hadde livt. Me låg og venta på varslet um å rykkja fram frå minutt til minutt. Kl. fem minutter på fire sende obersten ordre um at me hadde fem minutter att. I desse fem minuttar er eg viss um at det var ikkje mange som ikkje hadde ei fælsleg kjensla. Alle visste at det var mange som ikkje kom att frå turen, men ingen visste um han var millom dei. Alt var stilt, so ein kunde tru at det fanst ikkje fleire menneskje enn oss. Men so kom ein smell av våre kanonor, og det var varslet. So fylgde skot på skot, til det var ein dune, so jordi skolv. Me kunde sjå varmen og røyken frå kanonone våre, me høyrde komandoropi frå offiserane våre: "Come on boyse". Elles masa no alle kring oss på kvar si vis. 

Soldatane våre kalla tysken med alle dei verste namn, dei kunde finna på. Eg fann ut at det å fylla pipa med tobakk og hava ein røyk i eit åtak, er ein god ting for nervone. Attåt skræmer det fienden, når han ser at det er so kalde karar som kjem. Me kom fram til tysken, og dei hadde nett fenge utetla svart braud og heit kaffi. Tysken sprang rundt og rette upp hendene og bad um nåde. Dette var restene av 99. divisjonen, og storparten av soldatane var gutar frå 17 til 20 år. Då eg steig ned i gravi deira, kom eg midt i andlitet på ein mann, og eg visste med meg at no vart anten han eller eg liggjande der. Eg kasta ei bombe, det vart ein smell, og det neste var å grava fyren ned. 

Det kjendest som hjarta mitt stod stilt, medan alt dette stod på. Ei stund etter tok fienden til å kasta med bombor, men dei var for langt burte til at det gjorde noko. So gav løytnanten meg ordre um å skjota riflegranatar yver til dei. Eg sende 6, og då var dei slutta å kasta. Då me atter gjekk fram, var ein tysk offiser alt det me kunde finna. Han hadde eit sår i låret, og kapteinen min tok han til fange. Då han var på veg, kom det fram nokre skarpskyttarar som hadde gøymt seg, og ein av dei sa "morning" på godt engelsk. Alt dette som eg hev fortalt her, bar til i byen Lens. Dette var igrunnen ein stor by, men medan striden stod, var Lens lens for folk, for tysken hadde jaga alle sivile bakum linone sine. 

Ogso dagen etter, den 22. august, var me plåga av nokre skarpskyttarar. Ein av dei skaut kapteinen vår. Ein av dei andre offiserane våre sende då tri mann ut og skulde sjå få tak i desse skarpskyttarane. Eg var ein av dei. Heile ferdi var til ingi nytte, og me laut segja at me var lukkelege som kom heilskinna heimatt. Natti etter vart eg og ein annan send ut og skulde skjota bombor frå byrsone våre. Me trivla oss i myrkret upp etter Bildgata i Lens og skulde koma oss so nær dei tyske linone at me fekk greida på kva dei hadde fyre seg. Dette var ikkje nett noko helsesamt arbeid. Dei skaut på oss frå båe sidor. Men me var so hepne at me fann ei bra gøymsla i eit hus. Ei kula kom her inn døri og såg etter oss, men råka ingen. Det tok oss ein time å koma tilbake til våre eigne linor, og hadde ikkje ein av våre kjent oss att, so hadde det då vorte vår siste tur. Eg var no vorten korporal, då me hadde mist so mykje av befalet vårt. So kom då tidi at me vart avløyste der frarnme, og andre heldt fram. 

Frå sist i august til oktober hende det ingen ting som er nemnande. Me heldt på og gjorde oss i stand til eit åtak på ein liten landsby. Denne gongen gjorde dei det godt kjend at åtaket skulde koma, so tysken skulde få greida på det. Men på den tid stakk me av og fór til Ypres, og det er ein av dei stadane som var mest kjend under krigen. 26. oktober 1917 gjorde me framstøyt millom kl. 4 og 5 um morgonen. Me skulde freista taka ein part av den vidgjetne Pashedal-ryggen, den parten som gjeng under namnet Abrahamshøgdi. Me hadde ikkje meir enn 800 m. å koma fram, men lendet er myrute, so me sokk i til knes i bløyta. Mange av våre drukna beintfram i desse myrane, då dei var so utmødde eller særde, at dei ikkje kom seg uppatt. 

Det tok oss 4-5 timar å koma fram desse 800 m. men me greidde å taka høgdi. Kl. 3 um dagen gjorde tysken motåtak, men me heldt oss på same flekken til kl. yver 4, då me laut draga oss attende, avdi me ikkje hadde meir loty med oss og ikkje fekk meir fram til oss. Eg hadde so nær fenge ei kula gjenom hovudet. Me låg og skaut frå røysene av eit murhus, og ei kula råka ein murstein tvo fot framfor meg. Eg såg med det same han som skaut, og det vart den siste kula, han fekk sendt i sitt liv, for eg fekk han på kornet. Kula mi råka han i brystet, og han datt som ein stein. Men so måtte me taka foten fat og springa for livet. Då nådde ei kula meg. Ho gjekk gjenom høgre ålbogen, inn i høgre sida nett yver mjødmebeinet og stogga midt i ryggen. 

Hadde ho gjenge lenger, hadde ho skada ryggbeinet. Eg laut pingsa tilfots 5 km., fyrr eg fann folk som kunde taka seg av meg. Men då var eg so stiv og sår og hadde mist so mykje blod at eg kunde ikkje røra meg lenger. Ein australsk doktar tok seg av meg og fekk meg upp i ein førslebil. Eg var ikkje sterk nok til å koma meg upp i bilen, der det alt fyrr meg var fullt av soldatar. 

Då bad eg dei hjelpa meg inn; for høgre armen og mjødmi var no låm. Tvo karar kom ut og hjelpte meg, og tenk det var tvo av kameratane mine. Den eine var frå Ålesundskanten og hadde vore i Amerika i tjuge år, trur eg, og no hadde han fenge ei kula gjenom høgre foten. Namnet hans var Søren Olsen eller Sam. Olsen som han heitte på engelsk. Han var umlag 48 år gamall. 
Sidan vann han den militære medalja. Han var raudekrossmann i vår peleton. Me vart alle ihop køyrde til domkyrkja i Ypres, og der stelte dei med såri våre. Straks etter vart me alle sende til ein annan by som heitte Paperange, og der var eit stort engelsk sjukehus. Heile vegen frå Ypres til Paperange song Søren Olsen norske songar, medan andre banna og svor på tysken. 
Atter andre jamra seg i verk eller bad til Gud. På sjukehuset var det like mange tyskarar som av våre folk. Tyskarane fekk nett same stell som me. Morgonen etter var det reint uråd for meg å koma meg på føter. Etter den tid måtte dei bera meg på båra. 

Til alle tider fekk me den beste røkt og stell som me kunde ynskja oss. So vart me um ei tid køyrde i eit raudekrosstog til ein kanalhamn og yver til England. No var eg sterk nok til å tola sjøreisi. Søren Olsen kom med til eit anna sjukehus, so eg veit ikkje nett kor det gjekk med han då. Eg kom til West Suffolk General Hospital som hadde vore berre for sivile, men no under krigen tok det ogso mot soldatar, og der fekk eg den beste vyrdsling som nokon mann kunde få. 

Når ein er militær og kjem inn på eit sjukehus, er det fyrste dei spør um: Kva armé høyrer du til? Eg svara at eg høyrde til den canadiske heren. Næste spursmål er: Kvar er du fødd og kvar liver foreldri dine, um du hev nokon? Eg svara at eg var fødd i Noreg. - Kva i all verdi hev du her å gjera då? Norway er då ikkje med i krigen. Undringi var stor, og dei fortalde at eg var den einaste nordmannen dei hadde set eller høyrt gjete i krigen. 

Sjukesystrerne der brukte å kjøpa sigarettar og frukt til oss, og folk i byen sende store mengder med frukt til oss til gjevings. 
Ein dag kom ein gamall kona upp til meg og spurde um eg var den nordmannen som var på sjukehuset. Eg måtte fortelja henne kven eg var, og næste sundagen kom ho med heile huslyden og skulde syna dei denne rare nordmannen. Eg trur dei aldri hadde set ein utlending fyrr og ialfall ikkje ein nordmann. 

Kula var so nær ryggbeinet, at den 65 år gamle doktar Keller ikkje kunde taka henne ut, fyrr etter at eg hadde lege tilsengs i 19 dagar. I heile den tidi laut eg liggja so mykje som mogeleg på den eine sida. 

Ei stund etter kom eg til eit privat hus nokre mil der i frå. Det var til mr. Oston som heile tidi hadde teke seg av 15 særde soldatar på eigi rekning. Me hadde jamvel vår eigen private doktar. Dotter til doktaren var sjukesyster og kona i huset var yversyster. Når dei ikkje var upptekne med noko anna, kom dei inn til oss, spela og song og gav oss frukt, sigarettar og alt som godt var. Fruva i huset gav meg Snorre på engelsk til å lesa i. Det var slett ikkje lett å reisa der i frå. Men ein dag var mi tid ute, og eg kom til eit canadisk sjukehus 18 km. frå London, til ein stad som heitte Epsom, og der var eg til eg atter var før å reisa attende til Frankrike. Det var i Epsom at eg møtte miss Dorothy Hilda Mary Colyen, som no er kona mi. Heimen deira var i Brodstairs i Kent, men dei laut fara frå der, då dei ikkje fekk fred for tysken som bombardera byen både frå sjøen og or lufti. 

Den 7. april 1918 kom det ordre um at alle som kunde, måtte attende til Frankrike, og avsted bar det. I dei dagane såg det nokso vonlaust ut for vestmaktene. Men det gjekk som ordtøket segjer med tysken, han spratt upp som ein hjort men datt ned som ein - -. Det var ikkje so lenge, fyrr me fekk grima på han, so me kunde halda han. Den 7. august gjorde me åtak på han ved Amiens i Frankrike og sende han attende 25 km. på tri dagar. Franske soldatar yvertok so våre linor, og me gjorde nytt framstøyt den 2. september og knuste den uvinnelege forsvarslina som Hindenburg sjølv kalla henne. 

Tyskarane hadde tri taggestrengsgjerde framfyre skyttargravene. På 15 minutt hadde me sopt burt heile greida. I vår bataljon tok kvar mann tvo fangar, og tyskarane var glade at dei vart fanga. Me tok ein by og vart drivne utatt, og so tok me byen att med bajonetten. Då tysken såg at me kom andre gongen, tok dei til å skrika som grisar og springa. Men nåde gjeng no ikkje alle tider for rett, veit du. 

Den 3. september fekk me tak i yver 60 franske sivile menn, kvinnor og born som var i tysk fangenskap. Den same natti vart eg og ein annan av mitt kompani send attum lina vår med ein mann som hadde fenge båe føtene sine knust av ei kula. Me fekk avlevera stakkaren til doktar og sjukesystrar og tok so på heimveg. I myrkret vildra me oss burt, og me fór og rusla heile natti utan å vita kvar me var. Me var komne mest burt til dei tyske linor fyrr me skyna at dette bar gale av. Der stal me oss kvar si pikka og spade frå tysken, sidan me var so nære likevel og la på heimveg til våre eigne linor. Me slapp beinheile frå det eventyret óg. 

Ein annan herflokk kom no og yvertok vår lina. Me måtte ut og gjera oss ferdige til framstøyt ved Canal du Nord og Cambrix den 7. september 1918. Alt gjekk godt og vel, til me kom til kanalen, men der hadde tysken øydelagt alle bruer. Me måtte yver kanalen utan bruer. Det fyrste eg såg, då eg kom yver kanalen, var 3 tyskarar. Eg hadde rifla ferdig med det same, men då eg såg at dei alt var såra, tok eg berre våpni frå dei, og kasta dei so langt burt at dei ikkje kunde nå dei att. I dette slaget var det store tap på båe sidor. Den dagen trefte eg Søren Olsen att. Um morgonen gjorde me endå eit åtak, men då greidde me ikkje taka det som me skulde, fyrr etter myrkret kom um kvelden. I vårt kompani hadde me no berre ein løytnant og ein korporal att av befalet, so no var eg sersjant. Mannefallet hadde vore so stort i striden at eg hadde berre tvo mann med meg, og me tri karane skulde halda vakt på eit stykke som var 125 m. langt av lina. Me såg godt tyskarane og hadde godt skot på dei. Men me var so veike at me kunde ikkje prøva å taka upp nokon strid. Same dagen tok eg sju fangar. 

Dette var det siste store slaget eg var med i. På den tid fekk eg influensa, og - til mi store gleda fær eg vel helst segja - måtte eg burt frå slaglina og inn på eit sjukehus i Frankrike. Dette var eit ringt sjukehus mot det eg var van med frå sist, for det var ikkje råd å få tobakk der. Men lukka var no med meg likevel. Eg kjende doktaren der frå fyrr, det var ein canadier, Mac Gregor, og han gav meg all den tobakk, eg vilde ha. So snart eg kom ut frå sjukehuset, vart eg politi att, men det er det verste arbeidet eg hev havt. Me måtte halda dei franske gjentone burte frå lægret vårt. Dei stal alt, dei kunde få tak på. Elles heldt dei no på med andre ting og, som me ikkje kunde sjå gjenom fingrene med. 

Den 7. januar 1919 reiste me so frå Havre til Southampton i England. Me fekk fritt mat og kaffi på bryggja, då me kom i land. 
No bar det til det gamle lægret vårt, Bromchatt. Eg fekk 10 dagar ferie no og styrde med eingong kursen mot Broodstairs, og um 9 dagar var me gifte i all stilla på prestekontoret i ein gamall historisk by som heiter Minster. Men so tok eg meg 19 dagar fri stadenfor 10, då fekk eg meg ein faderleg tale av obersten, då eg kom attende til lægret. I 9 dagar var eg til "straffarbeide" i kjøkenet. Han som var vakt på meg, var av min bataljon, so eg hadde det retteleg bra. 

Me kom endå ikkje til Canada. Fyrst vart me flutte til byen Ripon på nordvestkanten av England og so til Wales. Der er den minste byen i verdi. Han reknast for by, for det er ei domkyrkja der. Men byen er ikkje større, enn um du sette alle husi på Kalhovda saman. Eg kann soleis med sanning segja at eg hev set den største og den minste byen i verdi, London og St. Aseph. 

Endeleg rann no heimferdsdagen. Eg fór yver havet att med "Lappland" som var stuvfull av heimfarande soldatar. Då me gjekk umbord spela musikken den canadiske nasjonalsongen, og dei soldatane som stod att på bryggja, gjorde honnør. Då me kom til Canada, kann du tru at det var gleda. Me fekk alt det me vilde hava. Flaggi blakra frå alle hus, og hurraropi ljoma frå alle kantar. På alle jarnvegstasjonar var det fullt av folk, og snart var det kjent at det var soldatar som kom. I byen Winnekey, der me skulde stiga um frå Canadian Pacifik Railway til Canadian Northern kom folk ut i byen og henta oss i automobilane sine. Ingen av oss fekk lov å ganga tilfots. 

So kom eg då heimatt til byen min, Gule Lake. Men der skræmde eg livet av folk. Dei stod som dei var himmelfalne. For det siste dei hadde høyrt gjete meg, var at eg var drepen saman med tvo andre, og det var då halde minnetale yver meg i kyrkja. 
Eg gjekk inn i eit hus og skulde tala med nokon kjende. Kona i huset skreik ende yver seg, då ho såg meg. Ho trudde at ho såg ånder. Det tok ei tid, fyrr eg fekk yvertyda henne um at eg ikkje var nokon attergangar, men eit livande menneskje. 

Soleis enda mi soldattid som hadde vara 3 år, 1 månad og 1 dag, då eg vart avmynstra i Regina, hovudstaden i provinsen vår. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal