Bjørgvin
bispedøme
Foto: www.kirken.no
Bjørgvin bispedøme omfattar fylka Hordaland
og Sogn og Fjordane og vart oppretta på Selje på Olav Kyrre
si tid, ca. 1070. Bispesetet vart flytta til Bergen i 1170.
I utstrekning var bispedøme i middelalderen omtrent
den same som i dag. I åra 1622 til 1983 omfatta det også Sunnmøre.
I 1918 vart Bjørgvin offisielt fastsett som administrativt namn
på Bjørgvin bispedøme - som før heitte Bergen
stift.
Halvor Nordhaug (f. 26. februar 1953) er den 36.
biskopen i Bjørgvin bispedøme sidan 1537. |