Ei problematisk innkvartering
Forfatter: Bjørn West Museet
Bjørn West soldatane i Masfjordfjella vinteren
1944/45 - hadde eit utruleg slit med forsyningar, kamp mot snøstormar,
kulde, regn og matmangel, - og ikkje minst ei problematisk innkvartering.
Seterhusa var rekruttskule - og den første tilholdsstaden
for nykommarane til Bjørn West basen.
Dei fleste av seterhusa måtte setjast i stand før
dei kunne takast i regulær bruk. Husa var alle bygd for sommarbruk
for ei eller to budeier som såg etter buskapen på sommarbeite
på fjellet. Torvtaket var nesten alltid lekk, og snøen blåste
inn gjennom opningar og sprekker i veggane.
Under ser du bilete av seterhusa Bjørn West soldatane budde
i.
Fagerdalsstølen
Fjordstølen
Gamle Østerbøsæter
Gnistebu
Innigardstølen
Kalvedalen
Kringlebotn
Kupa
Litlematrestølen
Myhre-sætra
Myrestølen
Nedre Måsedalen
Nordalen
Nye Østerbøsæter
Nystølen
Oslandstølen
Padøysæter
Skjerjevasshytta
Steindalssetra
Stordalen
Stussdalssetra
Totlandseter
Totlandseter
Øvre Måsedalen
|