Våpensamling
Tekst og foto: Scandion
Bjørn West Museet si våpensamling inneheld
mange typar våpen som vart brukt av Bjørn West og dei tyske
soldatane under kampane våren 1945. Restane av eit Gewehr 43 er eit
av dei.
På biletet viser Leidulv Solheim, ved Bjørn
West Museet, fram restar av eit tysk halvautomatisk gevær av typen
Gewehr 43.
Våpenet vart funne av Hjalmar Matre i elva mellom
Kringlebotnvatn og Hummelvatn i 1970-åra og har tilhøyrt ein
av dei tyske elitesoldatane, MEK-soldatar. (Marine Einsatz Kommando). Nederst
på biletet ser du våpenet slik det er orginalt.
Ved to høve deltok det MEK-soldatar i trefningar
i Kringlebotn.
Våpenet var eit gassdrive, halvautomatisk gevær
i kaliber 7.92 mm, og avansert for si tid. Det kom så seint i krigen
at det vart relativt lite utbreidd. Ein kunne også montere på
kikkertsikte.
Det var i første omgang berre eliteeiningane, som
MEK-soldatar, som fekk dette nye våpenet.
Spesifikasjonar:
Lengde: 1130 mm
Løp: 546 mm
Vekt: 4,1 kg
Sikte: Skur og korn/kikkert
Kaliber: 7.92 x 57 mm
Vo: 745 m/s
Magasin: 10 skudd
Ildhastighet: 40 skudd pr. minutt
Effektiv rekkevidde: 800 m
Maks rekkevidde: 2200 m |