Matre
- soga om bygda
Matrehola. Foto: Scandion.
Masfjorden vart sjølvstendig kommune i 1879, og
vart då utskild frå storkommunen Lindås. Kommunen er
liten når det gjeld folketal - berre 1695 - men den største
i Nordhordland når det gjeld areal, heile 550 km2.
Masfjorden er ein typisk vestlandsk fjord- og fjellkommune.
Han strekkjer seg frå skjergarden med idylliske holmar, øyar
og sund inn mot sjølve Masfjorden, som vert smalare og trongare
di lenger ein kjem inn mot botnen av fjorden - til Matre.
I Masfjorden finn ein i alt 310 vatn og 290 øyar.
Arkeologiske funn frå Matrehola fortel om busetnad i Matredalen heilt
attende til 700 år før Kristus.
Frå gamalt av var Matre ei lita bondebygd i botnen
av Masfjorden, - avsides og isolert, men med godt næringsgrunnlag
i :
- gardsbruk og stølsdrift, og med lauv og furuskog
- fisk frå fjorden og med laks og aure i elv og
vatn
- store fjellvidder med godt beite og høve til
jakt på storvilt og fugl.
Fjorden var einaste vegen til kyrkje og omverda elles,
- i båt, eller på isen om vinteren. Dei gamle måtte vere
dyktige i båt, både til å ro og segle. Ein båttur
frå Masfjorden til Bergen var 6 mil, og kunne ta frå 2 dagar
til 2 veker alt etter kor heldige dei var med vind og straum. Båten
var oftast det dei kalla slagkeipingar med råsegl og 4 eller 5 par
årar. Med seg frakta dei ved, smør, ost, kjøt og ymse
handverksprodukt. Det var vanleg å ta seg ei byferd to gonger i året,
ei før slåtten og ei før jul.
Damarbeid.
Foto: BKK
Industrien som nesten kom
På byrjinga av forrige århundre vart heile
Haugsdals- og Matrevassdraget kjøpt opp med tanke på kraftproduksjon
og storindustri. Det vart mellom anna bygd hotell, og A/S Matrefallene,
som kjøpte grunnen og vassrettane, byrja så smått med
førebuingane til kraftutbygginga.
Då krigen kom i 1914, stogga arbeidet opp. Norsk
Hydro kjøpte A/S Matrefallene i 1917, og dei held fram med bygging
av ein kraftstasjon i Matredalen. Men etter krigen vart det dårlege
tider att, og arbeidet med å reise storindustri på Matre stogga
opp for godt.
Matre vart eit kraftsenter likevel
Matre er bokstaveleg talt kraftsenteret i indre delen
av Masfjorden. Etter planar om kraft og industriutbygging heilt frå
byrjinga av forrige århundre, vart den tidlegare så fredlege
og idylliske bygda invadert av kraftutbyggarar i 1951. Dei to dalføra
Haugsdalsvassdraget og Matrevassdraget vart lagt i lange vasstunnelar og
førde fram til dei to kraftstasjonane i same hall 120 meter inne
i fjellet. I tillegg er det seinare bygd tre mindre kraftstasjonar oppe
i fjellet.
Matre i gamle dagar.
Tysk okkupasjon og russisk fangeleir
Då tyskarane invaderte Noreg i 1940, starta dei
straks å bygge festningsverk for kystartilleri, luftvernartilleri
og m.a. ein svær U-båtbunker på Laksevåg i Bergen.
Til dette trong dei mykje sand, og dette råstoffet
var det rikeleg av i Matre. Uttaket av sand vart sett i gong, og det var
ikkje få kubikkmeter som vart frakta til Bergen fram til slutten
av krigen.
I 1942 kom tyskarane til Matre med 200 russiske krigsfangar
og 30 fangevaktarar. Dermed hadde den tyske okkupasjonen også nådd
heilt ut til ei avsidesliggande lita fjordbygd.
Tyskarane rekvirerte dei to husa A/S Matrefallene hadde
bygd til funksjonærboligar. Der budde kommandanten og fangevaktarane,
medan ingeniørar og høgare offiserar på vitjing budde
på hotellet. Det vart bygd tre brakker til dei russiske krigsfangane.
Fire av krigsfangane vart drepne av tyskarane, og dei er i dag gravlagde
under ein stor stein på Solheim kyrkjegard.
Litt av Matre sett frå taubana til BKK. Foto: Scandion.
Ei lovande framtid
Frå å være ei avsidesliggande bygd
i enden av ein trong fjord, der båt var einaste framkomstmiddel -
er Matre i dag i sentrum som aldri før. Med vestlandets hovudfartsåre
E39 gjennom bygda er Bergen berre 90 minuttar unna. Med Havforskningsinstuttet
si nysatsing på utbygging og forskning, er bygda sikra nye og trygge
arbeidsplassar som lovar godt for framtida. |