Ludolf
Eide
Tekst og foto: Scandion
Bronsestatua av Ludolf Eide, som står i byparken,
er laga av Ambrosia Tønnesen og blei avduka 17. mai 1917.
Ludolf Johan Kramer Antonius Eide (1821-1908) var født
på Hovland i Kaupanger. Etter fullført handelslære etablerte
han seg i 1840-åra i Haugesund som skipsreiar, handelsmann og politikar.
Hans virke vart seinare både kemnar og bankdirektør.
Ludolf J. Eide var med i bystyrer i mange år, og
ordførar i åra 1861 - 66, 1873 - 74, 1877 og 1881. I 20 år
( 1865 - 1885 ) var han britisk visekonsul, og dansk visekonsul frå
1873. På Stortinget var han vararepresentant frå Stavanger
amt 1865-1866, frå Stavanger og Haugesund 1871-1873 og 1877-1885.
Minnesmerke på "Haraldshaugen"
blei lansert som ein idé av Ludolf Eide i 1863, Idéen fekk
tilslutning over hele landet - og alle byar, mange kommunar og private
gav av sine midlar til reisinga av monumentet. Avdukinga fann stad den
18. juli 1872 av arveprins Oscar, den seinare kong Oscar II.
Dagen var fridag over heile landet og "Tusenårsfesten
gjekk av stabelen med stor festivas - med representantar frå kongehus,
Storting, regjering og fylka tilstades. Det kan og nemnast at Henrik Ibsen
hadde skrive eit dikt spesielt for denne hendinga. |