Kyrkja på Vestlandet
Den norske kyrkja er eit evangelisk luthersk kyrkjesamfunn.
Delt inn i 11 bispedømer, 105 prosti og 1285 sokn.
Kvart bispedøme blir leia av ein biskop og eit
bispedømeråd.
På lokalplanet er det eit sokneråd.
Kvart fjerde år vel kyrkja sine medlemmer nye sokneråd
med mellom 4 og 10 medlemmer.
Omlag 83 % av alle nordmenn tilhøyrer Den norske
kyrkja
Mange gjev uttrykk for sitt religiøse liv gjennom
kyrkja sine ritual og høgtider.
Kvart år er det 70000 gudstenester i 1600 kyrkjer
i dei 1285 sokna.
Selje Kloster
Selja var eit av dei tre første bispeseta i landet,
og eit sentralt religiøst senter i mellomalderen. I dag ligg ruinane
av Selje Kloster lett tilgjengelig for besøkjande på øya
Selja i Selje kommune.
Legenda
om St. Sunniva
I følgje legenda var Sunniva ei irsk kongsdotter som
i 960-åra, saman med ein liten flokk, forlet riket sitt etter at
vikingane tok til å herja - og ein vikinghovding ville gifta seg
med henne.
Sunniva stranda på øya Selja der ho døydde
som martyr i det som i dag er kjent som St. Sunniva-hola. (Bilete)
Kong Olav Tryggvason fekk undersøkt staden i 996
- og leivningane til Sunniva vart samla opp og skrinlagde i relikvieskrin
som vart sette inn i kyrkja som Kong Olav Tryggvason bygde utanfor hellaren.
Sunniva er rekna som vernehelgen for Vestlandet.
Staden blei det første pilgrimsmålet i Noreg
- og biskopsete omkring 1070. Det gjekk ikkje mange åra før
biskopen flytta til den framvoksande byen Bergen.
I år 1170 blei skrinet med Sunnivas leivningar ført
til Bergen og høgalteret i domkyrkja, ei hending som førte
til ei offisielle flytting av bispesetet frå Selja til Bergen.
Frå den tid rådde benediktinerane grunnen
ålene på Selje.
Foto: Scandion. |