Attraksjon
Forfatter: Øystein Økland
Eit typisk sel eller seterbu, slik som Bjørn West
- soldatane brukte til overnatting i Matrefjella under krigen, er flytta
frå Rødsetsetra innst i Hopsdalen til museet i Matre. Seterbua
er ei gåve frå Arne I. Hope.
Veteranar
i selsdøra: Frå venstre Eilert Eilertsen, Ronny Blendheim
og Fredrik Kayser.
Flyttinga og rehabiliteringa er ei gåve frå
BKK i samband med 50- årsmarkeringa for frigjeringa av Noreg. BKK
har ytt 100 000 kroner til dette arbeidet.
Søndag 20. august 1995, i samband med en årlege
Bjørn West-marsjen i Masfjordfjella, vart marsjdeltakarar og andre
inviterte til eit besøk i Bjørn West-museet i Matre. Formannen
i stiftinga Bjørn West, Jon Hope, stod for den formelle overtakinga.
Nestformann i BKK-styret, Johs. H. Fosse, helsa frå BKK.
Jonas Riisnes, ein av initiativtakarane til Bjørn
West-museet, kunne ved overrekkinga fortelje at slike sel i Matrefjella
vart mykje nytta av soldatane til overnatting. Seterbuene var små
og trange. Vanlegvis stod det berre ei seng, eit bord og ein omn i desse
sela. Men opptil 10 karar kunne overnatta her.
Fredrik Kayser helsar frå veteranane under markeringa
på Bjørn West-museet.
To til tre karar i senga, resten på golvet! Det
hende også at dei måtte sova på skift. Det var rett og
slett ikkje plass til alle. Det vert også fortalt at enkelte av desse
sela var så gisne at det lak frå taket når det vart fyrt
i omnen. Vatnet samla seg på golvet. Men karane visste råd.
Dei fyrte av eit skot mot golvet med pistolen, og vart kvitt vatnet gjennom
kulehola. Bjørn West-soldatane var heilt avhengige av desse sela
til overnatting. Idag overnattar soldatar gjerne i telt. Den gongen fantest
ikkje slik innkvartering.
BKK-NYTT august 1995. Foto: Kjell Harald Lunde |