Bjørn West - veterandag
Forfatter: Bjørn West Museet
60 år sidan etableringa av Bjørn West-styrken
og 10 år sidan kong Harald V innvia Bjørn West museet, vart
markert gjennom veteranbil- og båtkortesje, minnestund og ein offentleg
veteranmiddag.
Foto: Magne Åhjem
Markering av fleire jubileum stod på programmet
under Kraftspela på Matre laurdag 21. august 2004.
Det er i år 60 år sidan motstandsavdelinga
Bjørn West blei etablert, og 10 år siden kong Harald V kunne
innvie Bjørn West museet i Matre. Masfjorden kommune er 125 år,
- og for 60 år sidan gjekk D/S Masfjord på land og sokk ved
Duesund. 11 menneske omkom - noko som blei markert ved ein minnesermoni
og nedlegging av krans frå D/S Oster ved ulukkesstaden.
Veteraner samla til middag. Foto: Magne Åhjem
VETERANMIDDAG
Masfjorden kommune, BKK og Bjørn West-museet innviterte
til festleg markering. Rundt 50 Bjørn West-veteraner med ektefeller
var møtt fram for å bli feira med ein offentleg veteranmiddag,
- noko som blei sett stor pris på. I sin tale minna Håkon Randal,
president i Norges Forsvarsforening, om diktaren sine ord - "merket det
stend om mannen han stupa".
Eilert Eilertsen. Foto: Magne Åhjem
258 mann tenestegjorde i Bjørn West - og dei hadde
god støtte frå lokalbefolkninga. Bjørn West var einaste
norske avdeling som kom i direkte kamp i Norge etter felttoget i 1940.
- "Den samhørigheten som ble skapt i Bjørn
West føler vi fremdeles er til stede. Dette er et stolt kapittel
i vår krigshistorie. Veteranene har grunn til å være
stolte av det de har vært med på, og det har vi andre også",
sa fylkesmann Svein Alsaker i sin tale.
F.v. Håkon Randal, John Reidar Kvinge, Jon Pettersen
og Atle Bondevik. Foto: Magne Åhjem.
Bjørn West-veteranen Eilert Eilertsen hylla sin
nære venn og sjef - kaptein Harald Risnes. Risnes fekk den høgaste
av norske utmerkingar, Krigskorset med sverd.
Leiar for Bjørn West museet, Alf Solheim, takka
Jon Hope frå Sogelaget og Erling Virkesdal for den store og viktige
innsatsen dei har gjort for museumssaka.
Generalinspektøren for Heimevernet, generalmajor
Bernt I. F. Bruvold, overrekte ein sjekk som gåve til museet: - "Vi
skal aldri glemme det avdelingen sto for", sa han.
Forsvarsforeningens president, Håkon Randal. Foto:
Magne Åhjem
Forsvarsforeningens president, Håkon Randal, heidra
tre som har gjort ein ekstra innsats. Han overrekte medalje til 92-årige
oberst John Reidar Kvinge, som ei tid var sjef for Kompani Linge, og veteranen
Jon Pettersen som deltok i innvasjonen i Normandie i juni 1944.
Atle Bondevik gjorde sin innsats etter krigen, i heimevernet
og som Bjørn West-marsjens far. Bondevik kvitterte på sin
side ved å overrekke til museet feltprest Roal Hedegård Jacobsens
nytestamente frå krigens tid i Matrefjella.
Eilert Eilertsen takka ordførar Håkon Matre
på vegne av veteranane.
Arrangementet blei gjennomført i regi av rådmann
i Masfjorden, Lovisa Midtbø.
Generalinspektøren for Heimevernet, generalmajor
Bernt I. F. Bruvold, overrekte ein sjekk til Alf Solheim - som gåve
til museet. Foto: Magne Åhjem.
Fylkesmann Svein Alsaker. Foto: Magne Åhjem.
Ordførar Håkon Matre. Foto: Magne Åhjem.
F.v. Erling Virkesdal og Jon Hope. Foto: Magne Åhjem.
|