Næringsliv
i Gulen kommune
Tekst og foto: Scandion
Næringslivet i Gulen har opp gjennom tidene vore
prega av mange små verksemder. Omlag 170 gardsbruk i aktiv drift
gjer landbruket til ei viktig næring. Tradisjonelt fiskeri har og
lange tradisjonar.
I dei seinare åra har havbruk vorte ein viktig del
av næringsgrunnlaget. Med 20 laksekonsesjonar i drift er Gulen den
største havbrukskommunen i Sogn og Fjordane. Det vert også
satsa på fiskeforedling.
Gulen kommune ligg innafor området til dei distriktspolitiske
verkemidla, og har god tilgang til finansieringsordningar innafor næringsutvikling,
m.a. gjennom Innovasjon Norge og kommunale fond til næringsretta
tiltak.
Kommunen sitt vidare satningsområde for ny industri
er i det godt etablerte Sløvåg-område. Sentralt i forhold
til oljeindustrien på Mongstad har området hatt kraftig vekst
etter at Wergeland-konsernet etablerte seg der i 1987. Først med
sementvareproduksjon, frå 1989 eit behandlingsanlegg for oljeholdig
avfall og i 1994 steinknuseverket Halsvik Aggregates AS, eit av Nord-Europas
største. Denne verksemda er seinare seld til det britisk-kontrollerte
Yeoman Aggregate Industries.
Wergeland konsernet sine forretningsområder er
:
- Betong, betongprodukter, betongringer for oljeindustrien.
- Mottak og behandling av borekaks og slop.
- Reingjering av tanker supplybåtar
- Mottak og deponering av NORM
- Kabelferje / Fraktebåt / Slepebåt
- Base- og havnetenester
ISPS havneterminal har i dag 5 kaier med døgnkontinuerlig
bemanning, av desse er 3 djupvasskaier.
I tillegg til aktivitet i Sløvåg driv konsernet
også Repparfjord Eiendom AS i Repparfjord, Finnmark.
ANDRE BEDRIFTER
Baker Hughes
Johnny Birkeland Transport
Birkeland Entreprenørforretning
Sløvåk Utvikling
Miljøkompost
Alexela Sløvåg
Tess Sløvåg
Sløvåg kom i søkelyset i mai 2007
etter ei eksplosjonsulykke på det tidligare Vest Tank sitt anlegg.
For helse og miljø har dei negative konsekvensane etter ulykka vore
store.
Sløvåg Næringsbygg
29. juni 2009 vart selskapet Sløvåg Næringsbygg
etablert. Aksjonærar er Johny Birkeland Transport AS, Birkeland Entreprenørforetning
AS, Wergeland Holding, Mjømen og Berge Eiendom AS, Sætrelaks
Eiendom AS, Eidsbotn Handel AS, samt Gulen og Masfjorden Utvikling AS. |