Bjørn
West Muséet
Bjørn West Muséet er ei interkommunal
stifting som skal ta vare på, og gjere tilgjengeleg, soga om Bjørn
West. Museet skal også spreie kunnskap om den militære og lokale
motstandsrørsla i Bergen, Nordhordland og Ytre Sogn, og formidle
kunnskap om korleis folk levde under krigen.
På initiativ frå ungdomslaget Framstig i Nordbygda,
Masfjorden, vart ei utstilling om Bjørn West presentert i samfunnshuset
på Risnes 8. og 9. april 1988. Utstillinga vakte stor interesse og
vart m.a. sett av alle ungdomsskuleelevane i Gulen og Masfjorden.
I samband med utstillinga vart ein kulturkveld arrangert
9. april. Her sette Jonas Riisnes fram ideen om eit Bjørn West-museum.
Ei arbeidsgruppe etablerte seg som interimstyre for Masfjorden
sogelag som vart skipa 1. oktober 1988. Eitt av dei viktigaste måla
for sogelaget var å arbeide for eit museum.
Året etter vart ei arbeidsgruppe peika ut med representantar
frå Masfjorden sogelag. Foreningen Bjørn West, Lindås
sogelag og Osterøy museum. Denne la ved årsskifte 1989-1990
fram ein rapport med tilråding om å skipe eit Bjørn
West - museum som ei interkommunal stifting.
Eit interimstyre med representantar frå Gulen, Høyanger,
Osterøy museum, Foreningen Bjørn West og Masfjorden sogelag
arbeidde vidare med saka. Masfjorden kommune stilte vederlagsfritt eit
bustadhus med garasjar til disposisjon på Matre. Frå Hordaland
fylke fekk ein arkitekthjelp til å planleggje ominnreiing av huset.
Hausten 1991 starta dette arbeidet med økonomisk støtte frå
Miljøverndepartementet.
Bjørn West-museets venner vart skipa i april 1992
og løyvde same året 15000 kroner til museet. Saman med løyvingane
frå kommunane og Bergenhalvøens kommunale kraftselskap hadde
ein 120.000 kroner til disposisjon.
Utstillingane vart montert i 1992 i samarbeid med Forsvarsmuseet
og andre rådgjevarar. Museet vart mellombels opna til Bjørn
Westmarsjen 23. august 1992. Sidan opninga har ca. 7000 menneske vitja
museet.
22. mars 1993 vart Bjørn West-museet skipa som
ei interkommunal stifting med styrerepresentantar frå Gulen, Masfjorden,
Lindås, Osterøy, Modalen, Masfjorden sogelag og Bjørn
West-museets venner.
Til å forebu 50- årsmarkeringa for Bjørn
West, og offisiell opning av museet, valde styret ei arbeidsgruppe med
Jonas Riisnes som leiar. |