Dåp
I heile den kristne kyrkja er dåpen det grunnleggande
sakramentet som danner utgangspunkt for den døpte sitt liv i trua
og i kyrkja. Den kristne dåp vert praktisert på ulike måtar
i dei ulike kyrkjer. I vår lutherske kyrkje har vi barnedåp.
Omkring 50.000 barn vert døypt inn i Den norske kyrkja kvart år.
Det er gjennom dåp ein vert medlem av Den norske kyrkja.
Når ein ynskjer dåp, vender ein seg til kyrkjelydskontoret
i kontortida og gjer avtale om tidspunkt for dåp og dåpssamtale
med prest.
Les meir på kirken.no
|