Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Bilhistorie
 

    

 
Hjulet, vegen og motoren
Forfattar: Scandion
(05.06.2005)

Hjulet, vegen og motoren er dei tre forutsetningane for bilen. Utviklinga fram til eit effektivt samvirke mellom disse tre faktorane har vore lang og dramatisk. 

Hjulet er det elementæra. Når menneske og firbeinte dyr forflyttar seg, skjer det ved hjelp av fram- og tilbakegåande bevegelsar, som er tilpassa eit liv i naturen. Forflytning ved rotasjon finst ikkje. 

I byrjinga transporterte folk tung last på sledeliknande framkomstmidlar. Etterkvart fann dei på å leggje rullar under. At rullar mellom marka og lasta minska motstanden, var ei viktig oppdaging. Glidefunksjonen vart avløyst av rullefriksjonen. 

Neste utvikling var å forsyne rullane med nav som vart festa til køyretyet, slik at ein skulle sleppe å flytte rullane heile tida. Dermed var i prinsippet hjulet konstruert. Det første hjulet var massive skiver. Neste etappe var eit bastant kors av eikar. 

For å dempe støyt mot den ujevne vegbana vart det på finare vogner sett på den massive gummiringen som Goodyear hadde konstruert i 1839. Mot slutten av 1800-talet fann Dunlop opp luftgummiringar for syklar, og brørne Michelin tilsvarande ringar for bilar. 

Vegen var sjølve forutsetninga for at hjulet skulle kome til sin rett. I begynnelsen var vegane ikkje stort meir enn rydda stiar i terrenget. Sjølve vegen oppstod ved bruken, men når det regna, vart dei djupe hjulspora fylt med vatn og søle. Med tida vart vegane forsterka med eit stabilt underlag. 

Då motoren kom i bruk, vart farten ein heilt anna enn før, og det stilte større krav til vegane. Det vart vegane sin stand som bestemte bilen sin utvikling. At det var i Frankrike bilen først kom i alminneleg bruk, skuldast for ein stor del det nett av rette, gode vegar som landet hadde fått alt på Napoleon si tid. 

Motoren vart utvikla av dampmaskina, som innebar at menneska omdanna varmeenergi til bevegelse. Dampmaskinene kunne brukast i båtar og på lokomotiv, men var alt for tunge på landevegen. Men den bensinmotoren som Daimler konstruerte i 1885, løyste problemet. Alt før første verdskrig hadde bilmotoren og kraftoverføringa nådd høg klasse. Sidan den tid har det vore ei fantastisk utvikling. 

Bilen sitt opphav er hestekøyretøyet. Lenge var den berre ei primitiv plattform på to hjul. Styresystem og fjæring var ukjent. For å ta litt av for støyt frå vegen vart vognkurven hengt opp i reimar. Bilen (ein forkortelse for automobil, som betyr sjølvbevegeleg) oppstod i og med at motoren erstatta hesten som drivkraft. Det varte likevel lenge før bilen fann si eiga form. 

Ein bytta rett nok hesten ut med ein motor, men ikkje vogna med bilen. Den vart derfor lenge eit motorisert hestekøyrety. 

 
Mekanikaren som vart bilkonge

Volvo Duett

Norske registreringsskilt

Den viktige gnisten

Trafikklyset si utvikling

Frå trehjuling til «Super-Mercedes»
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal