Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Bilhistorie
 

    

 
Volvo Duett
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 19.12.2004

I 1952 bestemte Volvo-grunnleggjar Assar Gabrielson seg for at fabrikken skulle lage ein skapbil. Den som fekk jobben med å gje bilen si form var konstruktøren Erik Skoog. 

Berre eit år seinare, 4. juli 1953, rulla den første PV 445, eller Duett som den seinare vart kalla, ut frå fabrikken i Gøteborg. 
 

Dette var ei herregårdsvogn med glasruter bak, plass til fem personar og eit lyst og luftig interiør. Seinare på hausten var den første varebilen klar. 

Duett var ikkje ein stor bil, men med sin firkanta form slukte den store mengder last og bagasje. Under panseret i dei første 
bilane var det ein 1,4 liters motor på 44 hestar. Seinare kom både ein B16 motor på 60 hestar og ein B18 på 75 hestar. 

Før den siste bilen rulla av samlebåndet 19. februar 1969, vart det produsert til saman 97 298 Volvo Duett/P210 bilar. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal