Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Hav
 

   

    
Barentshavet
Forfattar: Scandion
10.06.08

Barentshavet er havet mellom Svalbard, Frans Josefs land, Novaja Semlja og Øst-Finnmark. Havet er forholdsvis grunt, og varme straumar som kjem opp langs norskekysten forgreinar seg også inn i Barentshavet.

Det fører til at Barentshavet, 1 300 000 km², er isfritt store delar av året. Djupna er ca. 300 m - men der er også grunne bankar på rundt 100 m. Største djup er ca. 500 m. Om vinteren er det drivis. I det sørlege Baentshavet er det godt fiske etter torsk og kveite.

Havet har fått namnet etter den nederlandske oppdagar Willem Barent som i slutten av det 16. århundre vart sendt ut frå Nederland for å finne ein ny sjøveg mellom Europa og Øst-Asia. Barent kom i 1594 til Novaja Semlja og vart tvinga til å overvintre der. Han omkom under overvintring saman med fem av sine menn på Novaja Semlja to å seinare.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal