Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Næringsliv
Kraftutbygging
Kløvtveit kraftverk
Takle kraftverk
   
L/L Gulen Kraftlag gjennom 25 år
Forfatter: H. H. Tveit og Johs. Norstein
Publiseringsdato: 28.06.2003

Til sine tider har nok dei som stod i brodden for arbeidet med kraftutbygginga i Gulen hatt ein kjensle av at det var meir kritikk enn takk dei fekk for arbeidet sitt. 

Litt historie om elektrisk utbygging. 

Den store nytte menneskja har hatt av elektrisiteten på mange måtar er vel få som er heilt klår over eller kan til fullnads verdsetja. Det er sagt at Edison gjorde si største oppfinning i 1879, då han etter lange og uthaldande prøver fann opp glødelampa. Når ein i dag brukar slike lamper tenkjer ein sikkert lite på kor mykje arbeid, tolmod og møda der ligg bak. Det var Edinson som sette i gang det første el.verk for lys i 1882. 

Kva har ikkje el. som kraftkjelda hatt å seia for Noreg. Noregs største industrikonsern (Norsk Hydro) var skipa 1905. 
Laugstol bruk i Skien var det første el.verk i Noreg som leverte straum til abonnentar. Oktober 1885 tok det til å levera straum frå sitt tresliperi til innbyggjarar i Skien. Der var installera 2 dynamoer kvar på 120 lamper. 

I 1890 fekk Hammerfest sitt el.verk på 12 hk. Christiania tok i 1912 til med å levera kraft frå sitt el.verk på 1200 hk. Lillehammer kom etter i 1894 og 2 år seinare Ålesund. 
 

Sogn og Fjordane fylke 

Første el. utbygginga i Sogn og Fjordane var ved Luster Sanatorium. Det var bygt i åra 1899-1902. Det hadde sitt eige el.verk, truleg sett i gang 1901 og det var sikkert likestraumsverk. Stongfjord Elektrokemiske Fabrikker bygde sin kraftstasjon i 1907, 3000 hk. likestraum. Det leverte kraft til auminiumproduksjon og til lys i næraste busetnaden. 

I Sogn bygde Sygna Ullvarefabrikk, Hermansverk og Sognefjorden Ullvarefabrikk A/S, Sogndal el.stasjonar 1912. Den førstnemnde ein stasjon på 80 hk. for fabrikkdrift og lys til 10-12 abonnentar som budde nær ved. I Sogndal bygde ein ut 300 hk. til fabrikken og til nokre abonnentar i Sogndalsfjøra. 

I 1912 eller 1913 fekk Flora el.verk sitt el.utstyr, men det er noko uvisst kva tid det kom i gang. Litt tidlegare var det bygt eit lite el.verk i Framfjord, Vik, for drift av talkummølle. Innvik el.verk kom i drift 1913. Refsdal i Vik kom igang hausten 1913 med 250 hk. 

Dei kommunale el. verk med vekselstraum for ålmenn forsyning kom så med Førde el.verk sin utbygging i Brunlandsfossen, sett i drift 18. desember 1914 med to maskiner kvar på 175 KVA, og Eid kommunale el.verk, sett i drift desember 1915. 

Gulen. Dingen Tønne- og Trevarefabrikk sette inn dynamo og leverte straum til nokre få huslydar frå 1917. 

Fylket tek opp elektrisitetssaka 

Fylkestinget 1916 gjorde såvore vedtak: 

«Der opnævnes en spesialkomite på 3 mand, som sammen med amtsutvalget og amtsskibenes administrerende direktør bemyndiges til å træffe de fornødne skridt til å sikre amtet vandkraft på 10-15.000 hk under saavidt mulig hensyntagen til kraftens anvendelighet som drivkraft på skibe.» 

Der vart oppretta elektrisitets forsyningskontor 1917 med overingeniør A. Mollo Christensen som leidar. Det vart i gangsett etterrøkjingar for korleis ein på beste måten skulde løysa el.spørsmålet i fylket. Det vart skipa interkommunale kraftlag. Nord for Sognefjorden vart Ålfoten interkommunale og Gaular interkommunale skipa. For Lærdal og Borgund vart skipa Lærdal kraftlag. 

Av dei tri nemnde kraftlag var det berre Ålfoten interkommunale kraftlag som kom i gang berre med linjebygging. Det kom opp i store økonomiske vanskar og det vart tap både for fylket og dei interesserte herad. 

På sørsida av Sognefjorden frå Vik og vestover til Gulen, var det ymse planer. Vikebygda hadde eigen el.stasjon. Elles hadde ein Arnafjordsvassdraget, Førdefalla og Østerbøelva. Kløtveitelva i Gulen var også sterkt på tale som kraftkjelde for dei ytre bygder. Kløtveitelva var handgjeva. Der var betalt kr. 500,- for året ei tid. For Kløtveitelva var også utarbeidde planer for utbygging og ein hadde pristilbod på maskiner o.l. Men det var vanskeleg å koma lenger på grunn av elendige, dårlege, økonomiske tider. Resultatet av det ein hadde opplivt med Ålfoten og ymse andre liknande tiltak skremde. Til det kom at her var grisgrendt, vanskeleg, og av den grunn kostesamt å få bygt ut. 

Dei som var heldige og hadde elektrisk kraft til serlege føremål eller til ålmen forsyning i den første verdenskrigen, hadde svære føremuner både når det galdt produksjon og til lys i ymse hus og fjøs i oljerasjoneringa. Likevel synte det seg at elektrisk utbygging slett ikkje gjekk fram med stormskritt etter krigen og framover i 30 åra. Det hadde sikkert sin grunn i den økonomiske depresjon den tida. Det gjekk difor ofte slik at dei same menneskja som stridde med oljerasjoneringa i 1914-1918 fekk att same tilstandet i 1940-1945. 

Gulen herad, førebuande arbeid 

I dei grender der det var ei lita elv med litt fall vart ikkje el.spørsmålet lagt ned. Frå tid til annan fekk ein hjelp frå el.kontoret til etterrøkjing av slike småe kraftkjelder med tanke på lokal forsyning. Ein hadde Dingevatnet. På Mjømna var Mjømnevatnet og eit lite vatn på Ramneberget med bra fall. Fallet mellom Svardalsvatnet og Langevatnet var vel eit av dei beste med godt basseng og bra nedslagsfelt. Det sistnemnde vassfall renn ut ved Eide mølle i Brandangersundet. Der er mykje vatn, basseng og nedslagsfelt, men diverre så altfor lite fall. Svartevatnet i Eivindvik og Storelva i Nordgulen var også nemnde. Feilen ved alle desse vassfall var at dei gav forlite kraft og vilde ikkje vera nokor løysing i framtida. I Gulen var også nokre olgjeaggregat og vindmøller som dreiv småe dynamoer til litt lys. 

Staten tek opp elektrisitetssaka 

Det hadde tidlegare vore røyster som meinte at skulde det verta ålmenn løysing av elektrisitetssaka (kraftspørsmålet) i landet måtte staten hjelpa til eller ta saka opp. Fleire og fleire såg det slik, så den tanken mogna litt etter kvart. 

I 1937 vart det røyndom at statsmaktene vilde hjelpa til med utbygging av el.kraft. Det vart teke opp løyving på statsbudsjettet. Det var serleg gledelegt der det var så grisgrendt. 

Gulen heradstyre var merksame på det og valde 23/3-38 ei nemnd på 5 mann som skulde førebu, leggja tilrette, spørsmålet for løysing av el.saka i kommunen. Desse vart med i nemnda: 

Vilhelm Bjørknes, A. Bredvik, Henrik Tveit, L. J. Kjellevold og Ola Midthun. Varamenn: S. Randal og I. H. Kittelsvik. 

I Gulen hadde ein Dingevatnet og Kløvtveitvatnet. I Brekke hadde ein Taklevatnet. Busetnaden var spreidd og det var klårt at det vilde verta kostesamt med den el.utbygginga. Kring eller nær Dingevatnet var det fåe abonnentar. Dei som granska dette vart ståande ved at ein hadde å velja mellom Kløvtveitvatnet og Taklevatnet. Dinest var ein klår over at Gulen og Brekke måtte gå saman om å løysa kraftspørsmålet. 

Alle var klår over at Kløvtveitvassdraget gav mest kraft og vilde vera den beste løysinga for framtida. Men utbygginga kosta så mykje at etter det som førelåg var det vonlaust å koma i gang med utbygging av Kløvtveitelva i første omgang. Det galdt å finna eit anlegg som kunde finansierast og byggjast ut snarast mogeleg, så ein kunde koma i gang med levering av el.kraft. 

Takleelva i Brekke hadde etter utsegn frå fagfolk gode tilhøve for magasin og var billeg å byggja ut. Der kunde ein ta til med levering av elektrisk kraft innan rimeleg tid. 

Tinging av kraft 

Både i Gulen og Brekke gjekk ein straks i gang med lister for tinging av kraft. Det var dårlege økonomiske tider. Ein hadde høyrt om kor ille det gjekk med ymse tiltak som kom i gang tidlegare. Folk var difor særs varsame med å tinga elektrisk kraft. Den samla tinging for Gulen og Brekke var så knapp at det var reint vonlaust tenkja på utbygging av eit så kostesamt anlegg som Kløvtveitelva. Det var ikkje på langt nær tinga så mykje kraft at det vilde verta rentabelt med eit så billeg anlegg som Taklevatnet. Men vassdragsstyret gjorde det på den måten at statsstønaden ein skulde få vart gjeven til bygging av kraftstasjonen i Takle. Føresetnaden var at ein skulde få bygt kraftstasjonen for statsstønaden og at det skulde skaffast så mykje lutmidel, andelskapital, at ein fekk stasjonen bygd utan lånekapital. Dette for å få billeg kraft. 

Tinging av kraft held fram. Lemene i nemnda reiste i kring og tala med husstandene for å få mest mogeleg tinging av kraft og teikna lutmidel. 
Dinest måtte ein ha underskrifter på fri grunn. Dette materialet vart innsamla og samarbeidt på kontoret til lensmann Bredvik. Ein tok også lista over husstander som ikkje vågde tinga kraft. Dette arbeidet var så godt utført og oppsett at det fekk ros då det kom inn til vassdragsstyret. Det gjorde at tiltaket med å byggja ut i Taklevatnet kom med i første omgang - med i første statsløyving som vart gjeven for utbygging av el.kraft. 

Kraftlaget vert skipa 

L/L Gulen kraftlag vart skipa 9. oktober 1939. Der var teikna 350 luter a kr. 100,- av 105 luteigarar. Brekke hadde skipa sitt eige kraftlag. 

Til styre vart valde: lensmann Eikenes, formann, Henrik Tveit, varaformann. Dei andre i styret vart Bernhard Hauge, Martin Birknes og L. J. Kjellevold. 

Styret i L/L Gulen kraftlag hadde sitt første møte 1. november 1939 og gjorde vedtak om «å få laget registrera så snart råd var.» 

Den 29. september 1940 var det sammøte mellom styret for L/L Gulen kraftlag og styret i L/L Brekke kraftlag. Møtet vart halde i Austgulen. Overingeniør Hysing var på møtet og gav utgreiing og opplysningar, om at statsstønaden vert auka noko på vilkår av at lumtidelen i kraftlaget vert auka, og at det vart sikra turvande lånekapital til full utbygging etter dei planane som førelåg. Lutmidelen i Gulen kraftlag måtte i tilfelle aukast med kr. 10.000,-. Det vart gjort samrøystes vedtak om å få dette gjennomført. 

Vedtak om bygging av kraftstasjon 

År 1941 den 19. april hadde styret i L/L Gulen kraftlag møte i heradshuset i Eivindvik. Der vart gjort samrøystes vedtak om å gjera desse framlegg til årsmøtet: 

«1. L/L Gulen kraftlag er med å skipa eit kraftproduksjonslag. (L/L Brekke og Gulen kraftstasjonar). Styret får fullmakt til å møta på skipingsmøtet og til å teikna luter for kr. 40.000,- i kraftproduksjonslaget. 

2. Lutmidelen i L/L Gulen kraftlag vert å aukast til høgst kr. 50.000,-. 

3. Resten av lutmidelen som er teikna før og den nyteikna lutmidelen vert innkravd innan 1. juli 1941.» 

19/4-41, same dag, årsmøte i L/L Gulen kraftlag. Formannen las opp framlegget frå styret. Overingeniør Hysing og fylkesmann Seip var med på møtet. Overingeniøren gav utgreiing om stoda og dei planer som førelåg. Fylkesmannen gjorde greide for sitt syn på saka. I møteboka står: 
«Ordet vart gjeve fritt og etter ei rekkje innlegg, vart det føreteke røysting over framlegget. Dette vart ved endeleg røysting vedteke mot 5 røyster.» 

År 1941 den 18. mai heldt styret for L/L Gulen kraftlag sammøte med styret i L/L Brekke kraftlag på Takle. Det vart lagt fram skriv frå Vassdragsstyret at statsstønaden var auka frå kr. 240.000,- til kr. 270.000,- og samtykkje til at kraftstasjonen i Takleelva vart bygd for heile statsstønaden på vilkår av at resten av anleggskapitalen vart dekka av lutmidelen og at det vart skipa eitt kraftproduksjonslag til å ta seg av elektriseringa i dei to kommunane. Det vart gjort samrøystes vedtak om å godtaka alle vilkår med undantak av vilkåret om at det skal vera berre eitt kraftlag for båe kommunane. 

Det vart sett opp ei utgreiing, søknad, til vassdragsstyret om at kravet om berre eitt lag for båe kommunane vart fråfalle. Det vart gjort greie for at næringstilhøva, busetnaden, terengtilhøva og delvis økonomisk ulikskap gjorde at kvar kommunen måtte ha sitt eige lag, i alle høva fyrstundes, avdi det elles var vonlaust med samarbeid. 

Linjenettet 

I styresmøte 28/3-42 vart det vedteke å be årsmøtet om at styret fekk fullmakt til å setja arbeidet med linjenettet i gang i den mun det kan forsvarleg finansierast, og etter samråd med departementet. 

Same dag, 28/3-42, årsmøte. Overingeniør Hysing var tilstades og gav utgreiing om kostnadsoverslag og rentabilitet for ymse linjer. Om framlegget frå styret er det bokført: «Etter eit langt ordskifte vart framlegget vedteke mot 5 røyster. 

13. mars 1943 vart halde årsmøte i L/L Gulen kraftlag. Overingeniør Hysing var med på møtet og gav melding om at staten hadde gjeve ei løyving på kr. 230.000,- til kraftlaga i Gulen og Brekke. Vilkåret var at kraftstasjonslaget bygde høgspentlina fram til Glosvikbakken, i staden for til Kløvtveit. Vidare vart det vedteke å utvida lutmidelen til maks. kr. 100.000,-. Styret fekk fullmakt til å ta opp eit lån på inn til kr. 250.000,-. 
Seinare auka til kr. 255.000,-. Godkjent av Bergens Sparebank 28/4-43. 

Ymse 

Ved å sjå gjenom møteboka frå den tid merkar ein litt etter litt korleis trua på elektrisiteten og med det interessa for el.utbygging aukar. Det var liksom betre tider i kjømda. Som døme kan nemnast at det på møtet 28/4-43 vart vedteke å venda seg til heradet om hjelp til å greida lutmidelen. 
Det vart også valt krinsmenner som skulde ta seg av lutteikninga. Men på styresmøte 18/3-44 er ført i møteboka at lutmidelen er overteikna med kr. 10.400,-. 

Styresmøte på Mjømna 8/11-43. Tyskarane hadde sett fast formannen, lensmann Eikenes. Varaformannen måtte overta formannsplassen. På same møtet oppsett kontrakt med elektrikar Jac. Sande om lågspentnettet og installasjon. 

Årsmøtet 18/3-44 tilrår samrøystes å kjøpa Kløvtveitvassdraget i samsvar med tilbod som førelåg. Det vart vedteke utvida lutmidelen til høgst kr. 125.000,-. Det vart vedteke at ein inn til vidare skulde nytta same straumpriser som gjeld for L/L Lavik kraftlag. 

Styresmøte 8/5-44 vedtok at krinsane skulde røysa lågspentstolpane utan ekstra kostnader for kraftlaget. Direktør Fjalestad sa seinare at det var eit framifrå vedtak. 

Olsokdagen 1944 var det ljosfest på Oppdalsøyra. Styresmøte og ljosfest med rjomegraut same dag. Kjellevold krins fekk også ljos til jul 1944. 

L/L Gulen Kraftlag i drift og vidare utbygging 

Aldri i vår soga har det vore lengta slik etter lys på alle omkverve som i dei åra krig og okkupasjon rådde i landet vårt.På dei stader der dei hadde el. lys, fekk dei ikkje lov og sleppa den minste stråle ut i mørket der fienden rådde. 

Der oljelampa enno var lyskjelda, hadde ein ikkje noko problem med å halda lyset innandørs. Oljerasjonane var så små at ein ikkje hadde noko stråle som kunne koma på avvegar. Under slike tilhøve såg dei i alle heimar, også i Gulen, fram til den dagen då den el. krafta kunne nå fram. Det var nå ein avløysar for oljelampa dei fleste rekna med ein skulle få. Når ein så skulle tinga kraft, var det naturleg å rekna kva utlegg dette ville verta, samanlikna med det som olje og lampeglasa kosta. Sume rekna nå også at det skulle vera fint å ha så pass mykje straum at dei kunne sleppa kveikja i komfyren når dei skulle koke ein kaffiskvett. Å varme opp husa med el. straum rekna dei fleste med ville verta for dyrt. Om ein rekna trongen for el. kraft ut frå dette synet, var det lite truleg at Brekke og Gulen nokonsinne ville ha bruk for meir kraft enn omlag 1.000 KW. straum tilsaman, når heile nettet var utbygt. Dei som skulle skaffa pengar til kraftstasjon og linenett, kunne difor ikkje leggja stort i veg. Det er like til å peika på mange ulemper vi kunne vore forutan om vi hadde lagt større opp, men vi kan vel ikkje vera så heilt trygg for at vi i så fall ikkje hadde kome opp i andre vanskar som vi nå har vore spare for. Når vi skal sjå attende på arbeidet i Gulen Kraftlag frå olsokdagen i 1944 og fram til i dag, vil skorten på kraft syne seg å setje sitt merke på drifta dei fleste åra i denne tida. Det var olsokdagen i 1944 at styret i Kraftlaget hadde møte på Oppdalsøyra. Då vart linebrytaren i Takle slegen inn, slik at dei i heimane i Austgulen og Oppdalsøyra kunne setje dei tome oljelampane på loftet. Det var ikkje nett tider for fest, men i møteboka for kraftlaget les vi på side 38: 

«Styremøtet i L/L Gulen Kraftlag vart halde på Oppdal i Gulen olsokdagen 1944. Norstein og M. Birknes hadde ikkje høve til å møte. Møtet vart halde om kvelden i huset til Jon Opdal der ein fekk nytta el. lys. Styret var samla i høvet av at det el. lyset for fyrste gong vart påsett i Austgulfjorden. Den nye driftsstyraren, Fjøsne, var tilstades. Det synte seg at alt var i orden og gjekk etter føresetnaden. Ein var heilt nød med resultatet. Det gav von om at det vil gå godt med den vidare utbygging i Gulen. 

Opdal skulekrins hadde skipa til lysfest i skulehuset med rjomegraut og god mat elles. Styret og andre som hadde hatt med arbeidet og gjera var innbedne til festen». 

Det var utan tvil god grunn til å halde ein rjomegrautfest den dagen. Men kraftlaget måtte vidare med straumen. Bankane som hadde lånt stasjonslaget pengar til å bygge linene fram til sentrum i Gulen og Brekke, kravde at ein måtte selje minst 290 KW. av dei 500 som stasjonen i Takle kunne produsere. Ein måtte difor, så snøgt råd var, freiste nå fram til dei bygder der det var tinga mest straum. Straks før jul 1944 kunne ein setja straumen på til Dalsøyra. Men endå gjekk stasjonen med svært lita last. Då ein så julaftan 1944 fekk telegram frå overingeniør Fjalestad om at det var gjeve løyve til å strekkja spennet frå Glosvikryggen til Flolid, og over Livresundet til lina i Nordgulen, stunda ein etter at jula var over, så ein fekk spenna strekt. 

15. januar 1945 kunne ein også slå brytarane inn for Eivindvik og Nordgulen. Med dette var straumsalet i Gulen og Brekke så pass stort at bankane var trygge for pengane dei hadde lånt ut. Gulen Kraftlag hadde då bygd 19 km. høgspentline og 41 km. lågspentline. Det var ved utgangen av 1945 tilknytt 230 abonentar som hadde tinga 275 KW. Innkoma var i 1945 kr. 28.584,-. 

Korleis linene vart bygde har vi nemnt i avsnittet om utbygginga før drifta kom i gang. Transformatorar fekk ein ikkje lov å tinga. Ein måtte difor kjøpe og tildels låne 5 KV. transformatorar hjå ymse andre kraftlag og nytta 5 KV. spenning på høgspentlinene i Gulen. Sume av desse transformatorane var altfor små, slik at sume krinsar ikkje kunne få så mykje straum som abonnentane hadde tinga. Så snart det tyske herredømet var slutt, vart det tinga nye 20 KV. transformatorar. I 1946 vart det skifta ut 17 transformatorar frå 5 KV. til 20 KV. og ein fekk såleis 20 KV. spenning på heile høgspentnettet. 

Alle abonnentane fekk då god straum. Det var klårt at ein måtte freiste nå fram til Byrknes med krafta så snart råd var. Brekke var komne langt med sitt linenett, og straumuttaket frå Takle auka fort. 

Ein var merksam på at når ein bygde lina fram til Byrknes, ville straumuttaket frå stasjonen i Takle verta meir enn den kunne levera. Likevel var det ingen som stemde imot å utvide linenettet fram til Byrknes. Vassdragsvesenet gav tilsagn om kr. 210.000,- i statsstønad til dette byggetrinet. 

Arbeidet på lina til Byrknes vart sett i gang i 1947, men vanskane med å skaffe material til både høg- og lågspentlinene gjorde at mange krinsar måtte vente langt fram i 1948 før dei kunne få sett straumen på. Men det vart lite innkome for laget på desse nye linene som det også måtte lånast mykje pengar til. På trass av at det i 1947 vart tilknytt 128 nye abonnentar, auka innkoma til laget berre med kring kr. 5.000,-. Utlogene hadde auka mykje, og det vart ikkje noko overskot det året. Det var då ingen veg utanom auke i prisen, og på årsmøtet i 1948 vart det vedteke å søkje prisnemnda om å få auke kraftprisen med 35%. Men 18 røyster på møtet var imot å auke prisen. 

I 1948 var så det andre byggetrinet i Gulen ferdig. Då hadde Byrknesøy, Mjømna, Ånneland, Fivelsdal, Glenja og gardane langs austsida på Eidsfjorden og fram til Steine fått kraft. Arbeidet på lina Steine-Halsvik var sett i gang. Abonnenttalet var ved årsskiftet auka til 420, og tinga straum til 418 KW. Det var sjølvsagt uråd å halde brukande spenning med så stort uttak frå Takle sine gode 500 KW. Til all lukke var det rikeleg nedbør, slik at stasjonen kunne gå med full last når det kravdest. Som stoda nå var, såg laget seg ingen utveg til å gå i gang med å bygge nye liner. Meir straum kunne ikkje skaffast, og høgre pris fekk ein ikkje lov å ta for den dårlege straumen som vart levert. 

Likevel var det grender som ikkje ville vente på lyset til det laga seg med meir kraft. Laget bygde såleis line frå Fivelsdal til Furnes utan statsstønad. Kommunen ytte kr. 2.000,- til dette, og dei fekk straumen i 1949. 

Det var mange i Gulen som framleis venta på å få den elektriske krafta fram til heimane sine, men før kraftforsyninga var løyst på ei eller onnor vis, var det uråd å ta i ferde med fleire liner. Det kom stadig fleire abonnentar til i dei grender linene var nådd fram til. På ein tabell side har ein freist klårleggje korleis laget sin framgang arta seg i utbyggingstida. Åra 1950 tl 1953, og 1955 og 1956 er ikkje tekne med. 

I 1948 vart det teke opp arbeid for å skaffe kraft frå Matre i Masfjord. Det var då på tale at Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap skulle bygge ut dei store kraftkjeldene i Matre. Dei hadde der inne ein mindre kraftstasjon som kanskje kunne skaffe laget eit par hundre KW. om ein kunne få tak i det. Men der var ikkje bygd noko linenett fram til Gulen si grense slik at ein kunne få krafta hit. Ein arbeidde og med planar om å få Kløtveitvatnet utbygd. Stasjonslaget gjekk difor til innkjøp av fallrettane på Kløvtveit. 

Å skaffe pengar og materiell til utbygging av dette vassfallet i denne etterkrigstida, var ikkje å tenkje på. Løysinga førebils måtte difor verta å kjøpe kraft frå B.K.K. 

Seinhaustes 1950 var spenning på lågspentnetta i Gulen vorten så elendig at krafta var nærmast utenleg både til lys og koking. Målingar synte at spenninga hjå brukar jamt over låg på 180 volt i tida 15. oktober til 31. desember 1950. Dei fleste abonnentane hadde straumen på «vippe-tariff». Dette var ein vanleg måte å selje straum på den tid. Dermed sikra ein laget ei fast innkome slik at bankar og andre kravsmenn kunne kjenne seg trygge. Men avdi abonnentane måtte betale det same anten dei brukte lite eller mykje straum, var ein slik tariff utenleg når ein hadde forlite kraft og selje. Det vart difor vedteke på årsmøtet i 1951 at ein skulle gå over til å selje straumen på målar-tariff. 

Då Brekke Kraftlag hadde bygt liner fram til 60 nye abonnentar i 1951, vart det naudsynt å finna fram til ei deling av dei 550 KVA frå Takle mellom dei to laga. Vassdragsvesenet sol fast at krafta skulle delast med 70 prosent til Gulen og 30 prosent til Brekke. Gulen kunne såleis ikkje ta ut meir enn kring 350 KW. til sine 470 abonnentar. Stasjonen greidde heller ikkje å køyre for fullt med den nedbør det var det året. Ein hadde difor nattutkopling eller sterkt redusert spenning om natta i tida mars-november 1951. Det tok og til på nytt å verta økonomisk vanskeleg for laget, avdi utgiftene til vedlikehold av lågspentnettet vart så store. Då det ikkje kunne skaffast impregnerte stolpar under - og straks etter krigen var heile lågspentnettet bygd av uimpregnerte stolpar. Desse stolpane måtte no skiftast ut. Å få lov å auke straumprisen att var vanskeleg. 

Driftsrekneskapen for 1952 synte at den økonomiske stoda var slik at det måtte skaffast nye innkomer for at drifta skulle vera forsvarleg. På søknad fekk ein så lov å auke straumprisen noko, slik at drifta synte overskot att i 1953. Det vart då avsett kr. 10.000,- til reservefondet. Det hadde tidlegare vore avsett litt til dette fondet, slik at det i status 1/1 1954 var oppført med kr. 16.000,-. 

I 1953 fekk ein avtale med Masfjorden komm. Kraftlag om at dei skulle levere 100 KW. til stasjonslaget over ein målestasjon i Høyvik. I von om at dette skulle verta røyndom innan kort tid, vart det gjort vedtak om å utvide høgspentnettet fram til gardane Sande, Randal, Bremnes og Sørøyane. Desse fekk straumen påsett i 1954. 

I 1955 vart det bygt ei line frå Furenes til Brandanger, slik at ein nådde fram til alle hus på austsida av Brandangersundet med straum. Med dette rakk ein fram til 60 ny abonnentar. Men den lova krafta frå Matre let vente på seg. Spenninga som i 1952 kunne seiast å vera brukbar, fall nå att, slik at straumen var utenleg til mange føremål. 

Laget hadde i 1954 ei brutto innkome på kr. 107.000,- og kunne avsette nye kr. 10.000,- til reservefondet. Det synte seg at det var vanskeleg for Masfjord Kraftlag å skaffe noko av den krafta som ein hadde vore samde om at dei skulle levera. Fram på hausten 1955 vart Eide krins kopla til Masfjorden sitt nett og i jula og nyttårshelga fekk også Byrkneslina kraft frå Masfjord. 
Stasjonslaget hadde då fått avtale med B.K.K. om levering av 2000 KW. Frå fyrstninga i desember 1956 fekk ein høve til å ta ut den krafta ein hadde bruk for og å samkøyra stasjonen i Takle med B.K.K. sitt linenett. For å få sikrare og betre tilførsle av krafta frå Matre måtte Stasjonslaget også bygge ei line frå Furebotten i Masfjord og fram til Brekke. Til denne lina og målestasjon i Furebotten måtte kommunane Gulen,. Brekke og Lavik gjeva munarlege tilskot. Ein fekk og noko statsstønad til dette. Frå desember 1956 var ein såleis sikra brukbar spenning alle stader på Gulen Kraftlag sitt høgspentnett. 

Abonnentane kunne og få kjøpa all den straum dei ville ha. Men den krafta ein kjøpte frå B.K.K. var mykje dyrare enn den krafta som stasjonen i Takle produserte. Årsmøtet 1955 måtte difor gjera vedtak om å auka prisen på krafta til abonnentane. 

Det auka straumsal til auka pris gav laget ei innkome på kr. 143.000,- i 1956. 

Laget stod seg nå etter måten godt økonomisk, men det var likevel uråd å skaffe midlar til å bygge liner fram til alle dei heimar som endå ikkje hadde nådd i krafta. I 1956 vart arbeidet på lina Breivik-Risnes sett i gang, og den vart bygd ferdig i 1957. Likeeins fekk ein det året ferdig ei line frå Randal til Skjerjehamn, Vasvik og Lie. I 1958 heldt linebygginga fram, og det året bygde ein liner fram til alle heimar på Losna, Hisarøy, Brandsdal og Vesetvik. Resten av det byggesteget ein tok til med i 1958 vart gjort ferdig våren 1959. Då vart det sett straum på lina til Grønevik, Navdal og Dingja. 

Endå stod det att nokre øyar der det budde frå ein til fire husstandar på kvar øy. Med dei prisar som det nå var på material og arbeidskraft, såg det vonlaust ut å nå fram til desse med høgpentliner. Avstandane var for store til at ein kunne kome fram med lågspent straum. 
Vassdragsvesenet hadde i lengre tid arbeidt med å få liner som berre nytta 1000 volt spenning inn under lemplegare krav enn for vanlege høgspentliner. 

I 1959 vart det gjeve føresegner for slike i KV. liner. Dette vart så løysinga for desse øyane i Gulen. I 1960 bygde laget ei slik line fram til Svinøy og Risøy og i 1962 kunne ein så gjera ferdig liner til Vatnøy, Vatsøy, Glavær, Hille og Kvernøyane. Den 25. august 1962 var utbygginga av linenettet ferdig. Straumen vart den dagen sett på til abonnentane på desse øyane. Den elektriske krafta var nådd fram til alle heimane i Gulen, 23 år etter at laget vart skipa og 18 år etter at dei fyrste abonnentane fekk straum. I januar 1962 fekk ein store stormskader på linenettet, slik at utlogene til vøling vart store. Hadde ein ikkje fått mesteparten av skadane erstatta av Naurskadefondet, ville det vorte svært føleleg for økonomien til laget. 

Høgspentnettet er nå 136,5 km. Av dette er 8,7 km. sjøkabler. Lågspentnettet er på 86 km. med 81 transformatorar. Desse er alle montert i mast og er på tilsaman 2470 KVA. Ved årsskiftet1964/65 hadde laget 765 abonnentar som i 1964 tok ut 6.509.800 kWh. 

Det stadig aukande forbruk av straum skulle ein rekne med ville sikre laget sin økonomi frå år til anna. Diverre syner det seg at fortenesta på straumsalet stadig vert mindre avdi innkjøparprisen på krafta har auka sterkt. Såleis synte det seg at rekneskapen for 1963 måtte gjerast opp med underskot. Innkoma det året var auka til kr. 320.000,- men likevel måtte ein nytte kr. 9.673,- av reservefondet for å få balanse i driftsrekneskapen. 
Årsmøtet 1964 ville likevel ikkje gå med på å auke straumprisen til abonnentane med meir enn 5%. Heller ikkje 1964 gav laget balanse i rekneskapen. I sitt siste driftsår måtte laget nytte kr. 12.637,- av reservefondet. Dette var ved årsskiftet på kr. 32.665,72. Vedlikehaldet av høgspentlinene og mange lynskader på transformatorar har dei siste par åra valda større utloger enn ein hadde rekna med. 

Kraft - forsyning 

Utbygging av kraftkjelder har det ikkje vore laget si oppgåve å setja i verk. Det har vore Stasjonslaget si oppgåve å produsere eller kjøpe inn den kraft som fordelingslaga kunne selje. Prisen på krafta frå stasjonslaget var svært rimeleg så lenge dei slapp kjøpe kraft frå B.K.K. I 1948 gjekk berre omlag 24% av Gulen Kraftlag si innkoma til kjøp av kraft frå stasjonslaget. I 1953 gjekk det berre 20%, men i 1958 var det berre 20%, men i 1958 var det auka til 43%. I 1963 gjekk heile 56% av laget si innkoma til kraftkjøp. Skal det halde fram i den lei, vert evnen til å halde vedlike og forsterke linenettet svært ring. 

I Gulen er det berre ei kraftkjelde som det kan komme på tale å bygge ut. Det er Kløtveitvatnet. I Kløvtveit vil det truleg lata seg gjera å produsere fram mot 25 millionar KWh. om alt vert bygd ut. I fall dette ikkje let seg gjera, må ein også i framtida kjøpe det meste av den krafta ein treng frå B.K.K. 

Finansiering 

Så stort og kostesamt linenett som ein måtte ha for å skaffe kraft fram til alle i Gulen, ville det vore ei vonlaus sak å ta til med kraftforsyninga ved eigne midlar og lån. At det er bygd 180 m. høgspentline og 112 m. lågspentline til kvar abonnent fortel ikkje så mykje. At dei ferdige linene kostar meir enn kr. 1.000,- for kvart menneske i Gulen fortel kanskje meir. Skulle kraftlaget lånt alle desse pengane, ville rente- og avdrags-kontoen synt eit utlegg på omlag kr. 200.000,- året. Det ville igjen ført med seg at straumen hadde vore kring dobbelt så dyr som nå. 
Difor måtte det skaffast midlar til nedskriving av anlegget. Til slik nedskriving har laget fått munarleg statsstønad. Fylket har og gjeve noko stønad. Kommunen likeeins. 

Den fyrste stønaden vart gjeve til Brekke og Gulen Kraftstasjonar, slik at dei kunne levere sers billig kraft til dei to kraftlaga og føra den krafta fram til nokonlunde sentral plass i kommunane. Stasjonslaget fekk såleis kr. 500.000,- til dette føremål. I 1945 fekk laget sin fyrste statsstønad med kr. 45.000,- som m.a. vart nytta til bygging av høgspentline over Austgulfjorden til Hantveit. Sin fyrste større stønad til linebygging fekk laget tilsagn om i 1946, med kr. 210.000,- pluss tillegg 1948 kr. 48.000,-. Då vart det vedteke å bygge line frå Dalsøyra til Byrknesøy med avgreiningar til Steine og til Mjømna. I 1953 fekk laget stønad kr. 110.000,- til Sørøyane. Når neste tilsagn om stønad til linebygging fyrst kom i 1956, så er dette avdi det ikkje kunne skaffast noko kraft til å selje over dei nye linene. 11956 fekk ein så kr. 105.000,- til lina Breivik - Risnes og vidare til linene Randal-Skjerjehamn-Lid vart det gjeve kr. 80.000,- i stønad. Men enno stod det att å bygge line til mange på øyana i Gulen. 

I 1957 fekk laget tilsagn om stønad til å bygge liner frå Eivindvik til Hisarøy med avgreining til Dingja. Vidare frå Undalsvk til Klokkeid-Brandsdal-Neverdal. Ein fekk også stønad til å bygge lina på Losna i samband med Solund Kraftlag sitt linenett. 

Statsstønaden var på tilsaman kr. 516.000,-. Fylket gav og stønad med kr. 20.000,-. 

Til å bygge line fram til Vatnøy-Vatsøy-Glavær og Hille, Koksøy og Kvernøyane fekk laget i 1961 tilsagn om kr. 121.000, i statsstønad. Kr. 17.000,- frå fylket, og kr. 50.000,- frå kommunen. 

Laget har i alt fått kr. 1.248.000,- i statsstønad. Kr. 136.193 frå kommunen, og kr. 37.000,- frå fylket. 

Men abonnentane og andre som hadde interesse av at heimane i Gulen fekk el. kraft har i alt skaffa kr. 402.800,- i lutmedel. Attåt er det gjort mykje dugnadsarbeid. At dette arbeidet kan verdsetjast til kring kr. 300.000,-, er truleg. Dette arbeidet er ikkje bokført i laget sine rekneskapar. 
Når ein såleis ved lutmedel og stønad kunne selje kraft til rimeleg pris på liner som var nedskrivne til under det halve av kva dei kosta, let det seg gjera å få låne den restkapital ein trengde. Det er Bergen Sparebank som har skaffa laget den meste lånekapital. Gulen Sparebank har og gjeve god stønad både ved lutteikning og lån. Den samla bokførde byggesum for laget sitt linenett er pr. 31/12-1964 kr. 2.578.882,-. Den bokførde verdien kr. 545.073,-. Den samla lånekapital var kr. 715.000,-. Pr. 31/12-1964 er laget sin låneskuld kr. 210.149,-. Det er såleis i denne tida avbetalt kr. 504.851,- på laget sine lån. 

Straum - Tariffar - og rasjonering 

Når borgaren av velferdssamfunnet av i dag minnast tida for 30-40 år sidan, er det ikkje vanskeleg å sjå at vi idag krev at kvardagen skal vere så langt lettare å kome igjennom. 

Det som har teke vekk mesteparten av slitet for oss idag, er maskinene. Maskiner er ikkje noko som fyrst kom dei siste 30-40 åra. Der var mange maskiner som tok tunge tak før den tid. Men fyrst då det vart enkelt og billig å lata den elektriske straumen drive maskinene, kunne kvar mann som rådde over elektrisk kraft, skaffe seg god og billeg drivkraft. Det er ikkje i alle land at den elektriske straum er så billeg. Men her i Noreg har vi noko så nær den billegaste straum som fins. Kraftverk som vart bygd her i landet i tjue- og tretti-åra, kan gjeva abonnentane sine store føremuner ved å selje billeg straum. Bygder som måtte vente lenge på krafttilførsla, sakka bakover i tevlinga med dei som var tidleg ute. 

Det er småindustrien - bygdeindustrien - som så radikalt har endra næringsgrunnlaget i så mange bygder i landet vårt. 

Skal slik industri ha von om å vekse og trivast, krevst det ymse vilkår. Eit av desse er at det på staden kan skaffast rikeleg og sikker el. kraft. 

Til rimeleg pris

Og det er ikkje berre prisen til teknisk bruk som må vera rimeleg. Også til hushald må straumen vera rimeleg, om industri skal ha vokstervilkår. Det er ikkje så liketil å kunne tevle på dette omkverve for eit kraftlag som har 300 m. liner til kvar abonnent å halde vedlike. Når ein så attåt må kjøpe krafta til høg pris og føre den fram på lange liner med stort tap, har kraftprisen til abonnentane lett for å verta for høg. Laget har vore svært varsam med å legge på straumprisane, men må likevel halde ein pris som ligg litt i overkant av medeltalet for landsbygdene elles i landet. Om ein kan makte å skaffe billigare straum ved å bygge ut Kløvtveitelva, er det i dag uråd å seia noko sikkert om. At Kløvtveit kunne skaffe sikrare kraftforsyning skulle det vel ikkje vera tvil om. 

Dei fyrste 12 åra måtte ein rasjonere krafta ut til abonnentane. Dei fyrste åra avdi transformatorane ein greidde å skaffe under krigen var for små. Etterat lina til Byrknes var koma i drift, kunne ikkje stasjonen i Takle med sine 550 KVA greie å levere det som abonnentane ville ha. På årsmøtet 28. mars 1947 vart det vedteke å rasjonere straumen slik: ((Ingen får kjøpa straum til oppvarming. Til lys og koking får ein 80% av det ein hadde tinga 1. juli 1944 i indre strøk, og 1. januar 1946 i ytre strøk. I tillegg til dette får ein 50 Watt for kvar lut tingaren og huslyden hans har tilsaman. Høgst 1500 Watt. Skulle det syne seg at prosentsatsen vert for høg, får styret fullmakt til å etja den ned.» Det synte seg snart at ein hadde vore for raus ved fastsettinga av prosentsatsen. Ein ser i styret si møtebok at 1. november 1947 oppmodar ein Brekke Kraftlag om å avgrense overforbruket på målarane mest mogeleg. Det vart noko «tautrekking» mellom dei to kraftlaga om kor mykje straum kvart lag hadde krav på av det stasjonen i Takle kunne produsere. 

Styret i laget hadde mykje strev med å rasjonere straumen på ein rettvis måte til abonnentane. 

Møteboka syner at styret har handsama i alt 118 søknader om straum utanom rasjonen. Dei fleste måtte ein avslå avdi det ikkje kunne skaffast meir straum. I 1950 fekk så driftsstyraren fullmakt til å ta avgjerd i slike saker. 

Fyrst mot slutten av 1957 kunne ein melde frå at nå kunne alle få den kraft dei ville ha, - i den mun som lågspentnettet makta å få den fram. 

Vinteren 1960-61 måtte ein rasjonere krafta avdi det var altfor lite nedbør i 1960. Målarane vart då stillt ned med 25% i tida frå oktober 1960 til april 1961. Den fyrste tida nytta ein vippe til å måle straumuttaket til abonnentane. Ein betalte då ein fast årspris for tinga KW. Overforbruket var det såleis ikkje høve til å ta ut. Seinare gjekk ein over til overforbruksmålarar i staden for vippe. Då var det høve til å ta ut meir straum enn det som var tinga og til fastsett pris pr. KWh. Mange finn at det løner seg å nytte straum til heil eller delvis oppvarming av husa. Dei vil som oftast finna at den såkalla «blanda tariff» vil passe best til det. Etter den tariffen betalar ein ei årleg avgift for retten til å nytte avtalt antal KW. Men all straumen ein nyttar, vert då målt og betalt pr. KWh. Prisen på krafta som laget har levert til abonnentane sine, har nok auka ein god del sidan 1944. Likevel er ikkje auken så stor som auken i levekostnaden elles. I 1944 kosta 1 KW. på vippe kr. 129,- året. I dag kostar 1 KW. med rett til overforbruk kr. 315,-. Tariffane til andre formål enn hushald har endra seg mindre. Såleis kan ein nemna at prisen på straum til oppvarming av kyrkje, skulehus o.l. var i 1945 6 øre pr. KWh. I dag er prisen til slike føremål 6,3 øre. 

Men anten ein kjøper straum etter den eine eller den andre tariff, så er ein like hjelpelaus når straumen til sine tider vert borte. Den elektriske krafta er vorten ein tenar som ein reknar med skal stå parat til å tene oss på så mange felt og til alle tider, dag og natt. 

Hus-spørsmålet 

Dei som har vore med i styret har vore merksam på at skal laget kunne arbeide godt, må det sytast for hus både til lager, kontor og bustad for tenestemenn. Alt den tid lensmann Eikenes var formann, vart arbeidet for å få bygd hus til laget teke opp. Ein var i 1949 komne så langt at ein hadde både grunn, mesteparten av materialane og byggeløyve for kontor- og driftsstyrar-bustad. Men årsmøtet gjekk imot bygging med 34 mot 14 røyster. Sidan har det vore gjort fleire vedtak som gjekk ut på at ein burde bygge, i samarbeid med kommunen eller på onnor vis, men noko vedtak om å setje arbeidet i gang, vart det ikkje til. 

Installasjons-arbeidet 

Skal abonnentane kunne nytte ut straumen som kraftlaget leverer ved husveggen, må ein vera budd på at det krev store utlegg til hus-installasjonar. I den tida laget skulle levere straum, var det svært vanskeleg å få tak i material til slik installasjon. Det var heller ikkje noko firma i nærleiken somkunne skaffe materiell og ta på seg arbeidet med å installere. Kraftlaget måtte difor freiste å få kjøpt alt materiell som kunne skaffast. Ein måtte og syta for å få ein autorisert installatør til å ta på seg arbeidet hjå abonnentane. Den 8. november 1943 vart det skrive kontrakt med installatør Jac. Sande, Lavik, om installasjonsarbeidet. Han skulle og ha tilsynet med bygging av lågspentlinene. Sande hadde så dette arbeidet fram til november 1946 då Anfinn Norstein overtok som installatør. Kraftlaget hadde lager av materiell denne tida. I 1948 overtok Norstein lageret og dreiv installasjonen for eiga rekning til han vart driftsstyrar i slutten av 1948. 

I mai 1949 vart så Johs. Sviggum tilsett som installatør og dreiv for eiga rekning fram til april 1951. 

Det synte seg nå å vera vanskar å få installatør til å ta på seg arbeidet i Gulen på dei vilkår ein kunne by. Det vart difor til at laget måtte ta på seg å vera installatør, og så nytta montørar til å gjera arbeidet. Sidan desember 1953 har Oddm. Sandnes vore montør. Saman med ymse hjelpearbeidarar har han etter den tid utført det meste av installasjonsarbeidet for laget. 
Det er ikkje så liketil å halde vedlike installasjonane hjå abonnentane i eit så vidsveimt og sundrive område som Gulen. Det vil oftast verte urimeleg kostesamt å få retta på små feil. Når vegnettet etterkvart vert utbygd, vil det også verta lettare å driva installasjonsarbeid i Gulen. 

Kontorhald og tenestemenn 

Gulen Kraftlag, Brekke Kraftlag og Stasjonslaget, som dei to kraftlaga skipa i 1941, har heile tida vore økonomisk bundne til kvarandre. Drift og kontorhald ville vore enklare og billegare om dei tre laga hadde vore slegne saman. 

Då B.K.K. skulle selje kraft til dei to kraftlaga, ynskte dei at laga vart slegne saman. Det let seg ikkje gjera å få det i gjennom, den gangen. 
Seinare har spørsmålet vore teke opp fleire gonger, serleg frå Gulen Kraftlag. Fyrst i 1964, etterat dei to kommunane var slegne saman, greidde ein å koma fram til vedtak som gjer det mogeleg for dei tre laga å få sams rekneskap frå 1. januar 1965. 

Men heile tida har ein måtte ha driftsstyrar og seinare driftsassistent saman om ikkje administrasjonen skulle verta for dyr. Det vart då slik at stasjonslaget skulle tilsetje og løne den tekniske leidinga og få ein viss part av løna att frå kraftlaga. Ei tid hadde driftsstyraren rekneskapen for Gulen Kraftlag attåt rekneskapen for stasjonslaget. 

Driftsstyrar 

I 1944 vart Hans Fjøsne, Luster, tilsett som driftsstyrar for dei tre laga. I 1948 sa han opp stillinga og flytte til Luster. 

Anfinn Norstein som arbeidde som installatør i laget vart då tilsett som driftsstyrar. Men han og fann seg etter ei tid ein liknande stilling på ein stad der ein kunne nytte bil i staden for båt. Frå nyttår 1952 til hausten 1955 var Hermod Sagen driftsstyrar. Sidan den tid er det Jac. Sande, Brekke, som har hatt stillinga. 

Då ein hausten 1954 hadde von om å kunne setje fart i utbygginga av linenettet, meinte driftsstyrar Sagen at han trengde meir teknisk arbeidshjelp. Styret i stasjonslaget fann det difor rett å få tilsett ein driftsassistent i utbyggingstida. Sverre Wergeland vart då tilsett som driftsassistent. Han slutta i 1956 og tok til med installasjonsverksemd i Brekke. Sidan den tid har Harald Norheim vore tilsett i stillinga. 

Kasserarar 

Som fyrste kasserar i Gulen Kraftlag vart lensmannsbetjent Olav Bøe tilsett. Han hadde det som attåt-stilling, og kontoret var i huset til Norstein i Eivindvik. Då Fjøsne vart tilsett som driftsstyrar, overtok han også som kasserar for laget. Likeeins hadde Anfinn Norstein laget sin rekneskap då han var driftstyrar. Kontoret var då i huset til Lydia Wevling i Eivindvik. Frå 1. januar 1952, på same tid som Sagen vart driftsstyrar, vart Kåre Henriksbø tilsett som rekneskapsførar og kasserar i laget. Han var då forretningsførar i forsyningsnemnda, og skulle ha kasserarstillinga som attåt-stilling. Men då laget måtte ta over installasjonsverksemda, vart stillinga etterkvart full stilling med vanleg kontortid. 
Kasserarkontoret var då i heradshuset. Då laget i 1956 leigde kontor i P. R. Sandal sitt forretningsbygg, flytte også kasserarkontoret dit. 

Styreformenn 

Laget sin fyrste styreformann var lensmann Jakob Eikenes. Han var ei drivande kraft i det førebuande arbeid og fleirtalet mellom luteigarane ynskte at han skulle halde fram med arbeidet. 

Ved val på styre i 1945 nekta fylkesagr. H. H. Tveit attval. Han hadde gjort teneste som formann etter at lensmann Eikenes i 1943 var teken av tyskarane. Til ny varaformann vart vald L. J. Kjellevold. Han overok formannsjobben til Eikenes kom attende frå Tyskland. 

I protokollen ser ein at Eikenes vart attvald som formann ved alle val den tid han var borte frå Gulen. I 1946 flytte Eikenes frå Gulen, og Johs. Norstein, Eivindvik, vart då vald til formann. På årsmøtet 1949 sa Norstein frå seg attval, med anna sidan sonen, Anfinn Norstein, då vart tilsett som driftsstyrarar. Lærar S. Randal var å formann frå 1949 til Norstein på ny tok på seg formannsplassen i 1957. 

Styremedlemer 

Desse har vore valde til styremedlemer av årsmøta og sete i styret: 

Jakob Eikenes, 1939 - 1946 
Henrik H. Tveit, 1939 -1944 og 1949 til 1963 
Bernhard Hauge, 1939 -1942 
Martin Birknes, 1939 - 1947 
L. J. Kjellevold, 1939 - 1962 
Ludv. Opdal, 1943 - 1944 
H. M. Haveland, 1945 - 1945 
Harald Iversen, 1945 - 1947 
Johs. Norstein, 1946 - 1948 og frå 1957 
Ingv. Austgulen, 1946 - 1954 
Konr. H. Rutledal, 1948 - 1956 
Vilhelm Bjørknes, 1948 - 1948 
Søren Randal, 1949 - 1956 
Guttorm Kversøy, 1955 - 1957 
S. T. Lie -1957, 1962 
Marchall Unneland, 1958 - 
John L. Kjellevold, 1962 - 
Edvin Sellevåg, 1963 - 
Trygve Brosvik, 1964 

På omframt årsmøte 14. august 1964 vart det vedteke å løyse opp laget for saman med Brekke Kraftlag å late det gå inn i L/L Brekke og Gulen Kraftstasjonar. Som avviklingsstyre vart laget sitt styret 1964 valt. Det er: Johs. Norstein, formann, John L. Kjellevold, varaform., M. Unneland, Edvin Sellevåg og Trygve Brosvik. 

Den 5. mai 1965 hadde L/L Gulen Kraftiag sitt siste årsmøte. Der vart årsmelding og rekneskap for 1964 godkjent. 

I årsmeldinga for 1964 merker ein seg at straumtilførsla til abonnentane ikkje er så stabil som ynskjeleg kunne vere. 

Rekneskapen syner at ein har nytta av reservefondet for å få jamvekt. 

Same dag hadde L/L Brekke og Gulen Kraftstasjonar sitt første årsmøte der luteigarane hadde vanleg røysterett. 

Sluttord 

Ein kan vel ikkje seia at Gulen Kraftlag, med sitt arbeid for å skaffe el. kraft til heimane i Gulen, har makta å stogga «flukta frå landsbygda». Det er for mange ting som spelar inn på dette omkverve, til at berre el. forsyning kan snu straumen. 

Litt småindustri har nå freista slå rot i Gulen sidan ein fekk brukande kraft, men diverre ikkje i den mun ein kunne ynskje. 

Nokre verkstader der de lagar dører, vindauge, trapper og kjøkkendiskar har funne levevilkår. Nokre små sagbruk, ein hermetikkfabrikk, ein fabrikk for sementvarer og eit mek. verkstad er og i drift. Nokre bra arbeidsplassar gjev nok dette, men tiihøva skulle liggja bra tilrette for meir industri om dei rette menn med tru på framtida ville ta fatt. Ein har likevel grunn ti å tru at Gulen Kraftlag har vore med å bremsa litt av straumen frå bygdene. At arbeidet i hus og heim fell langt lettare og krev langt færre hender, når ein kan nytte hjelperåder som kan drivast med elektrisk, er tvillaust. Arbeidsplassane i heimane vert difor ikkje så mange. Berre fleire heimar og livsvilkår for dei, kan stogga den nedgangen i folketalet som Gulen, slik som dei fleste kystkommunar, har hatt i mange år. Noko med kvart vert kommunen knytt til vegnettet så langt fastlandet rekk. Dette skulle og gjeva vokstervilkår for litt industri. 

Tilslutt vil vi og nemne, at når det gjeld utbygginga av linenettet i Gulen, må det seiast at det har vore ei sak som har kalla samla løft. Det har vore lite strid og dragkamp mellom dei ymse grender, og offerviljen og samarbeidsviljen har vore stor. Ein må vel kunne seia at her gjekk «Mann av huse» for saman å skaffe lys og kraft til husa. Det var nok ikkje så liketil for mange å skaffe dei kontantar som skulle til, både til luter og til installasjonar, men det gjekk. Mykje dugnad vart og kravt med mange tunge tak i bratte lier, men det og gjekk. 

I dag er det vel ingen som tregar at dei var med å yte sitt for å få denne gode og villige tenaren inn i heimane. 

Til sine tider har nok dei som stod i brodden for arbeidet med kraftutbygginga i Gulen hatt ein kjensle av at det var meir kritikk enn takk dei fekk for arbeidet sitt. Men det er vel ein felles lodd for alle som vert valde til slike ombod. På den lysfesten som vart halden i Eivindvik i 1945, var det to «Budeier» som song ei vise om kva goder lyset hadde ført med seg i fjøset. 

Dei sa og fram si takk til styret for dette som hadde gjort alt så mykje lettare. Og dei gjorde det slik: 

No vil vi gjerne rette til dokke i styre, heisan, hoppsan og falleri og ra. 
Ei takk i frå oss sjølv og ei helsing frå kyre, heisan, hoppsan og falleri og ra. 
Burt i Amerika veit vi dar ska være, heisan, hoppsan og falleri og ra. 
Ein elektriske stole, som ska være so svære, heisan, hoppsan og falleri og ra. 
Ein slik vil vi kjøpe, sjølv om han er dyre, heisan, hoppsan og falleri og ra. 
Og gi han som gave til dokke i styre, heisan, hoppsan og falleri og ra. 
 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no